Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Orden (lat. ordo) er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein orden kan omfatte ein eller fleire skylde familiar, og ein eller fleire nærskylde ordenar kan samanfattast som ein klasse.

Ulike biologiske kategoriar i høve til kvarandre.

Som for andre kategoriar (med unnatak av arten) er det eit reint skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle orden.Innanfor systematikken er ein derfor no meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

Vitskapelege namn for planteordenar blir danna ved at rota av namnet på typeslekta får endinga -ales, underordenar har endinga -ineae. I zoologien finst det ikkje tilsvarande reglar, sjølv om mange insektordenar sluttar på -ptera og mange virveldyrordenar-formes.

Kjelder

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Biologisk orden, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.