Duefuglar er ein biologisk orden, Columbiformes, med nolevande fuglar frå ein familie: Dei talrike og vidspreidde duene, Columbidae.
Duefuglar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Duefuglar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Columbimorphae |
Orden: | Duefuglar Columbiformes Leach, 1820 |
Duene har eit kranium som minner om det på måsar. Brystmuskulaturen er kraftig og baktærne velutvikla. Fjørene sit laust og manglar dun, i staden er dekkefjøra dunaktige.
Dei et særleg frø og har ei velutvikla kro. Nasebora kan stengast og dei kan drikka utan å løfta hovudet.
Sandhønsfamilien var tidlegare rekna til denne ordenen, men er seinare blitt skilde ut i den eigne ordenen Pteroclidiformes. Dei no utdøydde drontane, Raphidae, var òg medlem av ordenen duefuglar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Duefuglar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.