Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Biologisk klasse er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ein klasse kan omfatte ein eller fleire skylde ordenar, og ein eller fleire skylde klassar blir samanfatta som ei rekkje.

I likskap med andre kategoriar (med unnatak av art) er det eit reint skjønnsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle ei klasse.I dag er systematikken derfor meir opptatt av slektskapet mellom organismar eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ein klasse danna ved at rota til namnet på typusslekta får endinga -phyceae (for algar), -opsida (for landplanter) eller -mycetes (for soppar). Dei tilsvarande endingane for underklasser er -phycidae, -idae og -mycetidae.

Kjelde

Omsett frå Wikipedia på riksmål/bokmål

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Biologisk klasse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.