Art: Taksonomisk rang

Arten (latin species) er ei av dei mest grunnleggjande einingane inna biologisk systematikk.

Ein art er ei gruppe liknande individ og blir gjerne definert som organismar som kan formeira seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom.

Eit levande vesen høyrer til ein, og berre ein art. Denne har eit særskild vitskapleg namn sett saman av slektnamnet og det særeigne artsnamnet. Mennesket har til dømes artsnamnet Homo sapiens, der Homo viser til heile slekta av menneskeliknande menneskeapar som har eksistert tidlegare, medan sapiens berre viser til menneskja.

Definisjon

Art: Taksonomisk rang 
Hannen og hoa av stokkand ser ikkje ut som om dei høyrer til same art.

Opphavleg var ein art definert som ei gruppe organismar som var like. Dette skapte problem, ettersom det alltid vil finnast variasjonar innan ein art. Det finst òg mange døme på at hoer og hannar ser heilt ulike ut. I tillegg kan populasjonar som ikkje er i slekt i det heile tatt likna på kvarandre.

Omgrepet art har vore heftig diskutert gjennom tidene, og det er framleis sterk usemje og diskusjonar kring kva kriterium ein skal leggje til grunn for omgrepet. Usemja synes så stor at det er lite truleg at ein nokon sinne vil komme fram til ein definisjon som er universell for alle organismar, inkludert hybridar, polyploidar og asexuelle organismar.

Definisjonen av ein art som organismar som kan få forplantingsdyktig avkom saman blei først lagt fram av Ernst Mayr i 1942. Dette er det biologiske artsomgrepet. Denne definisjonen er ein av dei som er brukt i dag, men han er òg problematisk. For det første gjeld han berre for kjønna formeiring. For organismar som reproduserer seg utan kjønn er ikkje art definert i dette artsomgrepet. For det andre kan kryssingar skje mellom svært ulike organismar under særskilde høve; nokre av desse hybridane kan forplanta seg vidare. Eit døme på dette er kryssinga av tiur og orrfugl; rakkelhøns.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Art: Taksonomisk rang  Commons har multimedium som gjeld: Art

Tags:

Biologisk systematikkFormeiringIndividLatinOrganismar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VM i friidrett 1983TausDonald DuckLike-til-likeRusslandEventyrFlåklypa Grand PrixListe over primtalTysklandSymbol i hinduismenHaaretzNasjonaldrikkSkiáthosMengdClaudio MonteverdiLeksikonSpedbarnAkhelóos i KardítsaDogs av Pink FloydCelsiusAlf-Inge HålandFuerteventuraSiderHarald EiaFylkesveg 751Richie FaulknerO helga nattJonsokSpekkhoggarHaikuBuddhistiske høgtiderImplisitt og eksplisitt funksjonByar i HellasYuan-dynastietPeriklesTrabzonPeter GabrielAtle HansenWiki CommonsOrVerdas lengste skihoppOksygenKlanenTelt2019Petter NorthugZinédine ZidaneOsloPungrevLofotenMouzákiVik kommuneStrategispelRaudstrupeJemenVoss heradNynorsk WikipediaForvandlingaZagorá-MourésiSagaen om IsfolketAfrikaUkrainsk kulturNo-dramaFelix MendelssohnDet internasjonale fonetiske alfabetetGustav ValsvikMaiken Caspersen FallaNykøbing MorsSong-dynastietAust-ArjithéaRudolf BlodstrupmoenHjort🡆 More