Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Orrfugl

Orrfugl: Fugleart

Orrfugl
Orrhøne
Orrhøne
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Orrfugl
Utbreiinga av Orrfugl
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Klasse:Fuglar Aves
Orden:Hønsefuglar Galliformes
Familie:Fasanfamilien Phasianidae
Slekt:Lyrurus
Art:Orrfugl L. tetrix
Vitskapleg namn
Lyrurus tetrix

Orrfugl (Tetrao tetrix) er ein fugleart av skogshøns.[2]

Kjenneteikn

Det er stor skilnad på høna og hanen. Høna er brunspragla. Hanen er nærmast svart med blåskinnande fjør på brystet. Halen er lyreforma, og det kvite vengjespelet er lett å kjenne igjen under flukt. Hanen veg mellom 1 og 1,5 kg og er om lag 53 cm lang.

 
Orrfuglegg.

Forplanting

Orrhanespelet (orrleiken) er innleiinga til forplantinga. Den er tidleg på våren og skjer på islagte vatn og opne myrar. På linje med storfuglen er orrfuglen polygam. Parringa skjer på spelplassen i mai. Høna legg 8-9 egg i eit reir på bakken og ho ruger dei ut på 25-27 dagar.

Forvekslingsart

Orrfugl kan vanskeleg forvekslast med andre fuglar, men hofuglen kan likne på røya (storfuglhoa).

Åtferd

Kulla held saman heile sommaren. Utover hausten er dei meir spreidd. Vinterstid går dei ofte saman igjen i små flokkar og då beitande i bjørkeskogen. Ved kraftig snøver går dei ofte i dokk, slik som rypene.

Utbreiing

Orrfuglen held til i skogsområde i heile landet, men sjeldan i Finnmark. Orrfuglen likar seg helst i litt meir opent lende enn storfuglen. Lyngrabbar og og myrparti trivst dei god i. I barmarksessongen er bær viktigaste føde, om vinteren tar dei opp mot bjørkeskoggrensa for å beite på skota.

Jakt

Orrfuglen er jaktbar og kjent for godt kjøtt. Årleg vert det felt om lag 30 000 orrfugl i Noreg.

Galleri

Kjelder

    Referansar
  1. Stokke BG; Dale S; Jacobsen K-O; Lislevand T; Solvang R; Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av orrfugl Lyrurus tetrix for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orrfugl

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Orrfugl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.