Zinédine Zidane: Fransk fotballspelar

Zinédine Yazid Zidane (fødd 23.

juni 1972 i Marseille) er ein tidlegare fransk fotballspelar. Han spelte for den spanske klubben Real Madrid og det franske landslaget og vart rekna som ein av dei beste på begge laga, og i verda generelt. Han har i fleire år fått tittelen årets spelar, og vert av mange sett på som ein av de beste spelarane gjennom tidene. Han var med på å sikre Frankrike gull både i VM 1998 og EM 2000.

Zinedine Zidane
Zinédine Zidane: Fransk fotballspelar
Personleg informasjon
Fullt namn Zinédine Yazid Zidane
Fødselsdato 23. juni 1972
Fødestad Marseille i Frankrike
Høgd 185 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Real Madrid (trenar)
Nummer 5 (Real Madrid)
21 (Juventus)
10 (Frankrike)
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1989-1992 Cannes 61 (6)
1992-1996 Bordeaux 139 (26)
1996-2001 Juventus 151 (24)
2001-2006 Real Madrid 155 (37)
Totalt 506 (95)
Landslag
1994-2006 Frankrike 108 (31)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Zinedine Zidane var den første som brukte «zidane-finta», og vert rekna som skaparen av henne.

Med Real Madrid har han vunne Champions League i sesongen 2001/2002 og det spanske meisterskapet i 2002/2003.

Han har tidlegare spelt for den italienske klubben Juventus der han var med på vinne Serie A i 1996/1997. Før han kom til Juventus, spelte han for dei franske klubbene AS Cannes og Bordeaux.

Tre gonger har han vorte kåra til den beste fotballspelaren i verda (1998, 2000 og 2003). Han har fått utmerkinga som den nest beste spelaren nokon sinne i Europa (etter Johan Cruijff).

Zidane er muslim med algeriske røter. I tillegg til å utmerke seg som fotballspelar, har Zidane òg vist sterkt sosialt engasjement. Ein gong i året spelar han ein kamp der dei beste spelarane i verda deltar og inntektene går til fattige barn i Afrika.

Zidane fortalte 17. januar 2006 at han hadde bestemt seg for å legge opp etter fotball-VM i Tyskland, eitt år før kontrakten hans går ut.

Fotball-VM i 2006

Zidane scora 3-1-målet for Frankrike mot Spania på overtid i åttandedelsfinalen i VM 2006 i Tyskland.

Frankrike kom til finalen mot Italia. Dette var ein særs jamn kamp som vart avgjort med straffespark. I andre ekstraomgang vart Zinedine Zidane utvist for å ha skalla ned motstandaren Marco Materazzi. Årsaka til skallinga skal ha vore at Materazzi snakka stygt om familien til Zidane fleire gonger. Dette er vorte stadfesta av begge under intervju. Tass i dette kåra FIFA han til den beste spelaren i VM 2006.

Zidane fekk tre kampar karantene og 40 000 kr i bot. Sidan Zidane hadde lagt opp, foreslo franskmannen å gjere tre dagars arbeid for FIFA sine aktivitetar for barn og unge.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

197223. juniEM i fotball 2000FotballFrankrikeMarseilleReal MadridSpaniaVM i fotball 1998

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KristningDen gregorianske kalenderenRaylee2001Den sørlege regionen i Etiopia2015Einar FørdeInternasjonal telefonkodeBjordalPyramidekabalAsbjørnsen og MoeCarl Philip av SverigeAleksandr TkatsjovMorten SandøySnømyrkreDet tyske herrelandslaget i fotballVerdas språk etter utbreiingNobelprisen i litteraturBrusselIngunn YssenSkulpturen LaksenDag IngebrigtsenAlderspensjonAudhumblaPåskeGodzillaHjortetakksaltPåskeøyaCanadaVictoria av StorbritanniaHundorp1960AsteroidemåneÄlvdalens kommunTrepunktsopphengBrad PittGolgataOlav II av NoregFred AstaireErik FollestadÆrfuglMalleChristian Holberg Gran OlsenJonas Strand GravliRakiaSogndal kommuneAddis AbebaThornton WilderLasse KjusKjerringLitauenHeilage NikolasDet indiske kastesystemetElisabeth AndreassenMaputoMS «Queen Elizabeth 2»Anette Hovind JohansenGabrielBronkiektasiOslo kommuneLill LindforsGeorgiaFri programvareGunnhild SundliNasjonalplantarHalelause padderSaltÅttringRussararMånenVendlandEirik RaudeÅrdal kommuneAbkhasiaDei sørlege NederlandaHundreHalsnøy🡆 More