Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Livskraftig

Nynorsk editions of Wiki, an online encyclopedia

Livskraftig, standardforkorting LC for engelsk Least concern, er eit omgrep brukt innan raudlisting av artar. At ein art er «livskraftig» tyder at han er vurdert og ikkje rekna som truga. Global raudliste frå 2006 hadde 15 636 oppføringar under «livskraftig».

Purpurhegre er ein livskratig fugleart som lever i Asia og Europa.

Artar som ikkje er rekna som livskraftige kan anten vera truga i ein eller annan grad, eller ein kan mangla data på dei. I nokre høve kan også «livskraftige» artar likevel vera truga, anten innanfor eit mindre område (som Noreg), eller fordi tilstanden deira har endra seg sidan siste vurdering (som i nokre høve kan gå tilbake til 2000) og ikkje blitt oppdatert.

Nær truga artar

Nokre artar kan ikkje kallast truga, men er heller ikkje heilt livskraftige. Desse blir kalla «nær truga» (NT, Near Threatened). Artar som ligg nær nokre av kriteria for sårbare artar, eller artar som er avhengige av tiltak for ikkje å bli truga, kan reknast som nær truga.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (Study in China) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.
This article uses material from the Wikipedia article Livskraftig, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.