Donald Duck er ein teikneseriefigur som første gong vart bruka i Disney-filmen The wise little hen (Den vesle kloke høna), som kom 9.
juni">9. juni 1934. Han spelar hovudrolla i Donald Duck & Co, som har kome ut sidan 1948 og er det mest selde teikneseriebladet i Noreg.
På 40-talet gjorde Carl Barks Donald om frå ein stor hissigpropp utan sjølvstendig tenkjesett, til ei and med familie, kvardagsproblem og eventyrlyst. I Barks sine seriar, som dei fleste nyare forteljarar grunnar på, bur Donald i Andeby saman med sine tre nevøar Ole, Dole og Doffen Duck. Donald er sjølv nevø av Skrue McDuck, den rikaste mannen i Andeby og moglegvis i heile verda. Donald er kjærast med Dolly Duck, men må heile tida kjempa for å behalda ho mot sin eigen griseheldige fetter Anton Duck (òg kjend som Anton Antonsen).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Donald Duck, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.