O helga natt

O helga natt: Franskspråkleg julesong frå 1800-talet, tekst skriven av Placide Cappeau og tonesett av Adolphe Adam

«O helga natt» (fransk originaltittel «Minuit, Chrétiens») er ein kristen, opphavleg franskspråkleg, julesong frå 1800-talet. Teksten blei skriven av Placide Cappeau og tonesett av Adolphe Adam. Han hadde premiere i 1847.

«O helga natt» (pianosolo)

Tekst og omsetjingar

 
Tittelsida til Adolphe Adam sin komposisjon.

Teksten blei skriven av Placide Cappeau, ein vinhandlar og diktar frå Roquemaure i Gard sør i Frankrike. Han blei oppmoda til å skriva ein julesong av presten i heimbyen i samband med restaureringa av kyrkja der. Cappeau arbeidde på songen i nokre år, mellom anna under dei lange forretningsreisene sine med diligence til Paris. Songaren Emily Laurey tok versa til komponisten Adolphe Adam, som ho kjende frå tidlegare samarbeid.[1]Han skreiv musikken på nokre dagar, og Laurey kunne framføra songen for første gong under midnattsmessa i Roquemaure den 24. desember 1847.[2][3]

På fransk blei songen kalla 'Adams julesong' etter opphavsmannen Adolphe Adam, som òg er kjend for musikken til balletten Giselle. Komponisten omtalte sjølv songen som 'den religiøse Marseillaisen', la Marseillaise religieuse.[2]

Songen blei svært populær i Frankrike, og blei framført både i kyrkjer og «på gatene, i salongane og på kafé-konsertar».[a] Den kyrkjelege bruken av songen blei kritisert. Sjølv ønska forfattaren Placide Cappeau seinare å endra det første verset til å betre representera fritenkinga si, og i staden for å nemna Gud Fader og arvesynd, i staden vektleggja «dei gode nyhenda» og «kjærleiksloven».[2]

I 1855 gav den amerikanske unitariske presten John Sullivan Dwight ut si engelske omsetjing som «O Holy Night».

Den svenske teksten byggjer på den engelske tittelen, men følgjer også originalen nokså tett. Det svenske 1. og 3. verset blei trykt i EFS-songboka Sionstoner i 1889. Seinare skreiv Augustin Kock svensk tekst til vers 2.

Songen er omsett til norsk som «Julesang» av signaturen «O.S.» og som «Kom julenatt» av Arve Sigvaldsen.

Bruk og framføring

Songen vert ofte sungen solistisk. I Sverige er han ein klassikar på juleplater og blir gjerne brukt til å avslutta julekonsertar. Best kjend er versjonen sungen av Jussi Björling, som blir spelt kvart år på Sveriges Radio P3 og P4 som første song etter midnatt på julaftan.

Tekst

Fransk originaltekst

Placide Cappeau sin «Cantique de Noël»Bokstaveleg omsetjing til engelsk
    Minuit, chrétiens, c'est l'heure solennelle,
    Où l'Homme Dieu descendit jusqu'à nous
    Pour effacer la tache originelle
    Et de Son Père arrêter le courroux.
    Le monde entier tressaille d'espérance
    En cette nuit qui lui donne un Sauveur.
      Peuple à genoux, attends ta délivrance.
      Noël, Noël, voici le Rédempteur,
      Noël, Noël, voici le Rédempteur!
    De notre foi que la lumière ardente
    Nous guide tous au berceau de l'Enfant,
    Comme autrefois une étoile brillante
    Y conduisit les chefs de l'Orient.
    Le Roi des rois naît dans une humble crèche:
    Puissants du jour, fiers de votre grandeur,
      A votre orgueil, c'est de là que Dieu prêche.
      Courbez vos fronts devant le Rédempteur.
      Courbez vos fronts devant le Rédempteur.
    Le Rédempteur a brisé toute entrave:
    La terre est libre, et le ciel est ouvert.
    Il voit un frère où n'était qu'un esclave,
    L'amour unit ceux qu'enchaînait le fer.
    Qui lui dira notre reconnaissance,
    C'est pour nous tous qu'il naît, qu'il souffre et meurt.
      Peuple debout! Chante ta délivrance,
      Noël, Noël, chantons le Rédempteur,
      Noël, Noël, chantons le Rédempteur!
    Midnight, Christians, is the solemn hour,
    When God as man descended unto us
    To erase the stain of original sin
    And to end the wrath of His Father.
    The entire world thrills with hope
    On this night that gives it a Saviour.
      People, kneel down, await your deliverance.
      Christmas, Christmas, here is the Redeemer,
      Christmas, Christmas, here is the Redeemer!
    May the ardent light of our Faith
    Guide us all to the cradle of the infant,
    As in ancient times a brilliant star
    Guided the Oriental kings there.
    The King of Kings was born in a humble manger;
    O mighty ones of today, proud of your greatness,
      It is to your pride that God preaches.
      Bow your heads before the Redeemer!
      Bow your heads before the Redeemer!
    The Redeemer has broken every bond:
    The Earth is free, and Heaven is open.
    He sees a brother where there was only a slave,
    Love unites those that iron had chained.
    Who will tell Him of our gratitude,
    For all of us He is born, He suffers and dies.
      People, stand up! Sing of your deliverance,
      Christmas, Christmas, sing of the Redeemer,
      Christmas, Christmas, sing of the Redeemer!
Cappeau sitt alternative førstevers[2]

Minuit, chrétiens, c’est l’heure solennelle,
Où dans l’heureux Bethléem, vint au jour
Le messager de la bonne nouvelle
Qui fit, des lois de sang, la loi d’amour.

Engelsk tekst

Omsetjing av John Sullivan Dwight
    O holy night! The stars are brightly shining,
    It is the night of our dear Saviour's birth.
    Long lay the world in sin and error pining,
    Till He appear'd and the soul felt its worth.
    A thrill of hope, the weary world rejoices,
    For yonder breaks a new and glorious morn.
      Fall on your knees! O hear the angel voices!
      O night divine, O night when Christ was born;
      O night divine, O night, O night Divine.
    Led by the light of Faith serenely beaming,
    With glowing hearts by His cradle we stand.
    So led by light of a star sweetly gleaming,
    Here come the wise men from the Orient land.
    The King of Kings lay thus in lowly manger;
    In all our trials born to be our friend.
      He knows our need, to our weaknesses no stranger,
      Behold your King! Before Him lowly bend!
      Behold your King, Before Him lowly bend!
    Truly He taught us to love one another;
    His law is love and His gospel is peace.
    Chains shall He break for the slave is our brother;
    And in His name all oppression shall cease.
    Sweet hymns of joy in grateful chorus raise we,
    Let all within us praise His holy name.
      Christ is the Lord! O praise His Name forever,
      His power and glory evermore proclaim.
      His power and glory evermore proclaim.

Svensk tekst

O helga natt

    O helga natt, o helga stund för världen,
    då Gudamänskan till jorden steg ned!
    För att försona världens brott och synder,
    för oss han dödens smärta led.
    Och hoppets stråle går igenom världen,
    och ljuset skimrar över land och hav.
      Folk, fall nu neder, och hälsa glatt din frihet.
      O helga natt, du frälsning åt oss gav.
      O helga natt, du frälsning åt oss gav.
    Ty frälsar'n krossat våra tunga bojor.
    Vår jord är fri, himlen öppen nu är
    Uti din slav du ser en älskad broder,
    och se, din ovän skall bli dig så kär.
    Från himlen bragte frälsaren oss friden,
    för oss han nedsteg i sin stilla grav.
      Folk, fall nu neder, och hälsa glatt din frihet.
      O helga natt, du frälsning åt oss gav.
      O helga natt, du frälsning åt oss gav.

Utgjevingar i songbøker

  • Nummer 22 i EFS-songboka Sionstoner (1889)
  • Nummer 100 i Metodistkyrkans psalmbok (1896) under overskrifta «Kristi ankomst och födelse».
  • Nummer 33 i Svenska Frälsningsarméns sångbok (1922) under overskrifta «Högtider, Jul».
  • Nummer 157 i Sionstoner (1935) under overskrifta «Jul».
  • Nummer 33 i Guds lov (1935) under overskrifta «Advents- och julsånger».
  • Julens önskesångbok (1997) under overskrifta «Traditionella julsånger».

Nokre innspelingar

  • 1899 Gustaf Sjöberg, bass med piano.[4] Nyutgjeven 2006.[5]
  • 1903 Pol Plancon, bass med piano. Nyutgjeven 1990-tal/2007.
  • 1905 «Minuit Chrétiens (Cantique pour Noël)» med Joseph Saucier
  • 1907 John Forsell, baryton, Kungliga hovkapellet under leiing av Armas Järnefelt.
  • 1908 Halfdan Rode med orgel (Gramophone 2-82656, Gramophone 282207 og Gramophone X 1460)
  • ca. 1916 Enrico Caruso, nyutgjeven.
  • 1932 «Julesang». Øivind Lunde med strykekvintett, Parlophon på 78-platen B. 41157
  • 1959 «O helga natt» med Jussi Björling
  • 1968: Mireille Mathieu med faren Roger Mathieu på Chante Noël[6]
  • 1987 Glade Jul med Sissel Kyrkjebø (svenskspråkleg versjon)
  • 1992: «O Holy Night» avBill Pinkney med The Drifters på White Christmas Compilation.[7]
  • 1993 Julestemninger med Elisabeth Andreasson
  • 1993: David Foster arrangerte og produserte «O Holy Night» for fleire artistar med stor suksess. Han blei mellom anna gjeve ut av:
    • 1999: Michael Crawford framførte songen i fjernsynsporgrammet The David Foster Christmas Album og albumet som høyrte til (nådde 48.-plassen på Billboard Top 200).[8] og på hans eige A Christmas Album (98.-plassen)[9]
    • 1999: Trans-Siberian Orchestra på sin jule-DVD The Ghosts of Christmas Eve, som selde til platina.[10]
    • 2002: Josh Groban (førsteplassen på Billboard Adult Contemporary).[9][11]
    • 2004: Celine Dion[12] på albumet These Are Special Times, som selde til fem goner platina.[13]
    • 2009: Andrea BocelliMy Christmas, som selde til to gonger platina.[14]
  • 1996: John Berry, som nådde 55. plassen på Billboard-lista Hot Country Songs.[15]
  • 1997: Martina McBride nådde 74.-plassen på Hot Country Songs i 1997, 67. plass i 1998, 49. plass i 1999, 57. plass i 2000 og 41. plass i 2001).[16]
  • 1999 Home For Christmas med Anne-Sofie von Otter (franskspråkleg version)
  • 2006: Josh Gracin nådde 59.-plassen på Hot Country Songs chart.[17]
  • 2007 «En Hellig Natt (O Helga Natt)» med Hanne Krogh
  • 2011 «Kom julenatt» med Alexandru

Merknadar

  1. On le chante dans les rues, dans les salons, dans les cafés-concerts. Revue de musique sacrée, 1864.[2]

Kjelder

  1. Marc Pasteger; Séverine Pasteger (2015), Les plus belles histoires vraies de Noël: Magiques mais véridiques, Primento 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Denis Havard de la Montagne, Minuit, chrétiens, une partition d'Adolphe Adam, Musica et Memoria, henta 13. desember 2016 
  3. Origine gardoise de « Minuit, chrétiens », nemausensis.com, henta 13. desember 2017 
  4. «Svensk mediedatabas». Henta 15. desember 2011. 
  5. «Svensk mediedatabas». Henta 15. desember 2011. 
  6. «Mireille Mathieu – Mireille Mathieu Chante Noël (CD, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 11. desember 2013. 
  7. «CD Album – Various Artistes – White Christmas, Volume 1 – Wisepack UK». 45worlds website. Henta 8 December 2017. 
  8. http://www.musicarchivevault.com, (subscription required)
  9. 9,0 9,1 «Billboard Singles Charts | Record Research MusicVault». Musicarchivevault.com. Henta 11. desember 2013. 
  10. «Top Annual Winter Holiday Tour To Kick Off November 6». Trans-siberian.com. Henta 11. desember 2013. [daud lenkje]
  11. «That Josh Groban Guy». That Josh Groban Guy. Henta 11. desember 2013. 
  12. Edison Research 2004 seasonal song test poll results[daud lenkje]
  13. searchable RIAA database
  14. «Italian tenor’s album sales top five million – Thaindian News». Thaindian.com. 30. desember 2009. Arkivert frå originalen 2010-06-12. Henta 11. desember 2013. 
  15. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 49. ISBN 0-89820-177-2. 
  16. Whitburn, p. 263
  17. Whitburn, p. 166

Bakgrunnsstoff

This article uses material from the Wikipedia article O helga natt, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.