Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Rekkje er ein kategori nytta i den biologiske systematikken. Ei rekkje kan omfatte ein eller fleire nærskylde klassar, og ei eller fleire nærskylde rekkjer kan samanfattast som rike. I botanikken blir rekkjer av og til omtala som avdelingar eller divisjonar. Av og til blir og fylum (etter den latinske omgrepet for rekkje, phylum) brukt.

I likskap med andre biologiske taksa (med mogleg unnatak av arten) er det eit rent skjønsspørsmål kva gruppe ein vel å kalle rekkje. Innanfor dagens systematikk er ein derfor meir opptatt av slektskapen mellom organismane eller stamtre enn av kategoriar.

I botanikken blir det vitskapelege namnet for ei rekkje danna ved at rota av namnet på typusslekta får endinga -phyta (for alger og landplantar) eller -mycota (for soppar).Dei tilsvarande endingane for underrekkjer er -phytina og -mycotina.

Kjelde

Artikkelen er omsett frå Wikipedia på riksmål/bokmål

This article uses material from the Wikipedia article Biologisk rekkje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.