Pollachius | |
Sei, Pollachius virens | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Strålefinnefiskar Actinopterygii |
Orden: | Torskefisk Gadiformes |
Familie: | Torskefamilien Gadidae |
Underfamilie: | †Gadinae |
Slekt: | †Pollachius Nilsson, 1832 |
Pollachius er ei slekt i torskefamilien som omfattar dei to artane lyr og sei (pale). Desse fiskane kan begge bli rundt ein meter lang og har ei sølvfarga sidelinje. Dei held til i Nord-Atlanteren, sei både i aust ved Europa og i vest ved Amerika. Begge er matfisk rekna som kvitfisk.
Sei og lyr blir ofte steikte. I Noreg blir dei også mykje bruk til fiskekaker. På Shetland kler ein gjerne ungfisk i havre og steiker dei. På Orknøyane har ein tradisjonelt salta og tørka årsgamle fisk over torvbål. Salta og røykt fisk kan få ein lakseliknande raudfarge, og blir selt i Tyskland som Seelachs, 'sjølaks'. I Korea kan ein frysa og tine fisken fleire gonger for å få retten hwangtae, halvtørka han for å få ko-da-ri, eller tørka han heilt og eta han som book-o.
Fisk i slekta Theragra (som berlevågfisk) blei tidlegare rekna til Pollachius. På engelsk er dei kjende under namnet pollock, som òg viser til sei og lyr. Polartorsk (Boreogadus saida) blei òg tidlegare rekna til slekta.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pollachius, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.