Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English
Virveldyr
Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris).
Skjelett av virveldyret kvitnos (Lagenorhynchus albirostris).
Systematikk
Rike:Dyr Animalia
Underrike:Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike:Deuterostome dyr Deuterostomia
Rekkje:Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje:Virveldyr Vertebrata
Cuvier, 1812

Virveldyr, ryggbeinsdyr eller ryggradsdyr (Vertebrata) er den største gruppa innan ryggstrengdyr, med om lag 60 000 artar, og inneheld blant anna menneske. Ho er den best undersøkte dyregruppa, men totalt sett er ho nokså liten — berre 5 % av alle kjende artar, og ein halv prosent av alle antatte artar, er virveldyr.

Virveldyra skil seg frå resten av ryggstrengdyra ved at dei har danna ein ryggsøyle av brusk eller bein. Dei fleste har òg utvikla to par lemmer og ein hjernekasse.

Ein har spora virveldyr tilbake til ostracodermiar, primitive fiskar som levde under silurtida (444–409 millionar år sidan), og til conodontar, ei gruppe ålaktige dyr som hadde fleire par beinete tannplater.

Eigenskapar

Fleire endringar oppstod i stamarten til alle virveldyra, og har halde seg i meir elle mindre uendra form:

  • Eit indre bruskskjelett som verna om sanseorgana, svelget og ryggstrengen. Stamarten til virveldyra hadde òg beinplater i huda, eit såkalla dermalskjelett.
  • Gjellene blei til andedrettsorgan. Gjellene som hadde oppstått i den tidlegare stamarten til deuterostomiane hadde hatt som funksjonen å leia vatnet som hamna i tarmen under næringsopptak ut.

Inndeling

Virveldyra kan delast inn i grupper ut frå slektskap:

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Virveldyr

This article uses material from the Wikipedia article Virveldyr, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.