Ekorn: Pattedyrart

Raudt ekorn, eller berre ekorn, ikorn eller trebjørn, er ein gnagar i ekornfamilien, og er eit trelevande dyr med stor hårete hale.

Ekorn
Ekorn
Ekorn
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av ekorn
Utbreiinga av ekorn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Gnagarar Rodentia
Familie: Ekornfamilien Sciuridae
Underfamilie: Sciurinae
Stamme: Sciurini
Slekt: Sciurus
Art: Ekorn S. vulgaris
Vitskapleg namn
Sciurus vulgaris

Det lever på nøtter, røter, frø og knoppar, men kan òg ta egg og fugleungar i hekkesesongen. Mellom dei naturlege fiendane til ekornet kan me nemna måren.

Skildring

Ekornet kan variere i vekt frå 200 til 400 gram. Totallengda er 39–43 cm. Halen er 17–19 cm lang og buskete. Framføtene på ekornet er om lag 3,5 cm lange og om lag 1–1,5 cm breie, bakføtene er om lag 5,5 cm lange og om lag 2–2,5 cm breie.

Ekorn kan bli 10 til 15 år gamle. Dei er utbreidde i alle skogstrøk i landet.

Vinterpels

Ekorn: Skildring, Forplanting, Utbreiing 
Ekorn i snøen i Finland.

Vinterpelsen er meir gråaktig. Denne har vore nytta som pelsverk under namnet «gråverk». Pelsskiftet om våren tek til i april, først på buken, så over sidene og opp på ryggen. I mai er sommarpelsen ferdig, men hårduskane på øyra og pelsen på halsen blir ikkje skift før i juni.

Forplanting

Etter paringa ber ekornet foster i fire–fem veker. Vanleg fødetid er februar–mai. Av og til kan ekornet få to kull. Det andre kullet kjem oftast i juli–august. Ekornet får tre–sju ungar i kullet. Ungane er utan hår, og auga opna seg ikkje før det er gått ti døgn.

Ungane syg mora i 27–32 døgn. Blir mora forstyrra når ho har ungar i reiret, flytter ho dei med ein gong til eit av reservereira.

Utbreiing

Ekornet trivst best i granskog og er eit typisk dagdyr. Her finn det nøtter, frø og røter som er den vanlegaste maten. Om sommaren kan ekornet ta både fugleegg og ungar. Sjølv kan det lett bli eit bytte for måren.

Om vinteren ligg det ofte i ro døgnet rundt, men om våren vaknar det til liv og hoppar frå tre til tre på jakt etter mat.

Artsstatus

Det raude ekornet er verna i store delar av Europa, og var klassifisert som Near Threatened, nesten truga, på den internasjonale raudlista, i 2002, men vert per 2010 ikkje lenger rekna som truga i global målestokk. Nokre stader finst det store bestandar som ein kan driva jakt på for skinnet. Andre stader er dyret i sterk tilbakegang. Dette gjeld særleg Storbritannia, der det raude ekornet forsvinn til fordel for det innførte gråekornet frå Nord-Amerika. Gråekornet utkonkurrerer det raude ekornet av ulike grunnar, mellom anna ved at det er betre tilpassa naturmiljøet i England og ved at det ber eit parapoxvirus som ikkje skadar det, men som drep raude ekorn.

Det er i dag under 200 000 individ av raudekorn igjen i Storbritannia, og opptil 3/4 av desse held til i Skottland, der barskogen gjev dei betre livsgrunnlag. Ein fryktar at det same kan skje i fastlandseuropa om gråekorna spreier seg dit. To par gråekorn som rømde i italienske Piemonte i 1948 har allereie ført til nedgang av raude ekorn i dette området.

Sjå au

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff


Tags:

Ekorn SkildringEkorn ForplantingEkorn UtbreiingEkorn Sjå auEkorn KjelderEkorn BakgrunnsstoffEkornEkornfamilienHaleMår

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

MånenItaliaMahatma GandhiBerlinblokadenIltalehtiFrozenEli Kari GjengedalDas KapitalUrfolkSymbolGrunnstoffet tinnTsjasiv JarAfghanistanVerktøyet filMEnglandIranVerkstadSjakkWikimediaHlíðarfjallMouzákiEØSTeltNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973Den muslimske verdaStord kommuneMetéoraPungrevCharlène av MonacoWikiBjørnøyaCarles PuigdemontEnrico CarusoVossamålLagerthaGrønEli Skolmen RygSjuårskrigenHindugudarYuan-dynastietTausIvar AasenBloggJaroslav SakalaMuscatHarry PotterKoparGoogleVisentMusculus latissimus dorsiJan MayenRimValdresKirkeristenJa, vi elsker dette landetAbdusamet YigitSoparNM i bryting 1974Helena BrodtkorbFriksjonVoss heradLarvik kommuneFeilslutningChristianiaNSDAPAlta-Kautokeino-vassdragetTerje StrømdahlMarit BjørgenNorsk folkedans🡆 More