Artsdatabanken er ein norsk, statleg organisasjon som hentar inn og samanstiller informasjon og data om norsk naturmangfald.
Denne kunnskapen blir gjord tilgjengeleg for heile samfunnet. Artsdatabanken vert omtala som «ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald». Organisasjonen kom i drift i 2005.
Artsdatabanken | |||
Type | organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 919666102 | ||
Hovudkontor | Trondheim | ||
Leiar | Bror Yngve Rahm | ||
Tilsette | 33 (2019) | ||
Nettstad | https://www.artsdatabanken.no |
Artsdatabanken si oppgåve er primært å skaffe til vege kunnskap som kan brukast til å styrkje ei kunnskapsbasert naturforvalting i Noreg, i tråd med Stortingsmelding 14 Natur for livet - Norsk handlingsplan for naturmangfald.
Kunnskapen frå Artsdatabanken blir òg nytta av andre samfunnsaktørar, til dømes i forsking, i undervising eller i konsekvensutgreiingar ved utbygging og andre naturinngrep. Organisasjonen sin informasjon vert dessutan brukt mykje av media, politikarar, og av ålmenta.
Artsdatabanken hentar i hovudsak inn informasjon og data om naturmangfaldet gjennom eit tett samarbeid med norske vitskaplege institusjonar, dei såkalla kunnskapsprodusentane. Sida 2008 har også befolkninga elles bidratt i stort monn til informasjonstilfanget, gjennom å rapportere inn funna sine av artar i Artsdatabankens rapporteringsteneste Artsobservasjoner. Tenesta hadde per januar 2022 fått inn nær 27 millionar registreringar. Artsdatabanken har i tillegg ansvaret for Artsprosjektet, eit initiativ som har som mål å styrkje kunnskapen om artar i Noreg. Gjennom Artsprosjektet kan forskarar blant anna få innvilga stønad for å kartleggje lite kjende artar og artsgrupper, som er vanskeleg tilgjengelege eller vanskelege å artsbestemme.
I tillegg til å vere ein leverandør av kvalitetssikra informasjon om naturmangfald, har Artsdatabanken også fleire andre ansvarsområde, som til dømes:
Artsdatabanken har ansvaret for å utarbeide Norsk raudliste for artar, som er ei oversikt over artar som har ein risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista for artar blir laga i samarbeid med ekspertar frå norske naturvitskaplege miljø, og vert lagt fram kvart 6. år. Gjeldande raudliste for artar er Norsk raudliste for artar 2021.
Artsdatabanken held oversikt over kva framande artar som finst i Noreg, og vurderer i samarbeid med eksterne ekspertar kva økologisk risiko dei einskilde framande artane utgjer. Resultatet av arbeidet blir lagt fram kvart 6. år i form av ein rapport som heiter Framandartslista. Framandartslista blei sist lagd fram i 2018, og ei ny vil vere klar i 2023.
Artsdatabanken held oversikt over kva naturtypar som har ein risiko for forsvinne frå Noreg. Resultatet vert presentert i Norsk raudliste for naturtypar. Arbeidet med lista involverer ekspertar frå fleire naturvitskaplege miljø. Raudlista for naturtypar blei sist lagd fram i 2018. Neste utgåve er planlagd i 2025.
Artsdatabanken har utvikla og driftar Natur i Norge (NIN), som er eit system for å beskrive all natur i Noreg. NIN er dei ulike sektorane sitt felles system for handtering av naturvariasjon på alle skalaer, og utgjer kjernen i offentleg kartlegging av naturtypar i Noreg.
Artsdatabanken blei oppretta i 2005, og er ein sjølvstendig, bruttofinansiert etat under Klima- og miljødepartementet.
Organisasjonen er fagleg uavhengig, har eige styre og eigen direktør. Bror Yngve Rahm er styreleiar og Bjarte Rambjør Heide er direktør.
Artsdatabanken har per 2022 litt over 30 årsverk fordelt på biologar, IT-utviklarar, kommunikasjonsrådgivarar og støttefunksjonar.
Artsdatabanken har kontor i Havnegata 9, på Pirsenteret i Trondheim.
Frå oppstarten i 2005 og til 2017 var Kunnskapsdepartementet Artsdatabankens eigardepartement, og organisasjonen var administrativt knytt til NTNU. Frå 1. januar 2018 blei organisasjonen flytt inn under Klima- og miljødepartementet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Artsdatabanken, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.