Berlinblokaden

Berlinblokaden var ein sovjetisk freistnad på å stansa forsyningar og transport til og frå Vest-Berlin mellom 24.

juni 1948 og 11. mai 1949. Det var ei av dei største krisene under den kalde krigen, og kom til å setja eit sterkt preg på vestleg tryggleikspolitikk i tiåra som følgde.

Bakgrunn

Berlinblokaden 
Forsyningar med mjølk vert lasta inn i eit fly for å sendast til Berlin

Etter den andre verdskrigen delte Sovjetunionen og vestmaktene Europa mellom seg. Den tyske hovudstaden, Berlin,var også delt, men låg langt inne i det sovjetisk kontrollerte området av Tyskland. Den vestlege delen av Berlin (Vest-Berlin) hadde tilknyting gjennom vegar og jarnvegar gjennom sovjetisk kontrollert område til den vestlege okkupasjonssona som var kontrollert av USA, Storbritannia og Frankrike. Ein offisiell avtale om denne tilknytinga hadde likevel aldri vorte gjort.

Den russiske leiaren, Josef Stalin, sette fram krav om «krigserstatning» frå den vestlegkontrollerte delen av Tyskland, men USA sin president, Harry S. Truman, avviste dette kravet. Dette førte til at Stalin oppretta ein sovjetkontrollert kommunistisk marionettstat i dei sovjetokkuperte områda i Tyskland, med Aust-Berlin som hovudstad. 23. juni 1948 vart det frå vestleg side iverksett ei valutareform for å stansa inflasjonen i Vest-Tyskland. Okkupasjonsvalutaen vart suspendert, og i staden vart DM innført som valuta i vest. Dette skal delvis ha vorte gjort for å leggja eit vestleg press på Sovjetunionen for å få til ei attforeining av dei to tyske statane. Stalin protesterte mot dette og brukte endringa som påskot til å blokkera alle innfartsvegane til den vestlegkontrollerte («frie») delen av Berlin.

Luftbrua

Berlinblokaden 
Minnesmerke over luftbrua ved Tempelhof flyplass i Berlin

Vestmaktene svara med å flyga inn forsyningar, sjølv om general Lucius D. Clay opphavleg hadde teke til orde for å senda konvoyar med væpna eskorte til Vest-Berlin på dei vegane som var brukte før. President Truman motsette seg dette, fordi han meinte at det kunne føra til ein uakseptabel stor fåre for krig. Ved midnatt 11. mai 1949 gav Stalin opp blokaden. Luftbrua heldt likevel fram til 30. september fordi vestmaktene ville byggja opp lager av forsyningar i Berlin i fall det vart ein ny sovjetisk blokade. Berlins heltemotiske kamp mot den kommunistiske aggresjonen gjorde sterke inntrykk i vestlege land, og vart det fremste symbolet på den kalde krigen.

I alt vart 2 250 000 tonn forsyningar leverte til Berlin under blokaden, og på det meste landa eit fly kvart minutt. Dette er den største historiske transporten av forsyningar luftvegen; i alt fekk 2,2 millionar menneske hjelp på denne måten. Til saman vart det utført 277 804 flygingar. Flya kom frå USA, Storbritannia og Frankrike, men det kom òg hjelp frå Australia, Canada, Sør-Afrika og New Zealand. Dei viktigaste flyplassane var Tempelhof lufthamn i den amerikanske sektoren, Gatow lufthamn og Havel See i den britiske, og Tegel lufthamn (bygd av hæringeniørar på 49 dagar) i den franske. Operasjonskontrollen låg på Tempelhof. Lucius D. Clay hadde kommandoen over luftbrua. Clay kom attende til Berlin under den neste store krisa, bygginga av Berlinmuren og Checkpoint Charlie-krisa.

4. april 1949 underteikna dei vestlege landa NATO-pakta, som erklærte at eit åtak på eit av dei, var eit åtak på alle.

Kjelde

Engelsk Wiki

Bakgrunnsstoff

Tags:

Berlinblokaden BakgrunnBerlinblokaden LuftbruaBerlinblokaden KjeldeBerlinblokaden BakgrunnsstoffBerlinblokaden11. mai1948194924. juniDen kalde krigenSovjetunionenVest-Berlin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KinagrasEddadiktParisMotreformasjonAluminiumTuvinskMogopImperialismeGunnhild SundliEngavågenRimEinatHenry LawsonBo WiderbergVM i friidrett 2019EnglandApplausIranBrad PittJens StoltenbergHepatitt C-virusMøteplassKattBjörn SkifsISSNSteve JobsFinskStyresettCountryKanye WestAftonbladetRekreasjonBelgiaDrinfossenMS-DOSUnicodeFA-cupfinalen i fotball 2001LangnebbparakittDen gamle verdaWiki CommonsKolonialhandelErik HöglundGraham NashHenrik II av EnglandMuhammedRakiaJordaAsbjørnsen og MoeBodhisattvaSportsklubben BrannA Collection of Great Dance SongsLemmingLufttrykkBook of KellsNoregJantelovenA4BautasteinDurgaEkstremvêret FrodeSpesifikk varmekapasitetRussenorskRSSErnst VettoriTransportBuskerud fylkeURLTidvatnThe Power to BelieveEddiksyreEstlandMXanthippePaparoa nasjonalparkKirunaNile RodgersOrganistNasjonalinstrument🡆 More