Stord Kommune: Kommune i Vestland fylke i Noreg

Stord er ein bykommune som utgjer om lag halvparten av øya Stord i Vestland fylke, i Sunnhordland.

Namnet «Stord» kjem frå norrønt og tyder ‘den høgreiste’. Stord har bystatus etter eit kommunestyrevedtak i 1997. Kommunesenteret heiter Leirvik, på folkemunne kalla «Vikjo». I Leirvik bur det om lag 14 000 innbyggjarar. Sagvåg er nest største tettstad, med om lag 3 500 innbyggjarar. Totalt er det 18 775 innbyggjarar i Stord kommune. Industriverksemdene Kværner Stord, Wärtsila og Apply Leirvik sysselset kring 3000 arbeidarar. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien.

Stord kommune
kommune
Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv
Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv
Kommunevåpen
Land Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Leirvik
Areal 143,73 km²
 - land 137,52 km²
 - vatn 6,21 km²
Folketal 19 287  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Sigbjørn Framnes (FrP)
Kommunenr. 4614

Stord kommune
59°48′29″N 5°27′59″E / 59.808055555556°N 5.4663888888889°E / 59.808055555556; 5.4663888888889
Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv
Wiki Commons: Stord
Nettstad: www.stord.kommune.no

Kommunestyret har 35 representantar. Den politiske leiinga i kommunen er etter kommunevalet i 2023, ein koalisjon mellom H, Frp, KrF og V. Sigbjørn Framnes frå Framstegspartiet er ordførar, medan Øyvind Kyvik frå Høgre er varaordførar.

Stord sjukehus, Stord vidaregåande skule og Høgskulen på Vestlandet ligg i kommunen. Stord har eit stort idrettsmiljø, Stord Idrettslag sitt handballag har tidlegare spela i eliteserien, Stord Sumo Klubb har tidlegare hevda seg i Europa-toppen i sumobryting og Kjell Storelid vann OL-medaljar i skeiseløp i 1994.

Geografi

Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv 
Kommuneflagget til Stord Kommune
Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv 
Bussterminalen på Leirvik
Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv 
Aker Kværner Stord er den største verksemda i kommunen

Kommunen ligg på øya Stord, der byen Stord ligg i sør, og Fitjar kommune ligg i nord. Stord omfattar eit 144 km² stort areal på dei busette øyane Stord (127 km²), Huglo (13,9 km²) og Føyno (1,3 km²). I tillegg kjem fleire mindre øyar og holmar. Over sund og fjordar kjem ein i aust til Kvinnherad, i sør til Sveio og i vest til Bømlo.

Nordaust i kommunen er det fleire høge fjell. Den høgaste toppen er Mehammarsåto på 749 moh., medan den mest kjende er Kattnakken, som ligg 734 moh. Her ligg det ein TV-sendar og det går bilveg heilt til topps.

Sør og aust er det lågland med mykje god dyrkingsjord. Her ligg det meste av busetnad, industri og jordbruksareal. Tettstaden Leirvik strekkjer seg frå Rommetveit i aust til Skjersholmane og Heiane i sør.

Trekantsambandet med bruer og undersjøisk tunnel gjev samband sørover til Sveio på fastlandet og til øykommunen Bømlo. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går over øya. Det finst ferjesamband frå Skjersholmane til Ranavik i Kvinnherad, og frå Jektevik til Hodnanes på Tysnes og Huglo. Frå Stord Lufthamn Sørstokken går det dagleg rutefly til Oslo. Leirvik er eit viktig regionssentrum i Sunnhordland, og er eit knutepunkt for kollektivtrafikken i området, med snøggbåtkai og busstasjon.

Historie

Stord kommune vart oppretta i 1838, som følgje av formannskapslovene av 1837. Fitjar vart skilt ut som eigen kommune i 1860, og Valestrand i 1868.

Næringsliv

Viktigaste næring på Stord er leverandørindustrien innan olje og Gass. Industriverksemdene Kværner Stord og Leirvik har rundt 3000 fast tilsette. Desse bedriftene er mellom dei leiande i verda på områda sine innan leverandørindustrien. Store delar av installasjonane, inkludert dei aller største, i Nordsjøen er bygde og samanstilte av Aker Solutions Stord. Aker Stord har levert plattformer og andre installasjonar sidan slutten av 70-talet.

Aviser

Avisa Sunnhordland kjem ut på Stord. Det gjer også nettavisa Stord24. Leirvik har lokalkontor for NRK.

I 2008 starta nettavisa Innsida ei vekeavis på papir, som første nettavis i Noreg. Innsida.no vart starta i 2003 med base i Kvinnherad og frå 2006 også på Stord. Nettstaden vart ved årsskiftet 2007-08 kjøpt av Haugesunds Avis.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Stord kommune frå 1920:

1.12.1920 1.12.1930 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1971 1.1.1981 1.1.1991 1.1.2001 1.1.2010
3990 4057 5030 5583 7766 10607 13007 14684 16241 17565

Bydelar

  • Leirvik
  • Heiane/Digernes/Eldøy
  • Sagvåg/Litlabø
  • Nordbygdo
  • Huglo

Skular på Stord

Barneskular

Ungdomsskular

Vidaregåande skular

Høgskular

Kjende personar frå Stord

Venskapsbyar

  • Stord Kommune: Geografi, Historie, Næringsliv  San Juan Comalapa i Guatemala

Kjelder

    Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Stord Kommune GeografiStord Kommune HistorieStord Kommune NæringslivStord Kommune AviserStord Kommune FolketalsutviklingStord Kommune BydelarStord Kommune Skular på StordStord Kommune Kjende personar frå StordStord Kommune VenskapsbyarStord Kommune KjelderStord Kommune BakgrunnsstoffStord Kommune1997Kværner StordLeirvikNorrøntSagvågStordSunnhordlandVestland fylke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Frithjof PrydzSamisk kulturJohn BauerEdvard MunchEn riktig jävla schlagerRudolf NilsenJanne HapponenPaul René GauguinDomenetapNazismeTysklandStord kommuneKryptonittHelena BrodtkorbPauli NevalaEmil i LønnebergetLangeDen amerikanske grunnlovenZahid AliElon MuskRusslandClint EastwoodRundeLongenestindenMari MaurstadHenrik IbsenLigue 1Per BraheKolåstindenFinn-Erik VinjeDen afghanske borgarkrigenBrendan sjøfararenSchrunsNasjonaldraktUndergrunnsbanen i LondonTofuCommodore 16Sophie Román HaugTromsø kommuneBenny MotzfeldtGlobal Positioning SystemRådyrKnut T. StorbukåsArnfinn BergmannÅrLagerthaNM i alpine greiner 1957Kaija MustonenBirger EriksenKölnHellasKommunevåpen i NoregAnita O'DayConcordeLewis HamiltonAdsorpsjonChristian MeyerKvartsporfyrOperasjonaliseringMarilyn MonroeDet norske U21-herrelandslaget i fotballKjemisk stoffIsstokkRekonstruksjonistisk jødedomKnut den mektigeMidt i smørøyetRisto LaakkonenStyresettSpellemannprisenQohir RasulzodaBeat av King CrimsonHestekraftLatviaMalignitet🡆 More