Bartre

Bartre (Pinophyta) er nakenfrøplantar som finst mest overalt i verda (unnateke polane, ørken og nokre øyer.) Bartrea er kjenneteikna av nål- eller skjelforma blad.

Bartre
Bartre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Pteridobiotina
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Cycadophytanae
Rekkje: Bartre Pinophyta
Reveal, 1996

Rekkja inneheld dei største, lengstlevande og høgste levande organismane i verda.

Det er ikkje fullstendig semje om den innbyrdes klassifiseringa av bartre. Alle er samde om at rekkja Pinophyta inneheld berre éin klasse, Pinopsida. Denne klassa har berre éin nolevande orden, Pinales, som inneheld seks eller sju familiar. Somme foreslår at familiane Taxaceae og Cephalotaxaceae skal vera i sin eigen orden.

Alle bartre har ved. Flestalle er tre, nokre få er buskar. Bartre har korkje blomar eller frukter i rett biologisk forståing, men dei hannlege og holege kjønnsorgana vert ofte omtalte som blomar, og arillus som blir danna kring frøet hjå somme artar (særleg barlindfamilien) er ofte kalla for frukt. Det er likevel viktig å skilja mellom desse sokalla blomane og fruktene og ekte blomar og frukter, som berre finst hjå dekkfrøplantar.

I likskap med andre nakefrøplanterekkjer er det relativt få bartreartar, ca. 600.

Bartre i Noreg

I Noreg finst ca. 30 bartreartar, frå ti slekter i tre familiar (barlindfamilien, furufamilien og sypressfamilien).

Ordenar og familiar

  • Cordaitales  †
  • Pinales (Furuordenen)
  • Vojnovskyales  †
  • Voltziales  †

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bartre  Commons har multimedium som gjeld: Bartre
Bartre  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Bartre i NoregBartre Ordenar og familiarBartre KjelderBartre BakgrunnsstoffBartreLauvNakenfrøplantar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Samisk historieSunnmøreNorskFader vårAsbjørnsen og MoeJohann Sebastian BachAdei AdNasjonaldrakt800NasjonaldyrMesopotamiaKjerringVinter-OL 1988Tilsynelatande storleiksklasseStorbritanniaHotel CaliforniaAlpin tundraJohan BojerAlderspensjonNorske kommuneblomarSpesifikk varmekapasitetMoldauWikiEli RyggBokmålIndiaPeter ŠťastnýDen europeiske unionenSymbolNoreg under sommar-OL 2008RussenorskAusterrikeAlaskaUkrainaHolbækAfrikaLuftfartøyFrøylandsvatnetOrbitalFriksjonKvenerTherese BjørneboeHenning SolbergBybanen i BergenNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973InternettSymbol i hinduismenØrnBærum SportsklubbDavid CameronFuglarBrenselcelleAmasoneVan der VeenstraumenCharcot Cove21. desemberFreddie MercuryLemmingTegan and SaraFylkesveg 751Det norske flaggetTidvatnSennesvikÅkerbærIsaac NewtonPilRichie FaulknerEinatSirkelNorrøntNasjonalinstrumentApplausWorld of Music, Arts and DanceKinagras🡆 More