Samisk Kultur

Samisk kultur omfattar samane sin andelege og materielle kultur.

Natur, miljø og levesett har alltid vore utgangspunktet for den samiske kulturen. Han er også blitt påverka av møte med majoritetskulturar i dei ulike samiske områda. Skilnader internt i den samiske kulturen kjem av skilnadene mellom dei ulike samiske busetnadsområda.

Samisk Kultur
Áilu Valle er ein rap-artist frå Kaamasmukka i Utsjok. Han rappar på nordsamisk, finsk og engelsk.

Grunntrekka i den samiske kulturen blei danna frå og med 1300-talet. Etter nokre generasjonar med modernisering og språkleg og kulturell assimilering inn i dei dominerande statskulturane fekk den samiske kulturen ein renessanse frå og med slutten av 1960-talet. På 1970-talet oppstod det ei ny og sterkare samisk politisk rørsle, samiske massemedium, litteratur og kunst. Denne kulturelle oppreisten sameina tradisjonell samisk kultur med kulturelle straumdrag i samtida. Hendingane på 1970-talet blir ofte referert til som den samane si nasjonale oppvakning. Samane har rekna seg som eit folk så langt tilbake ein kjenner til, men ideen om Sápmi som ein samisk nasjon blei fyrst utbreidd blant samar på 1970-talet, og seinare blant majoritetskulturane. På 1980- og 1990-talet blei det teke i bruk eit samisk flagg, ein samisk nasjonalsong og det blei oppretta ein eigen samedag.

Symbol

Sameflagget

Samisk Kultur 
Det samiske flagget

Det samiske flagget blei fyrst innført ved samekonferansen i Åre i Sverige den 15. august 1986. Det blei vald ut i ei tevling med fleire forslag. Utforminga som vann var laga av kunstnaren Astrid Båhl frå Skibotn i Noreg.

Motivet var avleidd frå ei runebomme og diktet «Päiven Pārne» ('Søner av sola') av sørsamiske Anders Fjellner, som skildrar samar som søner og døtrer av sola. Flagget har dei samiske fargane raudt, grønt, gult og blått, og ein sirkel i to fargar som står for sola (raud) og månen (blå).

Samefolkets dag

Samefolkets dag blir market den 6. februar, som er datoen då den fyrste samekongressen blei halden i 1917 i Trondheim. Denne kongressen var den fyrste der norske og svenske samar kom saman frå sine ulike land for å prøva å finna felles løysingar på vanlege problem. Dagen blei innført i 1992, ved den 15. samekongressen i Helsinki. Noreg, Sverige og Finland har anerkjent 6. februar som samisk nasjonaldag sidan 1993.

Den samiske nasjonalsongen

«Sámi soga lávlla» ('Songen til den samiske familien') var opphavleg eit dikt skrive av Isak Saba som fyrst kom ut i avisa Saǥai Muittalægje den 1. april 1906. I august 1986 blei det utropt til samisk nasjonalsong. Arne Sørli sette musikk til diktet, som blei godkjend ved den 15. samekonferansen i Helsinki i 1992. «Sámi soga lávlla» er blitt omsett til alle dei samiske språka.

Språk

Samiske språk dannar eit dialektkontinuum der nabospråk gjerne er gjensidig forståelege, medan språk som står fjernare frå kvarandre kan vera heilt gjensidig uforståelege. Det finst omlag 9 levande samiske språk i dag, der nokre har svært få talarar. Alle dei samiske språka er rekna som truga. Nordsamisk er det mest brukte med rundt 18 000 talarar, deretter følgjer lulesamisk med rundt 2 000 talarar og sørsamisk med rundt 500. Det finst ingen nøyaktig statistikk over tal på samar eller brukarar av samiske språk, men ein reknar med at rundt 30 % av dei som er samar snakkar samiske språk.

Tilbakegang og revitalisering

Samisk Kultur 
Skulegammar for samiske nomadeborn i Jukkasjärvi i Lappland i Sverige på 1950-talet.
Samisk Kultur 
Sørsamisk kalender og termar ved Åarjel-saemiej skuvle i Snåsa i 2013.

På 1900-talet prøvde gjerne statane samane budde i å assimilera dei inn i majoriteten ved å få dei til å snakka majoritetsspråk i staden for samisk. Skoleinternat med forbod mot å snakke samisk var ein sentral del. Ulike former for press førte til at mange samar slutta å snakka samisk. Mot slutten av 1900-talet blei denne politikken endra fleire stader, og samiske språk fekk betre kår i skuleverket og samfunnet. Til dømes blei det lov igjen å bruka samisk som opplæringsspråk i norsk skule i 1959.

Ein del av den samiske nasjonale oppvakninga var det å få samiske språk som opplæringsspråk i dei samiske områda dei første skoleåra. I dag har samar i Noreg rett til opplæring i samisk og å få undervising på samisk i grunnskulen. I Enare kommune i Finland blir det i tillegg til på finsk blir undervist på nord-, enare- og skoltesamisk. Det er mogleg å ta den såkalla studenteksamen, dvs. eksamen frå finsk vidaregåande på nord- og enaresamisk, både som morsmål og framandspråk. Undervisning i enare- og skoltesamisk blir til dels hindra av mangel på pengar.   Det er også utført prosjekt innan enaresamisk revitalisering der ein til dømes lagar språkreir for barn så dei får utvikla samiske språkferdigheiter. Tiltak for å støtta samisk ser ut til å ha kunna bremsa nedgangen i bruken av nokre av språka.

Ein kan i dag ta høgare utdanning i og på samisk ved Samisk høgskole og UiT Norges arktiske universitet i Noreg. Ved Nord universitet finst det studietilbod for lulesamisk og sørsamisk.

Litteratur

Samisk litteratur har ein lang munnleg tradisjon som omfattar eventyr, soger og joik. Språket blei fyrst skriftfesta på slutten av 1800-talet, og det kom ut ein stor variasjon av samisk litteratur på 1910-talet. Under assimileringspolitikken stod samisk litteratur svakt, men det tok seg opp att mot slutten av hundreåret, og i 1979 fekk nordsamisk ei felles rettskriving.

Dei fyrste viktige forfattarane kom frå finsk side: Nils-Aslak Valkeapää, Kirsti Paltto, Jovnna-Ánde Vest og Rauni Magga Lukkari. Voijaa minun poroni (1987) av Paltto var i 1986 kandidat til Finlandia-prisen. Beaivi, Áhčážan (1988) av Valkeapää fekk Nordisk råds litteraturpris 1991. Andre samiske forfattarar er Marjut Aikio, Matti Aikio og Rauna Paadar-Leivo.

Levesett

Tradisjonelt har samar særleg levd av reindrift og fiske, der nokre har drive hovudsakleg med rein (fjellsamar) og andre hovudsakleg med fiske (sjøsamar). Dei dreiv også med andre syslar, som jordbruk og jernverk. Samiske tradisjonar er gjerne prega av dette leveviset.

Arkitektur

Samisk Kultur 
Ein samisk familie framfor ein gamme. Teltet i bakgrunnen er ein lavvo. Legg merke til forskjellane i stolpeplasseringa til dei to strukturane. Dette bildet er tatt rundt 1900 i nordlege Skandinavia.

Det finst ei rekke samiske etnoarkitektoniske former, der lavvo og gamme er dei best kjende. Gammen blir typisk laga med bogestongskonstruksjon, ein berande konstruksjon som ein berre kjenner frå samisk kultur. Forskjellane mellom lavvo og gamme kan ein sjå når ein ser på toppen av strukturane. Ein lavvo vil ha stolpar som kjem saman i toppen, medan gammen har stolpane sine fråskilde utan å koma saman. I torvversjonen av gammen er lerretsduken erstatta med tre som kviler på strukturen, dekte med bjørkebork og deretter torv for å gje ein haldbar konstruksjon.

Lavvo er eit kjegleforma telt med eit rundt grunnsnitt. Han har ei utforming som liknar den til ein amerikansk tipi, men er mindre vertikal og meir stabil i sterk vind. Han gjer det mogleg for urfolkskulturane på dei trelause slettene i Nord-Skandinavia og det høge arktiske Eurasia å følgja reinsdyrflokkane sine. Han blir framleis brukt som ein mellombels tilfluktsstad av samar, og i aukande grad av andre folk til camping og anna.

Samisk Kultur 
Sametingsbygningen i snø.

Ein gamme er ei hytte eller telt med tre typar dekke: stoff, torvmose eller tømmer. Den stoffkledde gammen liknar mykje på ein lavvo, men er ofte konstruert litt større.

Den indre konstruksjonen av stolpane er såleis: 1) fire boga stolpar, 2) ei rett midtstong, og 3) omtrent eit dusin rette veggstolpar. Stavstorleikane kan variera betydeleg. Dei fire boga stolpane bogar seg til ein vinkel på omtrent 130°. To av desse stolpane har eit hol bora inn i den eine enden, med desse endene forbunde med den lange midtstonga. Dei to andre boga stolpane er òg samanføyde i den andre enden av den lange stolpen. Når denne strukturen blir sett opp, blir det danna eit firbeint stativ med den lange stonga øvst og i midten av strukturen. Med den firbeinte strukturen ståande opp til omtrent 1,5 til 2,5 meter i høgda, er omtrent ti eller tolv rette «veggstenger» lagt opp mot strukturen. Gammedekket, i dag vanlegvis av lerret, blir lagt opp mot strukturen og bunde ned. Det kan vera meir enn eitt dekke på strukturen.

I nyare tid har gompi eller gumpi, ei sjølvlaga brakke eller ombygd campingvogn på meiar, blitt viktig for reinflytting. Arkitekten og kunstnaren Joar Nango innretta i 2018 installasjonsutstillinga Girjegumpi ('bokgompi') med stoff om denne og andre former for samisk arkitektur.

Varanger Samiske Museum sitt bygg frå 1994 og den norske Sametingsbygningen, som opna i 2005, er inspirerte av tradisjonell samisk arkitektur.

Den samiske kufta

Samisk Kultur 
Samar frå Kolahalvøya i tradisjonelle drakter.

Den mest synlege av dei samiske nasjonale symbola er samekufta. Det er opphavleg ei folkedrakt, men bruken av ho blei til skilnad frå mange andre folkedrakter aldri broten. Sjølve kufta (nordsamisk gákti) er ein overdel med lårlengd for menn og knelengd eller meir for kvinner. Historisk er ho blitt sydd av skinn og sener, men seinare er ull blitt meir utbreidd. Ein kan også bruka bomull og silke. Klare fargar som raudt, blått, grønt og kvitt er vanlege. Krage, erme og falden kan vera pynta med appliké i geometriske former. I bokre område bruker ein pynteband, andre har tinntrådbroderi, og nokre austsamar brukar perlearbeid. På 1700-talet byrja ein bruka sølje av sølv til drakten, og koftesølv er etterkvart blitt viktig. Fargar, mønster og smykke på kufta kan seia noko om kvar ein person er frå, ekteskapsstatus og i nokre høve kva familie dei tilhøyrer.

Til kufta høyrer det gjerne eit hovudplagg som også varierer etter region, kjønn og årstid. Også desse kan vera broderte og pynta på anna vis. Nokre hovudplagg ligg nær hovudforma, andre kan vera utbygde som hornlue (ládjogahpir) og stjernelue (čiehgahpir). Tradisjonelle sjamanluer kunne ha dyreskinn, fletter og fjører, særleg blant austsamar.

Samedrakt kan brukast til festar og høgtidelege høve, men også i samband med meir daglegdagse aktivitetar som reindrift. Tilbehøyr kan til dømes vera pesk, lukka, sjal, kommagar, skallar og lasso.

I Noreg og Sverige bruker berre samane samekufte. I Finland har også andre enn samane brukt kufte og i moderne tid blir kopiar eller eigenproduserte versjonar av samekufta brukt av den nordfinske turistindustrien, noko som har blitt skarpt kritisert frå samisk side.

Duodji

Samisk Kultur 
Sameknivar

Duodji viser til tradisjonelt samisk handverk med røter i den sjølvberga nomadiske kulturen deira. Dette er bruksgjenstandar og pynt laga av tilgjengelege materiale, som tre, bein, horn, lêr og røter. Duodji er viktig for mange delar av samedrakten, og for utstyr som guksi (drikkekoppar), komser, sameknivar og rotkorger. Ein har lagt mest vekt på bruksverdien til tinga ein laga, men eit andrekrav har også vore at dei skulle vera vene. I dag kan duodji både vera brukskunst, salsgjenstander og inspirasjon for rein kunst.

Grene (rátnu) er eit ullteppe vove av sjøsamar gjennom lange tider. Desse blei brukte som sengeklede, køyreteppe og i båt. Dei blei også selde både sør i Bergen og nord. Flyttsamar kjøpte grener og brukte dei til teltduk og lavvodør. Ein lagar framleis teppa i Manndalen i Kåfjord.

Matkultur

Det samiske kjøkkenet er grunnlagt framfor alt på reindrift, jakt og fiske og på sanking av bær. Tradisjonelt var bær særs viktige i kosthaldet, ettersom ein ikkje hadde tilgang på anna frukt eller grønsaker om vinteren. Molte er blitt mest verdsett i samisk kultur. Ein kunne tørka og/eller salta matvarer for å ta vare på dei, og til dømes få produkt som suovas, salta og røykt reinsdyrkjøt. Ein har også gjerne brukt blodet av reinsdyr til matvarer som gummpus (blodklubb), blodpølser og blodpannekaker.

Bidos er ein slags lapskaus som kan lagast med reinsdyrkjøt. Gahkko er eit grovbrød med sirup og krydder, som stjerneanis. Kaffi har blitt brukt som drikke og matrett, der ein kan laga kaffisuppe ved å ha kjøt i kaffien eller kaffiost ved å ha ost, gjerne av reinsdyrmjølk, i han. Kaffiost er fyrst nemnd i samband med samar på 1700-talet.

I nyare tid er dei gamle mattradisjonane blitt blanda med nyare påverknader. Eit kjent døme på dette er suovaskebab, oppskoren suovasbierggo med agurk, salat og kvitlauksdressing i pitabrød, som er utbreidd på festivalar og marknader i Nord-Skandinavia. Serveringsstader kan også ha reinsdyrhamburger på menyen.

Samisk Kultur 
Frå Samiske kirkedager

Religion

Kristendommen er den mest utbreidde religionen blant samar i dag. I vestlege område høyrer dei gjerne til protestantiske retningar. Læstadianismen er ei viktig rørsle, der kyrkjelydar kan vera nær sjølvstendige frå statskyrkja. Ein del skoltesamar i Finland og samar i Russland høyrer til den russisk-ortodokse kyrkja. Til og med 1700-talet følgde mange samar den tradisjonelle religionen sin, som var prega av animisme, panteisme og polyteisme. Det fanst variasjon i trua mellom ulike område, men ein la ofte vekt på ein sterk samanheng mellom dagleglivet og personleg andelegheit, og mellom den naturlege og den andelege verda. Noaiden eller sjamanen kunne rettleia rituell kommunikasjon med det overnaturlege ved hjelp av tromme, joik, fadno, messing, heilage gjenstandar og raud flugesopp. Tradisjonell samisk religionsutøving kunne omfatta heilage naturlege stader som fjell, kjelder, landformer, sieidi eller steinar med uvanlege fasongar, og menneskeskapte stader som helleristingar og labyrintar.

Transport

Ski, slede og pulk har vore viktige framkomstmiddel for samar. Ein stor del av dei forhistoriske skia som er funne i Norden kjem frå samiske område, og dei går tilbake 6–8000 år. Ein kunne køyra med ski eller slede etter reinsdyr, nokre gonger som tevling. Då det fyrste skirennet for sivile blei halde i Tromsø i 1843, briljerte samar og kvenar ved å bruka korte ski og to stavar medan nordmenn hadde lengre ski og berre éin stav. På andre del av 1900-talet blei snøskuteren innført, og blei eit særs viktig transportmiddel innan reindrift.

Samisk båtbygging har vore verdsett av nordmenn sidan norrøn tid, og Snorre sine soger fortel til dømes at Sigurd Slembe fekk bygd skip sydde saman med sener ved Tjeldsund. Ordet gárbbis har vore i langvarig bruk om både nordlandsbåtar, elvebåtar og innsjøbåtar.

Kunst

Samisk Kultur 
Reinsdyr av Johan Turi

Biletkunst

Historiske former for biletkunst er helleristingar, som dei i helleristingsområdet i Alta, og dekorasjonar på runebommer. Den fyrste samiske forfattaren Johan Turi hadde ein liknande, naivistisk stil i boka Muitalus sámiid birra frå 1910. Nils Nilsson Skum verka før og etter andre verdskrigen med skildringar av livet og virket til reindriftssamar. På same viset skildra John Savio samisk liv i fleire ulike teknikkar. Frå 1970-talet blei kunstutøvinga utvida både med omsyn til form og innhald, til dømes ved at ein tok for seg politiske emne eller ved at ein fann inspirasjon i duodji. Iver Jåks, Aage Gaup og Ingunn Utsi er døme på kunstnarar som nyttar denne tankegangen. Andre nyare samiske biletkunstnarar er Rose-Marie Huuva, Britta Marakatt-Labba, Synnøve Persen, Hans Ragnar Mathisen og Berit Marit Hætta.

Dans

Samisk Kultur 
Dans ved Riddu Riđđu

Tradisjonell dans er ikkje generelt sett på som ein synleg manifestasjon av samisk identitet. Dette har ført til ei vanleg misforståing om at samar, i alle fall i vestsamar, ikkje har nokon tradisjonell dansekultur.

Det samiske dansekomaniet Kompani Nomad fann fram til gamle skildringar av sjamanistiske ritual og oppførsel for å identifisera «tapte» samiske dansar og tolka dei gjennom moderne dans. Eit døme er lihkadus (ekstasedans), skildra i kjelder frå 1500- og 1600-talet, men som blei omforma av Lars Levi Læstadius til ein del av læstadianismen.

Par- og gruppedans har vore del av skoletamisk kultur og blant samar på Kolahalvøya sidan minst siste halvdel av 1800-talet. Desse square-dansane, pardansane, sirkeldansane og songleikane er påverka av karelske og nordrussiske dansekulturar, truleg under påverknad av russiske handelsmenn, militærteneste under tsaren og den russisk-ortodokse kyrkja. Den austsamiske dansetradisjonen har vore meir samanhengjande enn den vestlege, og er blitt utvikla av moderne danseutøvarar som Johtti Kompani.

Festivalar og samlingar

Samisk Kultur 
Tevling i lassokast under samisk veke i Tromsø

Det blir halde fleire festivalar i heile Sameland som tek for seg ulike former for samisk kultur. Den best kjende i Noreg er Riddu Riđđu. Samisk veke i Tromsø blir halden i samband med samefolkets dags i februar, med NM i lassokasting og NM i reinkappkjøring. I tillegg er det festlege påskesamlingar i Kautokeino og Karasjok før reinsdyrflyttinga til kysten der ein kombinerer tradisjonell kultur med nyare uttrykk, som snøskuterres. Nyttåret er blitt feira som ođđajagemánnu.

Urfolksfilmfestivalen Skábmagovat blir arrangert i Enare og mellom arrangørane er fleire aktørar innanfor samisk kultur, som t.d. Saamelaistaiteen tuki-foreininga. Ijahis Idja er ein musikkfestival som også blir halden i Enare. Sápmi Pride er ein årleg pridefestival med samisk fokus som er blitt halden ulike stader sidan 2014.

Film

Samisk Kultur 
Mikkel Gaup og Nils Gaup ved oscarutdelinga i 1988.

Den samiske filmen kan reknast attende til 1987, då regissøren Nils Gaup regisserte filmen Veiviseren. Etter denne filmen kom det fyrst ut ein langfilm på samisk i 1997 med Paul-Anders Simma sin norsk-svensk-finske Stol på ministeren. Kautokeino-opprøret med regi av Nils Gaup kom ut i 2007. Filmen tok for seg opptakten til det historiske opprøret kjent under dette namnet.

Den finsk-svenske filmen Skierri – vaivaiskoivujen maa frå 1982 hadde samisk identitet i møte med storsamfunnet som tema. Kortfilmen Sameblod frå 2016 på svensk og sørsamisk, med manus og regi av Amanda Kernell, tek for seg samisk identitet i møte med undertrykking.

Musikk

Samisk Kultur 
Ella Marie Hætta Isaksen og Mari Boine opptrer ved Riddu Riđđu.

Sentralt i den tradisjonelle samiske musikken står joiken. Denne er gjerne blitt utført utan akkompagnement, men blir i nyare tid også brukt i lag med mange ulike instrument og musikkstilar. Moderne samiske musikarar og grupper er m.a. Adjágas, Amoc, Angelit, Mari Boine, Sofia Jannok, Jiella, Marja Mortensson, Wimme Saari, Tiina Sanila, SomBy, Transjoik, Niko Valkeapää, Nils-Aslak Valkeapää og Vilddas. Joik har vore del av dei norske bidraga til Eurovision i 1980 med «Sámiid ædnan» (nordsamisk for Samisk jord) og i 2019 med «Spirit in the Sky». Frå og med 1990 har ein arrangert den årlege song- og joikekonkurransen Sámi Grand Prix.

Teater

Beaivváš Sámi Našunálateáhter er den einaste profesjonelle teaterinstitusjonen i Noreg med samisk som scenespråk. Teateret har sete i Kautokeino, men turnerer òg i dei samiske områda i nabolanda. Giron Sámi Teáhter er eit samisk teater med sete i Kiruna. Åarjelhsaemien Teatere er eit sørsamisk teater som har hatt sete i Noreg og Sverige.

Massemedium

Aviser og tidsskrift

Samisk Kultur 
Frå Nuorttanaste, det eldste samiske bladet som framleis kjem ut.

Den fyrste avisa på nordsamisk var Saǥai Muittalægje, som kom ut frå 1904 til 1911.

Ávvir er ei dagleg dagsavis som kjem ut på nordsamisk. Det blir også gjeve ut ein del samiske blad, som Nuorttanaste, Š nuoraid magasiidna, Daerpies Dierie og Samefolket.

Fjernsyn og radio

Det finst korte nyheitssendingar på nordsamisk på norsk, svensk og finsk fjernsyn. Den samiske nyhendesendinga Ođđasat på 15 minutt blir sendt 5 dagar i veka i Finland, Sverige og Noreg. Samisk tale blir teksta på majoritetsspråket, mens majoritetsspråkleg tale blir dubba til samisk. Det er også blitt laga barne-tv på samisk, som Mánáid-TV, som gjekk på NRK frå 1991 til 2016.

NRK Sápmi lagar samisk stoff for NRK radio, fjernsyn og nettstaden NRK.no. I Finland er Yle Sámi Radio ein del av Yle, eller Rundradion. Yle sende den satiriiske programserien Märät säpikkäät i åra 2012-2013. Frå og med 2013 hadde Yle også eigne Yle Ođđasat-sendingar, men dei sender framleis i lag med dei andre nordiske landa.

Dataspel

Den fyrste store samiske dataspelsatsinga kom i 2022, med Skábma: Snowfall. Spelet er på nordsamisk og har ein samisk hovudperson.

Institusjonar

Samisk Kultur 
Frå friluftsmuseet Siida

Museum

Samisk kultur blir bevart og formidla av museum som De samiske samlinger og museumsstiftinga RiddoDuottarMuseat i Karasjok, Varanger Samiske Museum i Varangerbotn i Nesseby, Äʹvv skoltesamisk museum i Neiden i Sør-Varanger, Tana museum i Tanadalen, Samtidsmuseet for nordlige folk i Manndalen i Kåfjord, Gállogieddi i Evenes, Saamelaismuseo Siida i Enare og Ájtte, Svenskt fjäll- och samemuseum i Jokkmokk.

Saemien Sijte er eit norsk nasjonalt museum for sørsamisk historie og kultur på Snåsa. Árran på Drag i Tysfjord er eit lulesamisk senter som omfattar museum. Várdobáiki er eit tilsvarande senter for markesamisk og sjøsamisk kultur. Samisk Museumslag er ein organisasjon for samiske museum og andre museum med samiske samlingar i Noreg.

Større nasjonale museum i landa samar bur i har òg husa mange samiske gjenstandar. Nokre av desse er tilbakeførte til lokalmiljøa sine. Bååstede er eit prosjekt for å tilbakeføra samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til samiske museum.

Samisk Kultur 
Plenumssalen i det norske Sametinget med den norske kongen og kronprinsen til stades.

Organisasjonar

Det finske, norske, og svenske Sametinget tek mellom anna for seg samisk kultur og gjev støtte til han i kvar sine land. Sametinga samarbeider gjennom Samisk parlamentarisk råd. Nordisk sameråd eller berre Samerådet er ein paraplyorganisasjon for samiske organisasjonar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Samisk kunstnerverksted i Máze (Masi) blei skipa i 1978. Det danna grunnlaget for Sámiid dáidačehpiid searvi (Samiske kunstneres forbund), som blei skipa i 1979. Samisk kunstnerråd (nordsamisk Sámi dáiddaráđđi, SDR) er eit felles administrativt sekretariat for dei fem samiske kunstnarorganisasjonane Juoigiid Searvi, Samisk kunstnerforbund (Sámi Dáiddačehpiid Searvi/Sámi Artists Union, SDS), Samisk Forfatterforening (Sámi Girječálliid Searvi), Samiske Komponister (Sámi Komponisttat) og Sámi Teáhter Searvi (STS).

Samisk Forfatterforening (Sámi Girječálliid Searvi) er ei foreining for skjønnlitterære forfattarar som gjev ut verk på samisk. Foreninga Samiske Forfattere (Searvi sámi girječálliide) er ei foreining for skjønnlitterære og faglitterære samiske forfattarar som skriv på alle språk.

Sami Siida of North America organiserer samar og sameinteresserte i Canada og USA.

Prisar og utmerkingar

Áillohaš musikkpris er ein samisk musikkpris med namn etter Nils-Aslak Valkeapää, kjend som Áillohaš.

Gollegiella er ein samisk språkpris for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.

Årets skolt (skoltesamisk Eeʹjj säʹmmlaž -cistt, finsk Vuoden koltta -palkinto) er ein pris gjeven til personar som har bidrege stort til skoltesamisk språk eller kultur.

Sjå også

Kjelder

Litteratur

  • Helander-Renvall, Elina: Silde. Saamelaisten myyttejä ja tarinoita. Utsjoki: Elina Helander-Renvall, 2006. ISBN 952-92-0123-0.
  • Helander, Elina & Kailo, Kaarina (red.): Ei alkua ei loppua. Saamelaisten puheenvuoro. Helsinki: Like: Suomen rauhanpuolustajat, 1999. ISBN 951-578-632-0. * Hirvonen, Vuokko: Saamenmaan ääniä. Saamelaisen naisen tie kirjailijaksi. (Sámeeatnama jienat: Sápmelas nissona bálggis girjecállin, 1999.) Väitöskirja: Oulun yliopisto. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 1999. ISBN 951-746-087-2.
  • Jomppanen, Karen: Lapin käsitöitä. Sami kiehtatuojik. Porvoo: WSOY, 1982. ISBN 951-0-10694-1.
  • Lehtola, Teuvo: Saamelainen perintö. Inari: Kustannus-Puntsi, 2001. ISBN 952-5343-09-X.
  • Lehtola, Veli-Pekka: Saamelaiset : historia, yhteiskunta, taide. Inari: Kustannus-Puntsi, 1997. ISBN 951-97541-2-1. , 2. päivitetty laitos 2015 (ISBN 978-952-5343-51-0)
  • Lindgren, Anna-Riitta: Helsingin saamelaiset ja oma kieli. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2000. ISBN 951-746-205-0.
  • Lohiniva, Leena: Govvan. Saamelaisesta kuvataiteesta. Näyttely Rovaniemen taidemuseossa 16.10.1999–9.1.2000 ja Siida-saamelaismuseossa 19.1.–27.2.2000. Rovaniemi: Rovaniemen taidemuseo, 1999. ISBN 952-9554-29-X.
  • Pääkkönen, Erkki: Saamelaisuus sirkumpolaarisena etnisyytenä. Dieđut 1/1995. Oulu: Guovdageaidnu: University of Oulu, Research Institute of Northern Finland: Sámi instituhtta, 1995. ISBN 951-42-4189-4.
  • Seurujärvi-Kari, Irja (red.): Beaivvi mánát. Saamelaisten juuret ja nykyaika. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2000. ISBN 951-746-129-1.
  • Seurujärvi-Kari, Irja & Halinen, Petri & Pulkkinen, Risto (red.): Saamentutkimus tänään. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2011. ISBN 978-952-222-220-6.
  • Stenros, Manne (red.): Saamelaiset. Lahti: A la carte books, 2007. ISBN 978-952-5290-61-5.

Bakgrunnsstoff

Samisk Kultur  Commons har multimedium som gjeld: Samisk kultur

Tags:

Samisk Kultur SymbolSamisk Kultur SpråkSamisk Kultur LevesettSamisk Kultur KunstSamisk Kultur MassemediumSamisk Kultur InstitusjonarSamisk Kultur Sjå ogsåSamisk Kultur KjelderSamisk Kultur LitteraturSamisk Kultur BakgrunnsstoffSamisk KulturKulturNaturSamar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Boris JohnsonA Whiter Shade of Pale13. februarStorbritanniaBangladeshElsa LystadFredrik II av PreussenPumaNamnedag1986Steingardar i NoregNorrøntEmmanuel MacronAppelsinDeltaMeisterklasseNeville SouthallHalsnøySomaliregionenFirkantfolketPCascadaDet engelske herrelandslaget i fotballAlenØystein SundeSkottlandFinsk fonologiOtto JespersenCristiano RonaldoEuropaJesusSnøskuterTone Wilhelmsen TrøenAC/DCHalsSamsungBeer AjamViking FotballklubbXenofobiPolenHjortetakksaltPåskeeggArnold SchwarzeneggerAserbajdsjanSandsøya i SandeHydrometerFin GnattTrondheimRussararLasse KjusApparatturnJa, vi elsker dette landetBiologisk familieSogndal kommuneValhallMartin ØdegaardDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenÄlvdalenNihilismeAkslaJolly ColaIndonesiaMax ReinhardtAtle HamarSovjetunionens kommunistiske partiMaya AngelouStrilamålBruttonasjonalprodukt2023Dr. JohnArne BrimiMarilyn MonroeSavoykålVM i fotball 2010🡆 More