Tetrapodar, firfotingar eller firbeinte virveldyr er ei gruppe virveldyr som stammar frå dei første firlemma virveldyra som byrja gå opp på landjorda.
Tetrapodar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda Jaekel, 1909 |
Gruppa omfattar klassane amfibium, fuglar, reptilar og pattedyr.
Det vitskaplege namnet Tetrapoda kjem av gresk τετραποδη og er sett saman av tetra, 'fire' og podes, 'føter'.
I nolevande tetrapodar er det framleis vanleg å ha fire lemmar, men dei kan vera omdanna til til dømes armar eller venger. Nokre dyr har også mista nokre eller alle lemmene att, som kvalar, delfinar, sirenedyr, ormepadder og slangar. Tetrapodar pustar med lunger som vaksne, men amfibia pustar med gjeller når dei er heilt unge (sjå rumpetroll).
Tetrapodar utvikla seg frå kjøtfinnefiskar for rundt 395 millionar år sidan, under devontida.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tetrapodar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.