Havørn: Art i haukefamilien

Havørn (Haliaeetus albicilla) er den største rovfuglen i Nord-Europa.

Havørn
Havørn i flukt
Havørn i flukt
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av havørn
Utbreiinga av havørn
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Haliaeetus
Art: Havørn H. albicilla
Vitskapleg namn
Haliaeetus albicilla

Som andre ørnar høyrer ho til haukefamilien.

Havørn: Skildring, Levevis, Leveområde
Havørn i fangenskap.

Skildring

Ungfuglen har svart og brun stjert med noko lyst i og svart nebb. Vaksne fuglar har kvit stjert og gult nebb. Begge kjønn har same utsjånad.

Havørna blir mellom 87 og 100 cm lang. Den vaksne hofuglen kan ha eit vengespenn på opptil 240 cm, medan hannfuglen er noko mindre. Ein fugl kan bli opptil 50 år gammal, men det er sjeldan.

Havørn: Skildring, Levevis, Leveområde 
Juvenil.

Levevis

Havørna lever av fisk og sjøfugl, men tek òg åtsel.

Ho byggjer store reir av kvister og greiner som ho forer med lyng, tang, mose og gras. Ofte bruker ørna same reir i fleire år. Ho legg egg mellom slutten av mars og mai. Dei to–tre egga blir ruga på i 35 til 45 dagar av begge foreldra.

Leveområde

Eldre havørnar held seg som oftast på ein stad, medan yngre fuglar streifar rundt omkring og trekkjer til dels sør- og vestover om vinteren.

Noreg

I Noreg finst ørnane langs kysten frå Finnmark til Vest-Agder. Dei hekkar på øyar og holmar langs heile kysten, men mest i Nord-Noreg. Ifølgje Norsk Raudliste har talet på dyr vore veksande dei siste tretti åra, og bestanden på 4000–6000 reproduserande individ er rekna som robust. Utbygginga av vindmøller i hekkeområda har likevel medført fleire dødsfall.

Sverige

I Sverige hekkar havørna først og fremst ved Austersjøkysten, ved sør- og mellomsvenska sjøar og i Lappland. EIn kan sjå den i heile Sverige og har vore hekkfugl i alle svenske landskap utanom Dalsland, Härjedalen og Jämtland. Svenske havørnar kan vinterstid flytte sørover så langt som til Mellom-Europa, men kan òg flytte kortare strekningar eller bli verande i hekkeområdet.

Danmark

Havnørna er ein relativt sjeldsynt fugl i Danmark, idet den opphavlege bestanden vart utrydda i 1917, men den gjeninnvandra i 1995 og bestanden er no stigande. Den finst hovudsakleg i Sønderjylland og i Austersjøområdet m.a. på det sørlege Sjælland og Lolland-Falster. Den er lettast å sjå om vinteren.

Galleri

Kjelder

    Referansar

Bakgrunnsstoff

Havørn: Skildring, Levevis, Leveområde  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Havørn

Tags:

Havørn SkildringHavørn LevevisHavørn LeveområdeHavørn GalleriHavørn KjelderHavørn BakgrunnsstoffHavørnHaukefamilienNord-EuropaRovfuglØrn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TolvfingertarmOffentleg eigedomOdesaNorskMalawi27. marsGoogolLeksikonWashington County i OregonAlenWikipediaFridtjof NansenFirkantfolketDonald SutherlandVladimir LeninBeaufortskalaenLShagnasty IslandKrageflagellatNotoddenIngrid Gjessing LinhaveAsbjørnsen og MoeDifferensialdiagnoseNedbørRussararFilmjølkBibelbeltetNasjonaldagJa, vi elsker dette landetAkershus fylkeWikimaniaOsloAtropinVärmlandskAgnetha FältskogWikiOrganisasjonen av oljeeksporterande landTredje påskedagKirgisistanDei største øyane i verdaPåskekrimHalsnøySamvirkelagProfessor emeritusAndré GideDet tyske herrelandslaget i fotballTropisk syklonHardy-gutteneStord kommuneIrskRanavik-SkjersholmaneSigurd NesdalCristiano RonaldoDen kalde krigenInformasjonskapselRoald ØyenSofie MarhaugHeilage NikolasPåskekyllingVonElvdalskNobelprisen i litteraturVaktlarSauEirik RaudeTidslinje over norsk historieSvastikaApe1. juliÆrfuglBaltimoreJonsokEpídavros🡆 More