Seglarfuglar (Apodiformes) er ein biologisk orden av tre familiar, seglarar, treseglarar og kolibriar med vitskaplege namn Apodidae, Hemiprocnidae og Trochilidae høvesvis.
Seglarfuglar | |
Rubinstrupekolibri Archilochus colubris | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av seglarfuglar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes Peters, 1940 |
Med nesten 450 identifiserte artar so langt, er dette den mest talrike orden av fuglar etter Passeriformes.
Som det latinske namnet på denne ordenen viser til ( «utan føter» på latinsk), er beina små og har avgrensa funksjon bortsett frå til å kvile på. Føtene er dekt med berr hud i staden for skjel som andre fuglar har. Eit anna felles kjenneteikn er lange venger med kort, kraftfullt overarmsbein, humerus. Evolusjonen av desse vengekjenneteikna har gjeve kolibriar ideelle venger for å 'stille' i lufta.
Dei tre familiane deler andre anatomiske likskapar med kvarandre. Dei deler dessutan likskapar med dei mest sannsynlege slektningane, uglesvalene, spesielt med omsyn til kranium. Uglesvalene er har tilsynelatande konvergerande evolusjon med dei nært slekta natteramnar, Caprimulgiformes, som dannar ein klade Cypselomorphae med Apodiformes.
Taksonomien av ordenen Apodiformes for seglarar og kolibriar, samt ordenen Caprimulgiformes for froskemunnar, natteramnar og andre relaterte fugleartar, blir for tida endra av taksonomiske autoritetar. Revisjonen av The Clements Checklist of Birds of the World, (eBird/Clements Checklist v2016), frå august 2016 har allereie iverksett ei endring slik at seglarar og kolibriar går inn i Caprimulgiformes. Apodiformes går ut som takson og Caprimulgiformes blir den største ordenen nest etter sporvefuglar med 580 artar.
Ordenen Apodiformes er ein del av taksonomien i IOC-lista. Etter 11.2 revisjonen i 2021 er natteramnar einaste familien i Caprimulgiformes.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Seglarfuglar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.