Hotel California

«Pretty Maids All in a Row»

Hotel California
Singel av Eagles
frå albumet Hotel California
B-side

Språk engelsk
Utgjeve Februar 1977
Innspelt 1976
Sjanger reggaerock, hardrock
Lengd 6:30
Selskap Asylum
Komponist Don Felder
Tekstforfattar Glenn Frey, Don Henley, Don Felder
Låtskrivar(ar) Don Felder, Glenn Frey, Don Henley
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«New Kid in Town»
(1976)
Hotel California «Life in the Fast Lane»
(1977)


«Hotel California» er tittelsporet på eit album med same namn av Eagles og kom ut på singel i februar 1977. Songen er ein av dei mest kjende songane innan albumorientert rock. Songen er skriven av Don Felder (musikk), Don Henley og Glenn Frey (tekst). På originalinnspelinga syng Henley solovokal og han endar med ein lang gitarsolo av Felder og Joe Walsh. Songen har fått mange tolkingar av fans og kritikarar, men Eagles har skidlra songen som «tolkinga deira av det gode livet i Los Angeles». I ein dokumentar frå 2013 kalla History of the Eagles sa Henley at songen var om «ei reise frå uskuld til erfaring...det er alt».

Historie og ry

«Hotel California» toppa Billboard Hot 100-lista i USA i ei veke i mai 1977 og nådde tiandeplassen på Easy Listening-lista. Billboard rangerte songen på 19. plassen for årslista i 1977. Tre månader etter songen kom ut hadde singelen seld til gullplate for ein million selde eksemplar i USA. Eagles vann òg årets singel for 1977 med songen i 1978.

I 2009 hadde songen seld til platina for ein million digitale nedlastingar.

Musikken til songen kom frå ein demo skriven og spelt inn av Don Felder. Han gav songen til Don Henley og Glenn Frey så dei kunne skrive tekst. Songen ligg høgt på mange lister og lesarundersøkingar. Magasinet Rolling Stone rangerte songen på 49. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. Han ligg òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Gitarsoloen i songen vart av lesarane til magasinet Guitarist kåra til den beste gitarsoloen gjennom tidene i 1998 og vart rangert på åttandeplassen på lista til Guitar Magazine over dei 100 beste gitarsoloane.Han vart òg kåra til den beste 12-strengsgitarsongen av Guitar World.

Songen er ein av dei mest populære og kjende songane til Eagles og har vore spelt fast på konsertane deira sidan han kom ut. Konsertversjonar finst på Eagles Live frå 1980 og i ein akustisk versjon i 1994 på Hell Freezes Over. Hell Freezes Over-versjonen vart framført med åtte gitarar og ein spanskklingande stil, med Don Felder sitt flamenco-inspirerte arrangement i introen.

Glenn Frey skildra opphavet til songen:

« Songen byrja som ein demo, ein instrumental av Don Felder. Han hadde gjeve oss lydband med songidear sidan han kom med i bandet, alltid instrumentar, sidan han ikkje song. Men denne demoen, i motsetnad til mange av dei andre, hadde rom for synging. Han fanga merksemda vår med ein gong. Den første arbeidstittelen me gav han var «Mexican Reggae». »

Tolking

Last thing I remember I was running for the door
I had to find the passage back to the place I was before
"Relax," said the night man, "We are programmed to receive
You can check out any time you like but you can never leave

Don Henley, Glenn Frey

Teksten er ei surrealistisk soge om ein trøytt reisande som sjekkar inn på eit luksushotell. Hotellet verkar først fristande, men syner seg å vere ein marerittstad der «you can check out anytime you like, but you can never leave» (du kan sjekke ut når som helst, men aldri dra). Songen er ein allegori om hedonisme, sjølvøydelegging og grådigheit i musikkindustrien seint i 1970-åra. Don Henley kalla det «vår tolking av overklasselivet i Los Angeles» og la seinare til: «Det er i hovudsak ein song om det mørke underlivet i den amerikanske draumen og om utsvevande liv i Amerika, som er noko me kjenner godt til.» I 2008 skildra Don Felder opphavet til teksten:

« Don Henley og Glenn skreiv det meste av teksten. Alle av oss køyrde inn i L.A. i natta. Ingen av oss var frå Californa, og om du køyrer inn i L.A. om natta...så ser du denne gløden i horisonten av lysa, og bileta byrja å vandre gjennom hovudet ditt om Hollywood og alle draumane du har, så det var på ein måte om det... det me starta å skrive om. Å kome inn i L.A.... og frå det kom 'Life in the Fast Lane' og 'Wasted Time' og fleire andre songar. »

Omgrepet «colitas» i det første verset tyder «små endar» på spansk og var mexicansk slang for knoppane på cannabisplanter (marihuana).

I eit intervju i 2009 med The Plain Dealer spurte John Soeder Don Henley dette om teksten:

« På «Hotel California» syng du: «So I called up the captain / 'Please bring me my wine' / He said, 'We haven't had that spirit here since 1969.'» Eg err kanskje ikkje den første som seier dette til deg, men vin er ikkje ein sprit. Vin er gjæra; sprit er destillert. Angrar du på den teksten? »

Henley svarte:

« Takk for rettleiinga, og nei du er ikkje den første som seier dette og du er ikkje den første som mistolkar teksten og overser metaforen. Tru meg, eg har drukke nok alkohol i mi tid til å vite kva dei er laga av og kva dei heiter. Men den linja i songen har lite eller ingenting med alkohol å gjere. Det er ei samfunnspolitisk uttrykksmåte. Det eg angrar på er å måtte forklare det i detalj for deg. »

I følgje Glenn Frey i omslaget til The Very Best Of var bruken av ordet «steely» i teksten «They stab it with their steely knives, but they just can't kill the beast,» eit ordspel på bandet Steely Dan, som hadde nytta teksten «Turn up the Eagles, the neighbors are listening» i songen sin «Everything You Did».

Harmonisk struktur

Introduksjonen og versa nytta ein akkordprogresjon som er åtte taktar lang. Kvar takt er gjeven ein enkel akkord. Sju forskjellige akkordar er nytta i dei åtta taktane. Når songen opnar er det først i den åttande takten at ein akkord vert repetert. Songen vart opphavleg spelt inn i h-moll.

Akkordane er som følgjer:

    Bm-F#-A-E-G-D-Em-F#
    eller
    i-V-VII-IV-VI-III-iv-V

Den åtte taktar lange sekvensen vert reptert i introen, for kvart vers og i avslutninga, der det dannar den harmoniske rama for den lange gitarsoloen mot slutten av songen. Ei forklaring av progressjonene r at det ein vanleg flamenco-progresjon kalla «spansk progresjon» (i-VII-VI-V i ein frygisk kontekst) med etterfølgjande kvintar i mellom.

Denna akkordsekvensen er ikkje ein mykje brukt akkordprogressjon og Ian Anderson frå Jethro Tull har peikt på likskapen med hans eigen song «We Used to Know» frå albumet Stand Up frå 1969, og lurte på om Eagles hadde høyrt songen då dei turnerte i lag. Sjølv om Eagles hadde opna for Jethro Tull i juni 1972, kom ikkje Don Felder, som skreiv musikken, med i bandet før i 1974. Felder har sagt at han aldri hadde høyrt «We Used to Know».

Refrenget nyttar fem av dei sju akkordane i songane, strukturert med ein melodi som skiftar frå h-moll til D-dur:

    G-D-F#-Bm-G-D-Em-F#
    eller D-dur:
    IV-I-III-vi-IV-I-ii-III

Medverkande

Andre versjonar

Mange andre artistar har spelt inn versjonar av «Hotel California»:

  • Al B. Sure! gav ut ein versjon på albumet Private Times...and the Whole 9! (1990).
  • Alabama 3: på albumet La Peste (2000).
  • Buranovskie Babushki på udmurt
  • Micheal Castaldo på italiensk på albumet Bergamot.
  • Igor Džambazov - «Hotel Macedonia» - ein versjon på makedonsk.
  • Majek Fashek gav ut ein reggaeversjon.
  • Gipsy Kings: Ein flamencoversjon med spansk tekst, gjeven ut i 1988 og nytta i filmen The Big Lebowski.
  • Sam Hui i 1977.
  • Lydia Lunch & Cypress Grove på albumet Twin Horses
  • Marilyn Manson i ein konsertversjon for fjernsynsserien Californication.
  • Moonraisers i 1998 med ein reggaeversjon og fleire remiksar.
  • Frank Ocean gav ut ein versjon Nostalgia, Ultra (2011) kalla «American Wedding»
  • Rascal Flatts spelte ein countryversjon av songen under Grammyprisutdelinga i 2007.
  • Rhythms del Mundo i 2009 på albumet Classics, med The Killers.
  • Max Romeo gav ut ein reggaeversjon på albumet Something is Wrong (1999).
  • Roo'ra gav ut ein versjon på albumet Angel Without Wings (1995).
  • Nancy Sinatra på albumet Nancy Sinatra - California Girl.
  • SkaDaddyZ i ein reggae/skaversjon i 1999.
  • Sylvain Cossette ein franskanadisk songar i 2008 på albumet 70's Volume 2.
  • Tangerine Dream i 2010 på albumet Under Cover - Chapter One.
  • The Cat Empire: ein fransk jazz (L'Hotel de Californie) med fransk tekst, spelt inn for Triple J i 2009.
  • The Moog Cookbook gav ut ein versjon på albumet Ye Olde Space Bande (1997).
  • Ukulele Orchestra of Great Britain spelar songen i «Fly Me (Off The Handel)».
  • Det rumenske bandet Vama Veche gav ut ein song på rumensk på det andre albumet.
  • Den cubanske gruppa Vocal Sampling spelte inn ein acappella-versjon av songen i 2008 på Akapelleando.

Parodiar

Av parodiar finn ein:

  • Det kristne parodibandet ApologetiX spelte songen som «Hotel Can't Afford Ya», om Jesu fødsel på albumet Jesus Christ Morningstar.
  • Det brasilianske TV-showet Comédia MTV spelte inn ein versjon kalla «Hotel Diadema» (som refererte til byen Diadema).
  • Gomez et Dubois - «Hotel commissariat» (fransk).
  • Countryparodikaren Cledus T. Judd spelte songen som «Motel Californie» i 1995 på debutalbumet Cledus T. Judd (No Relation).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hotel California Historie og ryHotel California TolkingHotel California Harmonisk strukturHotel California MedverkandeHotel California Andre versjonarHotel California KjelderHotel California BakgrunnsstoffHotel California

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Carles Puigdemont2020Vegard UlvangBuskerud fylkeSpeidarrørslaOseanografiMP3HypertrofiSpaniaRumpeldunkFolkestyreVaterbordPlaneten MarsEarl ScruggsOrganistStortinget T-banestasjonMauritaniaApeBygdedyretSigmund FreudInsulinPorsgrunnssangenFaryngittHlíðarfjallLagerthaReligionskrigRimLoddeAthamánesSosialdarwinismeAugust den sterkeAldous HuxleyBalusterTrepunktsopphengMeteoraRagnhild BrochmannTonsillBloggKnut Marius DjupvikFranz LisztSymbol i hinduismenIdrettshallSilvia av SverigeKristian ØdegårdAsbjørnsen og MoeXboxRepublikkNordland fylkeGrønHomofiliEikefjordLysEventyrMiddelhavetSpedbarnDet norske alfabetetOboJean-François MilletRichie FaulknerKleopatraLike-til-likeNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973BukspyttkjertelenAkslaLønnReutersLinn UllmannDonald TrumpValdresStian AasenKommune🡆 More