34°3′8″N 118°14′34″W / 34.05222°N 118.24278°W / 34.05222; -118.24278
City of Los Angeles | ||
---|---|---|
Downtown Los Angeles | ||
| ||
Styresmakter | ||
Delstat Fylke | California Los Angeles County | |
Geografi | ||
Flatevidd | 1 290,6 km² | |
Innbyggjarar - By (1. april 2020) - folketettleik | 3 898 747 3165/km² | |
Høgd over havet | 93 m | |
Tidssone | PT (UTC-8) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://lacity.gov | ||
Plassering | ||
Los Angeles (ofte korta til LA) er ein storby sør i delstaten California på vestkysten av USA. Los Angeles er den største byen i California, og den nest største byen i USA med eit innbyggjartal på 3 798 981 (2002), med forstadar kring 17,5 millionar.
LA ligg i Los Angeles County. Byen er USA sitt største byområde i utstrekning, med kring 1200 km² i samla flatevidd.
Området Los Angeles ligg på har vore folkesett av amerikanske urfolk i tusenvis av år, i hovudsak av Chumashfolket og Tongvafolket.
Europearar kom til Los Angeles fyrste gong i 1542, då spanjolen Juan Cabrillo reiste gjennom området. Det var ikkje før i 1769 at spanjolane etablerte ein varig busetnad i området, da dei etablerte Mission San Gabriel Arcangel her.
Den 4. september 1781 grunnla nybyggjarar frå misjonen ein by. Denne byen vart kalla El Pueblo de Nuestra Señora la Reina de los Ángeles de la Porciúncula. Namnet syner tilknyting til Fransiskanarane.
Fram til den meksikansk-amerikanske krigen i 1846-48 var byen ein liten meksikansk småby. Etter at USA erobra California byrja byen å veksa snøgt, som eit resultat av gullfeberen frå 1849. I 1850 fekk Los Angeles bystatus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Los Angeles, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.