Bukspyttkjertelen: Blandingskjertel i bukhola

Bukspyttkjertelen (lat.

pancreas) er ein kjertel som har to funksjonar:

Bukspyttkjertelen
Bukspyttkjertelen: Anatomi, Funksjon, Sjukdommar i bukspyttkjertelen
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD010179
Bukspyttkjertelen: Anatomi, Funksjon, Sjukdommar i bukspyttkjertelen
Tolvfingertarmen og bukspyttkjertelen. (Magesekken og den tversgåande delen av tjukktarmen er fjerna).

Anatomi

Bukspyttkjertelen er eit retroperitonealt organ som ligg bakom magesekken på bakre bukvegg.

Bukspyttkjertelen: Anatomi, Funksjon, Sjukdommar i bukspyttkjertelen 
Oversyn over fordøyingssystemet med bukspyttkjertelen («bile duct») avteikna.

Hjå menneske er bukspyttkjertelen eit lite, langstrekt, organ i bukhola. Anatomisk består han av hovud, (lat. caput pancreatis), kropp, (lat. corpus pancreatis), og hale (lat. cauda pancreatis). Hovudet ligg mot den andre delen av tolvfingertarmen, medan halen strekkjer seg mot milten. Utførselsgangen til kjertelen (lat. ductus pancreaticus) går gjennom heile kjertelen og tømmer seg i den andre delen av tolvfingertarmen gjennom ein liten, tappforma utvekst som heiter papilla Vateri på latin. Gallegangen går hjå dei fleste saman med bukspyttkjertelgangen nær denne staden.

Blodforsyninga til bukspyttkjertelen kjem frå pancreaticoduodenalarteriene som er greiner av arteria mesenterica superior. Den venøse dreneringa går gjennom dei pancreaticoduodenale venene og endar i vena porta (portvenen]. Miltvenen (vena splenica) ligg bak busspyttkjertelen, men denne skal ikkje drenera sjølve kjertelen. Portvenen er danna av vena mesenterica superior og miltvenen, desse går saman bak bukspyttkjertelen hjå dei fleste menneske.

Funksjon

Eksokrin

Bukspyttkjertelen er kledd av ein kapsel som deler kjertelen i lobuli. Storparten av kjertelen består av eksokrine celler som dannar opphopingar kalla acini på latin (eintal acinus). Cellene er fylte med små korn (granulae) som inneheld inaktive forstadier til meltingsenzym (i blant kalla proenzym), dei mest vanlege er: trypsinogen, chymotrypsinogen, pancreaslipase og amylase. Desse korna vert kalla zymogengranula; zymogen peikar på det inaktive forstadiet til enzyma.

I tolvfingertarmen vert inaktivt trypsinogen omdanna til trypsin som er eit aktivt enzym og som i sin tur fjernar aminosyrer frå inaktivt chymotrypsinogen og omdannar dette til det aktive enzymet chymotrypsin. Desse enzyma kan dela opp polypeptid (som kjem frå meltinga i magesekken) i mindre delar som kan resorberast frå tarmen. Dei kan også aktivera forstadier til andre enzym. Det er viktig at bukspyttkjertelen produserer inaktive enzym, slik at dei ikkje kan øydeleggja celler eller andre delar av kjertelen (sjå pancreatitt). Sekret frå bukspyttkjertelen samlar seg i gangar mellom lobuli, desse går saman i hovudutførselsgangen til bukspyttkjertelen. Denne tømmer seg direkte i tolvfingertarmen.

Bukspyttkjertelen er hovudkjelda til enzym som løyser opp feitt (lipidar) og protein. Slimhinnene i tarmveggene inneheld enzym som kan spalta karbohydrat (polysakkarid). Sekretet frå bukspyttkjertelen inneheld bikarbonationar og er alkalisk (basisk) for å kunna nøytralisera det sure tarminnhaldet som kjem frå magesekken. Kontrollen av bukspyttkjertelen sin eksokrine funksjon går gjennom enzyma gastrin, cholecystokinin og secretin, som vert utskilde av cellene i magesekken og tolvfingertarmen når desse organa vert utvida av mat eller drikke. Dei stimulerer bukspyttkjertelen til å danna sine sekret.

På grunn av dei sterke enzyma som sekreta til bukspyttkjertelen inneheld, er det svært alvorleg når kjertelen vert skada og enzyma lek ut i kjertelen eller i bukhola. Slik skade krev nøye medisinsk overvaking og behandling.

Endokrin

Spreidde i det eksokrine vevet i bukspyttkjertelen ligg små klumpar av celler som er kalla dei langerhanske øyane. Dette er dei endokrine cellene i kjertelen, og dei produserer insulin, glucagon og fleire andre hormon. Øyane inneheld tre hovudtypar celler — alfaceller, betaceller, og deltaceller. Betacellene, som produserer insulin, er langt dei fleste. Alfacellene lagar glucagon og deltacellene somatostatin, som fører til lågare nivå av både glucagon og insulin. Der er òg PP celler og D1 celler, men ein kjenner lite til desse førebels.

Sjukdommar i bukspyttkjertelen

  • Godarta svulstar
  • Kreft i bukspyttkjertelen (Cancer pancreatis)
  • Cystisk fibrose
  • Diabetes mellitus
  • Pancreatitt
    • Akutt pancreatitt
    • Kronisk pancreatitt
  • Pseudocyster i bukspyttkjertelen

Historikk

Bukspyttkjertelen vart oppdaga av Herophilus (ca. 300 f.Kr.), ein gresk anatom og kirurg. Han er den første anatomen ein kjenner til. Eit par hundre år seinare namngav Ruphos (ca. 100 f. Kr.), ein annan gresk anatom, bukspyttkjertelen (pancreas).

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Bukspyttkjertelen: Anatomi, Funksjon, Sjukdommar i bukspyttkjertelen  Commons har multimedium som gjeld: Bukspyttkjertelen

Tags:

Bukspyttkjertelen AnatomiBukspyttkjertelen FunksjonBukspyttkjertelen Sjukdommar i bukspyttkjertelenBukspyttkjertelen HistorikkBukspyttkjertelen KjelderBukspyttkjertelen BakgrunnsstoffBukspyttkjertelenKjertelLatin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KredittkortThor HeyerdahlRosenborg BallklubVik kommuneSigmaHeinoEreksjon1900-taletIndonesiaScrabbleOksidasjonArab al-AramsheHyseHalloNorsk Bonde- og SmåbrukarlagTonari no TotoroFredrik SolvangAC/DCQueenTromsø kommuneJHVHTorskØresundbruaSusanne SundførRumpeldunkTraktorStilarkRekonvalesensÅAnne RimmenNoregABBALuganoBritiske monarkarDei fem K-ane i sikhismenNasjonaldagLangeLydfartFin GnattProfessor emeritusÅkermans Verkstad«Tirpitz» i ÅsenfjordenMeter per sekundEli Kari GjengedalMachu PicchuBrasilGoogleHjortetakksaltROBEKApollonØElvis PresleyEgyptDompapDen norske språkstridenStikkelsbærBiologisk systematikkAustvågøyKlitorisOsloWienerklassisismenFilmserien Harry PotterSyriaSkognPilfinkBerlinblokadenBybanen i BergenEnkeltbekkasinJordbruksrevolusjonenTranebærCubaGjærHovudsideBanefart🡆 More