A- Og B-Side

A-side og B-side er det opphavlege namnet nytta på dei to sidene på ei 7-tommar vinylplate, som singlar vart gjevne ut på i starten av 1950-åra og fram til byrjinga av 1990-åra.

Uttrykket kom til ved at songen som vart plassert på A-sida var den som plateprodusenten håpte ville få speletid på radio og verte ein hit, medan B-sida, den andre sida av plata, var ein song som ofte vart sett på som mindre god. Ofte var B-sida ein song som ikkje kom med på albumet som A-sida ofte kom frå, anten fordi det ikkje var plass eller han ikkje var god nok.

A-side
B-side
Victor 17929A og 17929B.

Etter at singlane byrja å kome ut på CD, har dei ofte inneheldt meir enn to songar, der song nr. 1 fungerer som A-side. Dei andre songane på ein slik singel vert likevel ofte kalla «b-sider». Stundom gjev grupper ut eigne plater med samlingar av slike b-sider som ikkje har vorte gjevne ut på andre album tidlegare.

Dobbel A-side

Ei «dobbel A-side» er ein singel som har to songar som kjem inn på listene. Dette vart innført av The Beatles i 1965 med singelen deira «Day Tripper» som kom ut på singel i lag med «We Can Work It Out» då bandet fann ut at begge songane var like gode og at dei ikkje ville gje den eine status som B-side.

Sidan enkelte singellister, som den amerikanske Billboard-lista, baserer seg både på platesal og radiospeling, kan begge sidene på same singel kome inn på lista samstundes.

Tags:

Vinylplate

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IltalehtiFranskDet tredje riketJantelovenGramKaptein SabeltannMogopCommunist Party of Great BritainSigmaSamisk kulturKvartalNorske kommuneblomarIranFilmen EllingAlderspensjonCelina MidelfartTilsynelatande storleiksklasseArbeidarpartietBieSvartehavetMJonas Gahr StøreDen gamle verdaValerij ZaluzjnyjEukaryotarRakiaMesonGarri KasparovBloggKinagrasFylkesveg 751WikifrasarBroccoliniParasittologiAlbert EinsteinStrategispelI Dovregubbens hallGezer regionale kommuneReligiøse nasjonalsymbolRichie FaulknerEtnos og demosAluminiumNasjonaldraktOdd Nerdrum11. februarStore norske leksikon20. aprilGåsVestleg kampkunstOuverture i fransk stilKurdararVigselFredrik SkavlanCoca-ColaAda LovelaceLokeWattensMrs. RobinsonPil918Bobby BareVolda kommuneSandy DennyTrekanthandelHumphrey BogartHollywood Walk of FameNasjonalrettNord-AmerikaVinter-OL 1968StorbritanniaArian EngebøSinaihalvøyaHumlePakistan🡆 More