Trepunktsoppheng

Trepunktsoppheng er ei reiskapskopling for (opphavleg) bakmontert reiskap på traktorar.

Det vart utvikla av Harry Ferguson, saman med Willie Sands, Thomas McGregor Greer og John Chambers, alle irar. Trepunktsopphenget kombinert med djupnregulering må sjåast som ei av dei viktigaste oppfinningane innan landbruksmekanisering.

Trepunktsoppheng
Plog montert i trepunktsopphenget på ein Ferguson.

Oppbygging

Trepunktsoppheng 
Moderne trepunktsoppheng.
1. Utvendig reglering av lyftarmar, som gjer det lettare å kopla til/frå reiskap
2. Stillbare løftestag
3 Toppstag,
4. Trekkstenger
5. Kraftuttakstapp
6. Trekkbom
7. Eksterne uttak (tipputtak)
Trepunktsoppheng 
Frontmontert trepunktsoppheng på ein Claas Celtis 436 RX.
Trepunktsoppheng 
Oppbygging av frontmontert trepunktsoppheng:
1 - Hevarm
2 - Toppstag
3 - Feste
4 - Løftesylinder
5 - Stillbart løftestag
6 - Trekkstong
7 - Snøggkoppling

Trepunlysopphenget har to trekkstenger og eit toppstag som reiskapen vert festa i. Trekkstengene kan hevast og senkast hydraulisk, for å gi reiskapen rett arbeidsdjupn, eller høgd over bakken. Trekkstengene og toppstaget har kuleledd i begge endar og kan røra seg fritt sidevegs. Med unnatak av nokre store rammestyrte traktorar har så godt som alle moderne landbrukstraktorar trepunktsoppheng bak. Mange har òg frontmontert trepunktsoppheng.

Standardiserte kategoriar

Dimensjonane på trepunktskoplinga er i dag standardisert. Det finst fleire kategoriar, alt etter storleiken på traktoren.

Kategori 0 1 2 3 4L 4H
Kraftuttakseffekt ved turtal opp til 20 hp opp til 48 kW opp til 92 kW 80–185 kW 150–350 kW 150–350 kW
Toppstag
Kulediameter 50 mm 60 mm
Kulebreidd (maks) 44 mm 51 mm 51 mm 64 mm 64 mm
Boltdiameter (toleranse) 5/8" 19 mm (0; -0,08) 25,5 mm (0; -0,13) 32 mm (0; -0,2) 45 mm (0; -0,8) 45 mm (0; -0,8)
Ljosavstand til sikringspinnen (min) 76 mm 93 mm 102 mm 140 mm 140 mm
Trekkstenger
Kulediamter 44 mm 56 mm 64 mm
Kulebreidd (toleranse) 35 mm (0; -0,2) 45 mm (0; -0,2) 45 mm (0; -0,2) 57,5 mm (0; -0,5) 57,5 mm (0; -0,5)
Boltdiameter (toleranse) 5/8" 22,4 mm (+0,25; 0) 28,7 mm (+0,3; 0) 37,4 mm (+0,35; 0) 51,0 mm (+0,5; 0) 51,0 mm (+0,5; 0)
Avstand frå midten av trekksengene til midtlinja i traktoren ca. 10" 359 mm 435 mm 505 mm 610 od. 612 mm 610 od. 612 mm
Lateralt avvik av nedre kopling til midtstilling (min.) 100 mm 125 mm 125 mm 130 mm 130 mm
Avstand frå enden av kraftuttaksakslingen til midt i koplingspuntet i trekkstongkulene ved hosisontale trekkstenger 500–575 mm 550–625 mm 575–675 mm 575–675 mm 610–670 mm

Snøggkopling

Trepunktsoppheng 
Snøggkopling på trepunktsopphenget på ein traktor.
Trepunktsoppheng 
Kategori 3 snøggkopling på ein Fendt 936 Vario.

Trepunktsopphenget kan utstyrast med snøggkopling, som gjer det lettare å kopla til og frå ulike reiskap. Nokre snøggkoplingar gjer det muleg å kopla til og frå reiskap utan at føraren forlet førarplassen. Forutan å spara tid gjer dette at føraren er mindre utsett for ulukker. som for eksempel ved at han kjem i klem mellom traktoren og reiskapen. .

Djupnregulering

Det opphavlege trepunktsopphenget til Ferguson (og alle moderne versjonar) var utstyrt med automatisk djupnregulering. Under pløying i homogent jordsmon til dømes er trykkrafta i toppstaget proporsjonal med arbeidsdjupna. Denne krafta vart nytta som djupnesensor i det opphavlege systemet og vert det framleis på moderne små og mellomstore traktorar. Større traktorar, som for det meste nyttar delbore reiskap, har i staden sensorar som måler strekkrafta i trekkstengene.

Når jordsmonet er skiftande vil trykket i toppstaget variera og arbeidsdjupna vil variera noko. For å motverka dette har fleire produsentar innført stillbar demping og såkalla blandingsregulering, som i tillegg til trykkrafta i toppstaget òg tek omsyn til høgda på trekkstengene.

Kraftoverføring

Ved til dømes pløying vert plogen innstilt (ved å regulera lengda på toppstaget) slik at han søkjer seg nedover. Dette fører til at det verkar ei nedoverretta vertikal kraft på plogen, så for å halda plogen på rett djupn må trekkstengene, i fylje Newton si 3. lov, lyfta med ei like stor kraft i motsett retning (oppover). Dette fører i sin tur til at ei like stor nedoverrette vertikal kraft verkar på drivhjula på traktoren og pressar dei mot bakken, noko som aukar marktrykket og motverkar hjulspinn. Djupnereguleringa aukar difor trekkrafta til traktoren. Om ein ikkje nyttar djupnekontroll lyt vekta, og difor massen, på traktoren aukast, anten med hjulvekter eller ved at ein fyller veske i dekka. Så lenge Ferguson var einerådande på marknaden med djupnkontroll hadde traktorane deira difor eit stort føremon.

Traktorkroppen pendlar om bakakselen og fungerer som ei vektstong, der den nedoverretta vertikale krafta i trekkstengene fører til eit moment om bakakselen, som freistar å lyfta fronten på traktoren. Men på grunn av trykkrafta i toppstaget oppstår det eit moment i motsett retning, som gjev opphav til ei nedoverretta vertikal kraft på framhjula. Dette hindrar at traktoren steglar og/eller at ein misser styringa. Trepunktopphenget kombinert med djupneregulering er difor ein svært effektiv måte å kopla reisksapen til traktoren.

Utbreiing

Trepunktsoppheng 
Vicon kunstgjødselspreiar montert i trepunktsopphenget på ein Allis Chalmers.

Ferguson hadde fleire patent på trepunktsopphenget og djupnreguleringa, så det var fyrst då patenta gjekk ut på 1950-talet at andre produsentar tok til å utstyra traktorane sine med trepunktoppheng og djupnregulering. Dette var meir eller mindre kopiar av systemet til Ferguson, med det vart etter kvart innført ulike forbetringar. Ford samarbeidde med Ferguson og produsert traktorar for han frå 1939 til 1947, men heldt fram med å nytta Ferguson-systemet på sine eigne traktorar etter at dette. I dag har alle traktorar trepunktsoppheng, med unnatak av dei aller største, som berre nyttar slepereiskap. Mange store og mellomstore traktorar har òg trepunktsoppheng framme, men da utan fri siderørsle.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Trepunktsoppheng OppbyggingTrepunktsoppheng Standardiserte kategoriarTrepunktsoppheng SnøggkoplingTrepunktsoppheng DjupnreguleringTrepunktsoppheng UtbreiingTrepunktsoppheng ReferansarTrepunktsoppheng BakgrunnsstoffTrepunktsopphengHenry George FergusonNord-IrlandTraktorTraktorreiskap

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

I Dovregubbens hallEngland og WalesLiechtensteinElisabeth TerlandOksidasjonJonas Gahr Støre8. aprilSikhismenEinatAsker kommune2024Gezer regionale kommuneMaren LundbyBloggNorskChristianiaRombeSylvi ListhaugGranHannoverParis2016RSSOperativsystemSunndalsøraSlaveKabaRefraksjonJacob Tullin ThamsBieGrodagenJonas LieCanon EOS 250DVinter-OL 1968Albert GleizesLokeMoteSkottlandRichie FaulknerDen gamle verdaSvartebokaNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973SigmaBill ChamplinPhilip Seymour HoffmanBærum SportsklubbSaltGraham NashKjerringSupermannNicolette LarsonSilkehegreKjønnshårVeneziaTeltSpelet HundreListe over primtalSosialismeNasjonaldrikkSamleieEuropaBiologisk familieTutankhamonThorleif HaugLitografiDeltaSamisk kulturMikal KirkholtNihilismeGeorg III av StorbritanniaTarjei VesaasNazistKjell HovdaInternett🡆 More