Rolling Stone er eit amerikansk magasin som er dedikert til musikk og populærkultur.
Det blei grunnlagt i San Francisco i 1967 av Jann Wenner (som framleis er redaktør og utgivar) og musikkritikar Ralph J. Gleason. Til å byrja med blei bladet identifisert med hippie-bevegelsen, men distanserte seg frå andre undergrunnsmagasin ved å omfamne meir tradisjonelle journalistiske standardar og unngå radikale, politiske idear. Då Rolling Stone satsa på å dekke politikk på byrjinga av 70-talet, var det gjennom den særeigne gonzojournalistikken til Hunter S. Thompson.
Rolling Stone | |||
| |||
Oppretta | 1967 | ||
---|---|---|---|
Grunnleggjar | Jann Wenner | ||
Språk | engelsk | ||
Nettstad | https://rollingstone.com |
På byrjinga av 1980-talet flytta magasinet til New York for å kome nærare reklamebransjen, og blei på same tidspunkt meir reinhåra (m.a. ved å narkotikateste tilsette). Mange meiner at Rolling Stone mista sjela si, og blei eit anna blad ved denne overgangen.
Bladet gjennomgjekk ei ansiktsløfting på byrjinga av 2000-talet, etter at salstala hadde sokke takka vere konkurranse frå manneblad som Maxim og FHM. Bladet satsar no på å nå eit yngre publikum ved å fokusere på unge og pene stjerner.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rolling Stone, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.