Twitter

Twitter, sidan juli 2023 profilert som X, er eit nettsamfunn og ei mikrobloggingsteneste.

I Twitter får brukarane sende og lese andre brukarar sine oppdateringsmeldingar; på engelsk vert desse kalla tweets, på norsk er det tale om kvitring. Meldingane ein sender er tekstbaserte, og kan vere opp til 140 teikn. 26. oktober 2017 starta Twitter ei prøveordning der eit utval av brukarane kan sende medlingar på opp til 280 teikn.

Twitter
Twitter
Twitter
BransjeSosiale medium
Skipa21. mars 2006
EigarElon Musk
HovudkontorSan Francisco
LandUSA
ProduktNettsamfunn
Grunnleggjar(ar)Jack Dorsey, Biz Stone, Evan Williams
Adm.dir.Linda Yaccarino (5. juni 2023)
Nettstadhttps://twitter.com

Soge

Twitter starta som eit forskings- og utviklingsprosjekt i selskapet Obvious i San Francisco i mars 2006 og vart fyrst berre nytta internt i selskapet. Jack Dorsey sende den aller første twittermeldinga 21. mars 2006, med orda «just setting up my twttr». «Twttr» var arbeidsnamnet på tenesta før den vart offentleg lansert for allmenn bruk i oktober 2006.

Gjennom Twitter kan informasjon formidlast raskt. Då eit fly frå Turkish Airlines styrta ved Schiphol i februar 2009, vart det formidla fyrst gjennom Twitter. Vel så viktig er likevel at Twitter er eit medium for løpande kontakt, t.d. mellom venner og i sosiale nettverk. Også fleire politikarar har teke i bruk mediet, t.d. brukte Barack Obama det aktivt i kampanjen for å verte amerikansk president i 2008. President Donald Trump nyttar Twitter særs aktivt og har over 44 millionar følgjarar. I Noreg har mange framståande politikarar teke i bruk tenesta.

I august 2014 vart Twitter som fyrste sosiale medium, nytta til å erklære krigstilstand mot eit anna land. Det var president i Aserbajdsjan, İlham Alijev, som viaTwitter erklærte krig mot grannelandet Armenia.

Twitter bruker språkplattformer på engelsk og (sidan april 2008) japansk.

Etter "Twitter" logoen blei endra til "X" på hovudkvarteret i San Fransisco 24. juli fekk bedriften 24 klager på grunn av brot på tryggleik. Skiltet blei fjerna etter tre dagar.

Tenesta

Oppdateringane kan visast på profilsida til brukarane, og vert mottekne av andre brukarar som har meldt seg på for å lese dei. Brukarane kan skrive og lese via Twitter-websida, SMS, RSS, epost eller ved hjelp av nettsamfunn som Twitterrific eller Facebook.

På Twitter vert emneknagg nytta for å kategorisere og knytte meldingar saman. Emneknaggar gjer det enklare og søke og gjer meldingane meir synlege. Twitter anbefalar å nytte ein til to emneknaggar i kvar melding som beste praksis. Emneknagg vart introdusert av Chris Messina 23. august 2007, men vart i byrjinga avvist. Gjennombrotet for emneknaggar kom i oktober 2007 då lokale brannmenn nytta emneknaggen #SanDiegoFire for å kvitre om ei rekkje skogbrannar i området.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Twitter  Commons har multimedium som gjeld: Twitter

Tags:

Twitter SogeTwitter TenestaTwitter KjelderTwitter BakgrunnsstoffTwitterBloggingNettsamfunn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SitatJani Soininen1900-taletLangeSionismeVasaloppetMark St. JohnKorintarOrkidéfamilienVinkelmomentTantawan TuatulanonLigue 1We Don't Wanna Put InInuittisk kulturSamvirkelagVibeke SkofterudRøysKongsmarihandJimmy BuffettDet norske statsflaggetFascismeKnut Jørgen Røed ØdegaardHelena BrodtkorbYSikhismenNot AloneTangensElvis PresleyIram HaqCommunist Party of Great BritainSionistIrakDet norske alfabetetEFFrode AndresenHákarlHeaven for EveryoneTromsø kommuneSebuMotiv i bildeHandball-EM 2012 for mennHestekraftRøstad skoleAlderspensjonHarry PotterCamilla CollettØyvor BakkeÁvvirErika MahringerJobs bokNM i alpine greiner 1957VendlandVardø kommuneSaltDet Kongelige TeaterDet internasjonale fonetiske alfabetetMarioRhinenFader vårChris BrownTequilaHaakon VII av NoregLed ZeppelinSpaniaMarilyn MonroeOlav V av NoregNato-alfabetetAstrid LindgrenGine Cornelia PedersenSilikatMaskinentreprenørenes ForbundItaliaSørum kommuneCan’t Buy Me Love900🡆 More