Tysk historie
|
Det tredje riket (òg kalla Nazi-Tyskland) er ei nemning på det nazistisk styrde Tyskland i tida 1933–45. Riket vart leidd av diktatoren Adolf Hitler, som fekk tittelen «Føraren» (Der Führer). «Det tredje riket» (ty. Das dritte Reich) refererer til det tysk-romerske riket som «Det første riket», og det tyske keisarriket som «Det andre riket».
På sitt aller største, i 1942 strekte det tredje riket seg frå Frankrike i vest til Volga, grensa til Asia, i aust, og frå Noreg i nord til ørknane i nord-Afrika. På det tidspunktet var verda inne i dei kanskje aller viktigaste dagane av andre verdskrigen, med slag som skulle komme til å avgjera framtida både i Afrika og kanskje aller viktigast i Stalingrad.
Fleire og fleire tyskarar la ned liva sine for Hitler og det 3. riket sin kamp for utviding og rasereinsing, men kampen vart heile tida hardare, ettersom dei allierte voks seg sterkare og sterkare. I 1945 tapte nazistane krigen og Tyskland vart okkupert og delt inn i fire soner: ei sovjetisk, ei fransk, ei storbritannsk og ei USA-amerikansk. Okkupasjonen heldt fram til 1949, då den sovjetiske sona vart omgjord til Den tyske demokratiske republikken (Aust-Tyskland) og dei tre andre sonene til Forbundsrepublikken Tyskland (Vest-Tyskland).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Det tredje riket, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.