27-årsklubben (engelsk 27 club) er ei liste over populære musikarar, kunstnarar eller skodespelarar som døydde då dei var 27 år gamle, ofte som følgje av dop- og alkoholmisbruk, eller som følgje av drap, sjølvmord eller transportulukker.
Då fleire 27 år gamle, populære musikarar, som Brian Jones, Jimi Hendrix, Janis Joplin og Jim Morrison, døydde mellom 1969 og 1971 førte dette til ei tru om at dødsfalla var meir vanlege ved denne alderen, men det finst ikkje statistikk som understøttar dette. Sjølv om det vart kommentert at desse musikarane som døydde kring 1970 alle var 27 år gamle, var det først då Kurt Cobain døydde 27 år gammal i 1994 at ideen om «27-årsklubben» skaut fart.
I 2011, 17 år etter Cobain døydde, omkom Amy Winehouse 27 år gammal, og dette førte til ny omtale av «27-årsklubben» i media. Tre år tidlegare, hadde ho uttrykt frykt for å døy ved den alderen.
«Klubben» er ofte blitt omtalt i musikkmagasin, journalar og pressa. Fleire utstillingar har dreidd seg om ideen, og det same har romanar, filmar og skodespelar. Temaet er òg omtalt i fleire songar som «27 Forever» av Eric Burdon frå 2013 på albumet hans 'Til Your River Runs Dry.
Namn | Fødselsdato | Dødsdato | Offisiell dødsårsak | Kjend for | Referanse |
---|---|---|---|---|---|
Alexandre Levy | 10. november 1864 | 17. januar 1892 | Ukjend | Komponist, pianist og dirigent | |
Louis Chauvin | 13. mars 1881 | 26. mars 1908 | Neurosyfilitisk sklerose | Ragtime-musikar | |
Robert Johnson | 8. mai 1911 | 16. august 1938 | Gift (stryknin [ikkje stadfesta]) | Bluessongar og musikar. | |
Nat Jaffe | 1. januar 1918 | 5. august 1945 | Komplikasjonar av høgt blodtrykk | Swingjazz-pianist | |
Jesse Belvin | 15. desember 1932 | 6. februar 1960 | Bilulukke | R&B-songar, pianist og låtskrivar | |
Rudy Lewis | 23. august 1936 | 20. mai 1964 | Naroktikaoverdose | Vokalist i The Drifters | |
Joe Henderson | 24. april 1937 | 24. oktober 1964 | Hjarteattak | R&B- og gospelsongar | |
Malcolm Hale | 17. mai 1941 | 30. oktober 1968 | Forgifting (karbonmonoksid) | Originalt medlem og sologitarist i Spanky and Our Gang | |
Dickie Pride | 21. oktober 1941 | 26. mars 1969 | Narkotikaoverdose (sovepillar) | Rock and roll-songar | |
Brian Jones | 28. februar 1942 | 3. juli 1969 | Drukning (likskodemannen skreiv «død ved uhell») | Originalt medlem, gitarist og multi-instrumentalist i Rolling Stones | |
Alexandra | 19. mai 1942 | 31. juli 1969 | Bilulukke | Tysk schlagersongar | |
Alan «Blind Owl» Wilson | 4. juli 1943 | 3. september 1970 | Narkotikaoverdose (sovemedisin), mogeleg sjølvmord | Frontmann, songar og låtskrivar i Canned Heat | |
Jimi Hendrix | 27. november 1942 | 18. september 1970 | Kvelning | Banebrytande gitarist, songar og låtskrivar for The Jimi Hendrix Experience og Band of Gypsys | |
Janis Joplin | 19. januar 1943 | 4. oktober 1970 | Narkotikaoverdose (truleg heroin) | Solovokalist og låtskrivar for Big Brother and the Holding Company, the Kozmic Blues Band og Full Tilt Boogie Band | |
Arlester «Dyke» Christian | 13. juni 1943 | 13. mars 1971 | Myrda | Frontman, vokalist og bassist i Dyke and the Blazers | |
Jim Morrison | 8. desember 1943 | 3. juli 1971 | Hjartesvikt | Songar, tekstforfattar og leiar av The Doors | |
Linda Jones | 14. desember 1944 | 14. mars 1972 | Komplikasjonar av diabetes | Soulsongar | |
Leslie Harvey | 13. september 1944 | 3. mai 1972 | Død ved elektrisk straum | Gitarist for Stone the Crows og bror til Alex Harvey | |
Ron «Pigpen» McKernan | 8. september 1945 | 8. mars 1973 | Magetarmblødning | Grunnleggjande medlem, klaverspelar og songar i Grateful Dead | |
Roger Lee Durham | 14. februar 1946 | 27. juli 1973 | Fall av ei hest og døydde av skadane | Songar og perkusjonist i Bloodstone | |
Wallace «Wally» Yohn | 12. januar 1947 | 12. august 1974 | Flystyrt | Organist i Chase | |
Dave Alexander | 3. juni 1947 | 10. februar 1975 | Lungeødem | Bassist for The Stooges | |
Pete Ham | 27. april 1947 | 24. april 1975 | Sjølvmord ved henging | Klaverspelar og gitarist, leiar i Badfinger | |
Gary Thain | 15. mai 1948 | 8. desember 1975 | Narkotikaoverdose (heroin) | Tidlegare bassist i Uriah Heep og The Keef Hartley Band | |
Cecilia | 11. oktober 1948 | 2. august 1976 | Bilulukke | Songar | |
Helmut Köllen | 2. mars 1950 | 3. mai 1977 | Forgifting (karbonmonoksid) | Bassist i Triumvirat | |
Chris Bell | 12. januar 1951 | 27. desember 1978 | Bilulukke | Songar-låtskrivar og gitarist i powerpopbandet Big Star og solo | |
Zenon De Fleur | 9. september 1951 | 17. mars 1979 | Bilulukke og påfølgjande komplikasjonar | Gitarist for The Count Bishops | |
Jacob Miller | 4. mai 1952 | 23. mars 1980 | Bilulukke | Reggaeartist og songar i Inner Circle | |
D. Boon | 1. april 1958 | 22. desember 1985 | Bilulukke | Gitarist, songar i punkbandet Minutemen | |
Alexander Bashlachev | 27. mai 1960 | 17. februar 1988 | Fall frå ei høgd, mogeleg sjølvmord | Poet, rockemusikar og låtskrivar | |
Jean-Michel Basquiat | 22. desember 1960 | 12. august 1988 | Narkotikaoverdose (speedball) | Målar og graffitikunstnar, skipa bandet Gray | |
Pete de Freitas | 2. august 1961 | 14. juni 1989 | Motorsykkelulukke | Trommeslagar for Echo & the Bunnymen | |
Chris Austin | 24. februar 1964 | 16. mars 1991 | Flystyrt | Countrysongar og gitarist/felespelar for Reba McEntire | |
Dimitar Voev | 21. mai 1965 | 5. september 1992 | Kreft | Poet, skipar av det bulgarske new wave-bandet New Generation | |
Mia Zapata | 25. august 1965 | 7. juli 1993 | Myrda | Songar i The Gits | |
Kurt Cobain | 20. februar 1967 | 5. april 1994 ca. | Sjølvmord med hagle | Skipar, songar, gitarist og låtskrivar for Nirvana | |
Kristen Pfaff | 26. mai 1967 | 16. juni 1994 | Narkotikaoverdose (heroin) | Bassgitarist for Hole og Janitor Joe | |
Richey Edwards | 22. desember 1967 | 1. februar 1995 | Forsvann, offisielt antatt død 23. november 2008 | Tekstforfattar og for Manic Street Preachers | |
Stretch | 8. april 1968 | 30. november 1995 | Myrda | Rapper | |
Fat Pat | 4. desember 1970 | 3. februar 1998 | Myrda | Rapper og medlem av Screwed Up Click | |
Freaky Tah | 14. mai 1971 | 28. mars 1999 | Myrda | Rapper og medlem av hiphopgruppa Lost Boyz | |
Kami | 1. februar 1972 | 21. juni 1999 | subaraknoidalblødning | Trommeslagar for Malice Mizer | |
Rodrigo Bueno | 24. mai 1973 | 24. juni 2000 | Bilulukke | Cuarteto-songar | |
Sean Patrick McCabe | 13. november 1972 | 28. august 2000 | Kvelning | Songar i Ink & Dagger | |
Maria Serrano Serrano | 26. november 1973 | 24. november 2001 | Flystyrt | Korsongar for Passion Fruit | |
Jonathan Brandis | 13. april 1976 | 12. november 2003 | Sjølvmord ved henging | Film- og TV-skodespelar | |
Jeremy Michael Ward | 5. mai 1976 | 25. mai 2003 | Narkotikaoverdose (heroin) | Lydmanipulator The Mars Volta og De Facto | |
Pat Tillman | 6. november 1976 | 22. april 2004 | Skoten av eigen eld | Profesjonell amerikansk fotballspelar og Army Ranger | |
Davor "Moskri" Bobić | 24. november 1977 | 25. august 2005 | Narkotikaoverdose | Originalt medlem og førsterapper i Prti Bee Gee | |
Bryan Ottoson | 18. mars 1978 | 19. april 2005 | Narkotikaoverdose (reseptbelagt medisin) | Gitarist for American Head Charge | |
Valentín Elizalde | 1. februar 1979 | 25. november 2006 | Myrda | Mexicansk bandasongar | |
Damien «Damo» Morris | 22. mai 1980 | 19. desember 2007 | Bussulukke | Medlem av det australske deathcore-bandet The Red Shore | |
Orish Grinstead | 2. juni 1980 | 20. april 2008 | Nyresvikt | Grunnleggjande medlem av R&B-gruppa 702 | |
Lily Tembo | 20. november 1981 | 14. september 2009 | Magekatarr | Zambisk popsongar | |
Elizabeth «Bispy» Amirian | 20. januar 1982 | 12. februar 2009 | Myrda | Songar-låtskrivar | |
Nate Niec | 3. mars 1982 | 6. oktober 2009 | Bilulukke | Bassist i fleire punkrockband | |
Achik Spin | 1. juli 1982 | 17. april 2010 | Bilulukke | Medlem av det malayiske popgruppa Spin | |
Amy Winehouse | 14. september 1983 | 23. juli 2011 | Alkoholforgifting | Songar-låtskrivar | |
Richard Turner | 30. juli 1984 | 11. august 2011 | Hjartestans | Trompetist, samarbeidspartnar med Friendly Fires | |
Nicole Bogner | 22. mars 1984 | 6. januar 2012 | Sjukdom | Songar i Visions of Atlantis | |
Sahara Davenport | 17. desember 1984 | 1. oktober 2012 | Hjartesvikt | Drag queen, songar, TV-personlegdom og dansar | |
Soroush "Looloosh" Farazmand | 31. oktober 1986 | 11. november 2013 | Myrda | Gitarist i det iransk-amerikanske bandet The Yellow Dogs | |
Slađa Guduraš | 11. august 1987 | 10. desember 2014 | Bilulukke | Bosnisk popsongar og skodespelar | |
Tomas Lowe | 5. desember 1988 | 13. februar 2016 | Bilulukke | Bassist for Viola Beach | |
Thomas Fekete | 1. juli 1988 | 31. mai 2016 | Kreft | Gitarist for Surfer Blood | |
Anton Yelchin | 11. mars 1989 | 19. juni 2016 | Kvelning | Skodespelar, gitarist for The Hammerheads | |
Kim Jong-hyun | 8. april 1990 | 18. desember 2017 | Sjølvmord ved karbonmonoksidforgifting | Vokalist og tekstforfattar for Shinee | |
Fredo Santana | 4. juli 1990 | 19. januar 2018 | Leversvikt | USA-amerikansk rapper | |
Harry Hains | 4. desember 1992 | 7. januar 2020 | Sjølvmord | Australsk skodespelar og produsent |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article 27-årsklubben, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.