Moldedialekt

I Romsdal er det berre ein eigentleg by, Molde, men Åndalsnes har òg bystatus.

Hovudforskjellane på romsdalske bygdemål og dialekten i Molde er desse:

På bygdene seier dei «då» og «me», medan dei i Molde seier «da» og «vi».

Bydialekten har forenkla grammatikk og bøyingsmønster i forhold til bygdemåla. Det ser ein mellom anna i pronomena, såleis 2. person fleirtal, der bygdemåla i høvesvis subjektform, objektform og eigeform har /de/, /dåkkå/ og /dåkkå sin/sitt/sine/, mens moldedialekten har /dåkker/, /dåkker/ og /dåkkers/.

Bydialekten har klare og sterke diftongar (tvilydar) der bygdemåla har monoftongisering av ei-lyden i ord som heil og veit og skeiv.

Som all romsdalsdialekt høyrer moldedialekten i hovudsak til vestnorske målføre, nærmare bestemt dei nordlege e-måla. Men dialektane i Romsdal har òg trekk som gjer at dei blir rekna som grensemål mellom vest- og austnorske målføre, såleis mellom anna tjukk l (men ikkje for rd).

Nynorsk skriftmål har ikkje enno slått gjennom i Molde by, sjølv om grunntrekka i moldedialekten sjølvsagt er meir i samsvar med nynorsk skriftmål enn med ordinært «moderat»-konservativt bokmål.

Tags:

DialektMoldeRomsdalÅndalsnes

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Graham NashTsjernobylBjørn Alexander BremPetter Northug216 KleopatraUnder My ThumbFinnskogenIs This the Life We Really Want?SoldatPeriferieininga IoánninaJens StoltenbergSkjør astmaFiskFiskandDet norske flaggetJohan BojerStore norske leksikonMånekakeThe Concert in Central ParkKristian ØdegårdAyn RandKommunismeEDeep PurpleArne Kjell LarsenGerd WessigMøteplassMrs. RobinsonJonsereds Fabrikers ABJacob Tullin ThamsNils GaupLuftfartøyKristopher SchauLagerthaNato-alfabetetBlood on the TracksJofamilienStenografiFinnøyYuji TakeshimaTilsynelatande storleiksklasseIsraelMarit BjørgenAmursvaleAnnaLinda EideBizkaiaStorbritanniaStig ClaessonTetraAkarnanikóSteingardar i NoregGeorg V av StorbritanniaSandy DennyCristiano RonaldoLol CremeVellingElvis PresleyRådyrGåsMidsommarMiddelhavetIca-regionenBill StewartArvo ViitanenSnikkarFilmserien Harry PotterJohn P. HammondCornelis VreeswijkCupvinnarcupfinalen i fotball 1969Serious Hits… Live!AluminiumOljefelt🡆 More