Israel: Land i Midtausten

(norsk: Israel, israelsk)

    Denne artikkelen handlar om landet. For namnet, sjå namnet Israel.
מדינת ישראל
(Medinat Yisra'el)
دولة إسرائيل
(Dawlat Israil)

Det israelske flagget Det israelske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hatikvah»
Motto ingen
Geografisk plassering av Israel
Offisielle språk hebraisk, arabisk
Hovudstad Jerusalem (omstridd)
Styresett
Parlamentarisk republikk
Reuven Rivlin
Yair Lapid
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
20 770 km² (151.)
~2%
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2003)
 – Tettleik
 
8 299 706 (98.)
6 780 000
399,6 /km² (19.)
'
Frå mandatet til Folkeforbundet
14. mai 1948 (5. ijjár 5708)
Nasjonaldag 5. ijjár
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
281 800 mill. USD (54.)
35 800 USD (36.)
Valuta Ny israelsk shekel
Tidssone UTC +3
Telefonkode +972
Toppnivådomene .il

Israel, offisielt Staten Israel (hebraisk מְדִינַת יִשְׂרָאֵל, Medīnat Yisrā'el; arabisk دولة إِسرائيل, Dawlat Isrāʼīl) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt lita utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.

Den 29. november 1947, tilrådde SNs generalforsamling at ein implementerte delingsplanen deira for Palestinamandatet. Den 14. mai 1948 erklærte David Ben-Gurion, leiaren for Sionistorganisasjonen og Jødisk byrå for Palestina «opprettinga av ein jødisk stat i Israels land, som skal heite Staten Israel», ein sjølvstendig stat som enda Palestinamandatet 15. mai 1948. Arabiske armear frå nabolanda invaderte Palestina dagen etter og kjempa mot dei israelske styrkane. Israel har sidan kjempa fleire krigar med dei nærliggjande arabarlanda, og har i løpet av desse stridane okkupert Vestbreidda, Sinaihalvøya (mellom 1967 og 1982), delar av Sør-Libanon (mellom 1982 og 2000), Gazastripa og Golanhøgdene. Staten har annektert delar av desse territoria, mellom anna Aust-Jerusalem, men grensa til Vestbreidda er omstridd. Israel har signert fredsavtalar med Egypt og Jordan, men forsøk på å løyse den israelske–palestinske konflikten har så langt ikkje ført til fred.

Det økonomiske senteret i Israel er Tel Aviv, medan Jerusalem er den mest folkerike byen og hovudstaden i landet, sjølv om han internasjonalt ikkje vert rekna som ein del av Israel.

Av etniske grupper i Israel finn ein askenasiske jødar, mizrahiske jødar, palestinarar, sefardiske jødar, jemenittiske jødar, etiopiske jødar, bahrainske jødar, beduinar, drusarar, og mange andre grupper. Folketalet i Israel, som talt av Israelsk statistisk sentralbyrå, var i 2014 estimert til 8 146 300 innbyggjarar, og av desse var 6 110 600 jødiske, mange av blanda etnisk bakgrunn. Den nest største folkegruppa i landet er arabarar, med 1 686 000 innbyggjarar (inkludert drusarar og dei fleste arabarane i Aust-Jerusalem). Dei fleste israelske arabarane er muslimar, inkludert delvis fastbuande beduinar. Resten er kristne og drusarar. Andre minoritetar er maronittar, samaritanarar, svarte hebraiske israelittar, andre afrikanarar, armenarar, tsjerkessarar, romfolk og andre. Det er òg mange utanlandske arbeidarar og asylsøkjarar i Israel frå Afrika og Asia.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren er regjeringssjef medan presidenten har ei heller seremoniell stilling, og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia, og av dei høgaste forventa levealdrane i verda.

Etymologi

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Merneptah-stelen. Det finst alternative omsetjingar, men dei fleste bibelske arkeologane set om hieroglyfane som Israel, som gjer dette til den eldste historiske nedteikninga av namnet Israel.

Då sjølvstendet kom i 1948, tok landet namnet «Staten Israel» (Medinat Yisrael) etter at forslag om andre historiske og religiøse namn som Eretz Israel («Israels land»), Zion og Judea, vart avslått.

Namna Israels land og barn av Israel har historisk synt til høvesvis det bibelske Kongedømet Israel og heile den jødiske nasjonen. Namnet Israel viser til patriarken Jakob (moderne hebraisk Yisraʾel, Isrāʾīl; gresk Ἰσραήλ Israēl; «kamp med Gud») som i følgje Bibelen vart gjeven dette namnet etter at han vann ein kamp med ein engel. Dei tolv sønene til Jakob var stamfedrar for israelittane, òg kalla «dei tolv stammene i Israel» eller «barn av Israel». Jakob og sønene hans hadde budd i Kanaan, men vart tvinga av svelt til å dra til Egypt i fire generasjonar, før Moses, eit tippoldebarn av Jakob, førte israelittane tilbake til Kanaan under flukta frå Egypt. Første gongen ordet «Israel» er nemnt er på Merneptah-stelen i Det gamle Egypt (datert til 1200-talet fvt.).

Området vert òg kalla Det heilage landet, og er heilag for alle abrahamske religionar inkludert jødedom, kristendom, islam og bahaitrua. Frå 1920 vart heile regionen kalla Palestina (under Det britiske mandatet) fram til Israel erklærte sjølvstende i 1948. Gjennom historia har området hatt forskjellige namn, som Judea, Samaria, Sør-Syria, Syria Palestina, kongedømet Jerusalem, provinsen Judea, Coele-Syria, Retjenu og Kanaan.

Historie

Tidlegast historie

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Kongedømet Israel på 1000-talet fvt.

Namnet «Israels land», på hebraisk kalla Eretz Yisrael, har vore viktig og heilag for jødane sidan bibelsk tid. I følgje Toraen, lovde Gud landet til dei tre patriarkane for det jødiske folket. På grunnlag av Skrifta har dei tre patriarkane blitt plassert til ein stad tidleg på 1000-talet fvt., og det første Kongedømet Israel vart oppretta kring 1000-talet fvt. Etterfølgjande israelittiske kongedøme og statar vart styrt periodisk over dei neste fire hundre åra, og er kjend frå forskjelilge utanombibelske kjelder.

Det nordlege kongedømet Israel, i tillegg til filistiske bystatar, fall i 722 fvt., medan det sørlege Kongedømet Judea og fleire fønikiske bystatar framleis eksisterte då regionen kom under Assyria. Då babylonarane kom til, vart Judea til slutt erobra i 586 fvt.

Antikken

Med det påfølgjande persiske styret vart regionen, som var delt mellom provinsen Syria-Coele og seinare det sjølvstendige Yehud Medinata, gradvis utvikla attende til eit bysamfunn, stort sett dominert av judearar. Den greske erobringa gjekk stort sett føre seg utan motstand og interesse. Det vart innlemma i det ptolemaiske og seinare Selevkideriket, og det sørlege Levanten vart kraftig hellenisert, medan spaninga voks mellom judearane og grekarane. Det braut ut strid i 167 fvt. med Makkabearopprøret, som førte til at det sjølvstendige hashmoneiske kongedømet i Judea vart oppretta, som seinare utvida seg over det meste av det moderne Israel, medan selevkidane gradvis mista kontroll i området.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Skattar, inkludert Menoraen, ført i ein romersk triumf etter omleiringa av Jerusalem i år 70 (original relieff frå Titusboge i Roma).

Romarriket invaderte regionen i 63 fvt., og tok først kontroll over Syria, og gjekk så inn i den hashmoneiske borgarkrigen. Kampen mellom pro-romersk og pro-parthiske fraksjonar i Judea førte til at Herodes den store tok over makta og til opprettinga av det herodiske kongedømet som ein judeisk vasallstat under Roma. Då dette kongedømet forsvann vart Judea omgjort til ein romersk provins, og ein valdeleg strid mellom jødane og gresk-romarane kulminerte i dei jødisk-romerske krigane, og endra i omfattande øydelegging, utdriving og folkemord. Det jødiske nærværet i regionen vart kraftig svekt då Bar Kokhba-opprøret mot romarane mislukkast i år 132. Det var likevel eit lite jødisk nærvær og Galilea vart eit religiøst senter. Mishnah og ein del av Talmud, sentrale jødiske tekstar, vart skrivne på 100- til 300-talet i Tiberias og Jerusalem. Regionen vart busett av hovudsakleg av gresk-romarar på kysten og samaritanarar i åsane. Kristendommen utvikla seg gradvis på kostnad av romersk heidenskap då området var under bysantinsk styre og vart omgjort til eit bispedøme for austen i provinsane Palaestina Prima og Palaestina Secunda. Gjennom 400- og 500-talet forma samaritanaropprøra landet med store øydeleggingar av bysantinsk-kristne og samaritanske samfunn, og ein minke i folketalet. Etter persarane erobra landet og grunnla det jødiske samveldet i 614, tok Austromarriket igjen over styret i 625 og forfallet og øydeleggingane i regionen heldt fram.

Mellomalderen

I 635 vart regionen, inkludert Jerusalem, erobra av arabarar. Det var verande under muslimsk kontroll med hovudsakleg muslimske folkesetnader dei neste 1300 åra. Kontrollen over regionen gjekk frå omajadane, abbasidane, og krossfararar dei neste seks hundreåra, før området vart erobra i 1260 av Mamelukk-sultanatet.

I 1516 vart regionen erobra av Det osmanske riket og vart verande under tyrkisk styre fram til slutten av første verdskrigen, då Storbritannia slo dei osmanske styrkane og sette opp ein militær administrasjon i det tidlegare Osmanske Syria, som Israel då var ein del av. I 1920 vart området delt under mandatsystemet og vart ein del av Palestinamandatet.

Sionisme og det britiske mandatet

Sidan byrjinga av eksilet hadde somme jødar håpa å vende attende til «Sion» og «Israels land», men det var omstridt kor mykje krefter ein skulle bruke på å nå eit slikt mål. Håpet og lengselen til jødane som levde i eksil vart formulert i den hebraiske Bibelen, og er eit viktig tema i jødisk tru. Etter at jødane vart forviste frå Spania i 1492, slo somme samfunn seg ned i Palestina. På 1500-talet slo jødiske samfunn seg ned i Dei fire heilage byane—Jerusalem, Tiberias, Hebron og Safed— og i 1697 leia rabbinaren Yehuda Hachasid ei gruppe på 1 500 jødar til Jerusalem. På andre halvdel av 1700-talet slo austeuropeiske motstandarar av hasidismen, kjend som perushim, seg ned i Palestina.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Theodor Herzl, visjonær for den jødiske staten.

Den første bølgja av moderne jødisk innvandring til det osmansk-styrte Palestina, kjend som den første aliyahen, byrja i 1881, då jødar flykta pogromar i Aust-Europa. Sjølv om sionistrørsla alt eksisterte, er det den austerriksk-ungarske journalisten Theodor Herzl som har fått æra for å starte den politiske sionismen. Denne rørsla prøvde å opprette ein jødisk stat i Israels land ved å heve det jødiske spørsmålet opp på eit internasjonalt nivå. I 1896 gav Herzl ut Der Judenstaat (Jødestaten), der han skreiv om visjonen sin for ein framtidig jødisk stat. Året etter leia han den første sionistkongressen.

Den andre aliyahen (1904–14) byrja etter Chișinău-pogromen. 40 000 jødar slo seg ned i Palestina, men nesten halvparten av dei flytta seinare ut att. Både den første og den andre bølgja av immigrantar var hovudsakleg ortodokse jødar, sjølv om den andre aliyahen inkluderte sosialistiske grupper som grunnla kibbutz-rørsla. Under fyrste verdskrigen sendte utanriksminsteren Arthur Balfour eit brev som sa:

« Regjeringa til hans majestet ser med velvilje på opprettinga av ein nasjonalheim for det jødiske folket i Palestina, og vil gjere sitt ytste for å gjere det mogeleg å oppnå dette målet, men på ein slik måte at det ikkje skadar dei sivile og religiøse rettane til det eksisterande ikkje-jødiske samfunnet i Palestina, eller rettane og den politiske statusen til jødar i andre land.» »

Den jødiske legionen, ei gruppe hovudsakleg sionistiske frivillige, støtta britane i erobringa av Palestina i 1917. Den arabiske motstanden mot det britiske styret og den jødiske innvandringa førte til Palestinaopprøra i 1920 og skipinga av ein jødisk milits kalla Haganah (som tyder «Forsvaret» på hebraisk), som Irgun og Lehi, eller Stern Gang, paramilitære grupper som seinare vart skilt ut. I 1922 gav Folkeforbundet Storbritannia mandat over Palestina under vilkår som likna Balfour-erklæringa. Innbyggjarane var på denne tida hovudsakleg arabarar og muslimar, og jødane utgjorde kring 11 % og kristne 9,5 %.

Den tredje (1919–1923) og fjerde aliyahen (1924–1929) førte kring 100 000 jødar til Palestina. Til slutt førte framgangen til nazismen og den aukande forfølginga av jødane i 1930-åra til den femte aliyahen, med kring 250 000 innvandrande jødar. Dette var ei stor årsak til Arabaropprøret i Palestina i 1936–1939 og førte til at britane innførte restriksjonar på jødisk immigrasjon til Palestina med Det kvite papiret i 1939. Då land verda rundt avviste jødiske flyktningar frå Holocaust hjelpte ei hemmeleg rørsle kalla Aliyah Bet jødar å kome seg til Palestina. Mot slutten av andre verdskrigen hadde den jødiske folkesetnaden i Palestina auka til 33 % av den totale folkesetnaden.

Sjølvstende og dei første åra

Etter andre verdskrigen hamna Storbritannia i ein hard kamp med det jødiske samfunnet, då Haganah slo seg saman med Irgun og Lehi i ein væpna strid mot det britiske styret. Samstundes søkte hundretusenvis av overlevande jødar frå Holocaust eit nytt liv langt unna dei øydelegde samfunna i Europa. Yishuv prøvde å føre desse flyktningane til Palestina, men mange vart avviste eller vart henta inn og plassert i interneringsleirar i Atlit og Kypros av britane. I 1947 annonserte den britiske regjeringa at dei kom til å trekkje seg frå Palestinamandatet, og sa at dei ikkje klarte å kome fram til ei løysing som var akseptabel for både arabarar og jødar.

Den 15. mai 1947 avgjorde Generalforsamlinga til Dei sameinte nasjonane at ein komité, Dei sameinte nasjonane spesialkomité for Palestina (UNSCOP), skulle «skulle førebu ein rapport for Generalforsamlinga om Palestinaspørsmålet». I rapporten føreslo det meste av komiteen ein plan for å erstatta det britiske mandatet med «ein sjølvstendig arabisk stat, ein sjølvstendig jødisk stat og byen Jerusalem ... den site under eit internasjonalt tilsynssystem. Den 29. november 1947 vedktok Generalforsamlinga ein resolusjon som tilrådde ein delingsplan.

Det jødiske byrået, som representerte jødane, aksepterte planen, men Den arabiske ligaen og Den arabiske høgare komiteen i Palestina avslo planen. Den 1. desember 1947, erklærte den arabiske høgare komiteen ein tre dagar lang streik, og arabarar byrja å gå til åtak på jødiske mål. Jødane var i starten på defensiven då borgarkrig braut ut, men kom gradvis meir på offensiven. Den palestinsk-arabisk økonomien kollapsa og 250 000 palestinsk-arabarar flykta eller vart drivne ut.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
David Ben-Gurion erklærer israelsk sjølvstende den 14. mai 1948, under eit portrett av Theodor Herzl

Den 14. mai 1948, dagen før Det britiske mandatet gjekk ut, erklærte David Ben-Gurion, leiaren for Det jødiske byrået, «opprettinga av ein jødisk stat i Eretz-Israel, som skal kallast Staten Israel». Den einaste referansen i tekst av landegrensene til den nye staten er bruken av omgrepet Eretz-Israel.

Dagen etter gjekk armeane til fire arabiske land, Egypt, Syria, Transjordan og Irak, inn i det som hadde vore det britiske Palestinamandatet, og starta den arabisk-israelske krigen i 1948; Saudi-Arabia sendte ein militær kontingent som vart leia av egyptarane. Jemen erklærte krig, men deltok ikkje i nokre militære handlingar. I introduksjonen til kabelgrammet frå Generalsekretæren i Den arabiske ligaen til SN sin generalsekretær den 15. mai 1948, gav Den arabiske ligaen årsaker for at dei gjekk til krig, «I høve inngripinga til arabiske land i Palestina for å gjenopprette lov og orden og for å hindre forstyrringar som rår i Palestina frå å spreie seg til sine territorium og hindre ytterlegare strid». Etter eit år med kampar, vart det erklært våpenkvile i 1949 og midlertidige grenser, kjende som Den grøne linja, vart oppretta. Jordan annekterte det som vart kjent som Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem og Egypt tok kontroll over Gazastripa. Dei sameinte nasjonane estimerte at meir enn 700 000 palestinarar vart kasta ut eller flykta under krigen frå det som vart Israel.

Israel vart teken opp som medlem av Dei sameinte nasjonane etter ei avstemming den 11. mai 1949. Dei første åra til staten, dominerte arbeidarsionistrørsla leia av statsminister David Ben-Gurion israelsk politikk. Desse åra var markert av ein tilstrøyming av Holocaust-overlevande og jødar frå arabiske og muslimske land. Mange av dei hadde vorte forfølgde eller kasta ut av dei opphavlege landa sine. Folketalet i Israel auka derfor frå 800 000 til to millionar mellom 1948 og 1958. I denne perioden vart mat, klede og møblar rasjonerte i det som vart kalla nøysemdstida. Mellom 1948 og 1970, flytta kring 1 151 029 jødiske flyktningar til Israel. Somme kom som flyktningar utan nokon eigedelar og vart plasserte i midlertidige leirar kalla ma'abarot. I 1952 levde over 200 000 emigrantar i slike teltbyar. Behovet for å løyse krisa førte til at Ben-Gurion signerte ein oppreisingsavtale med Vest-Tyskland som førte til masseprotestar av jødar som var sinte for at Israel ønskte å aksepterte ein økonomisk kompensasjon for Holocaust.

Emigrantar kom til Israel av forskjellige årsaker. Somme trudde på sionistideologien, andre flytta for å unngå forfølging. Andre flytta med håp om eit betre liv i Israel og mange vart kasta ut frå heimlandet sitt, som Irak. Flyktningane vart ofte handsama forskjellig etter kvar dei kom frå. Jødar av europeisk ætt vart rekna som viktige for å styrke og folkesetje Israel, så ei fekk generelt lov å kome inn i Israel først og fekk dei fråflytta arabiske husa som nye heimar. Jødar frå Midtausten og Nord-Afrika vart av mange askenasiske jødar rekna som late, fattige og kulturelt og religiøst tilbakeståande, og ein trugsel mot det etablerte samfunnet i Israel, og vart verande i transittleirane i lengre tid. I 1950-åra auka levestandarden mellom dei askenatiske og mizrahiske jødane så mykje at det utvikla seg spaningar mellom dei to gruppene. Spaninga flytta seg ført til fiendskap under Wadi Salib-opprøra i 1959. Det var òg andre opprør dei følgjande tiåra.

Immigrasjonen til Israel seint i 1940-åra og tidleg i 1950-åra vart støtta av Det israelske immigrasjonsdepartementet og den ikkje-statlege Organisasjonen for ulovleg immigrasjon, kalla Mossad le-aliyah bet. Begge gruppene hjelpte vanlege immigrantar med ting som transport, medan sistnemnde òg utførte løynde operasjonar i forskjellige land, særleg i Midtausten og Aust-Europa, der ein meinte livet til jødane var i fare og det vanskeleg å flytte ut. Organisasjonen for ulovleg innvandring heldt fram til dei vart oppløyst i 1953.

I 1950-åra vart Israel ofte angripen av palestinsk fedayeen, hovudsakleg frå den egyptiskokkuperte Gazastripa, som førte til fleire israelske hemnåtak. Egypt lukka i 1950 Suezkanalen for israelsk skipsfart og spaninga auka då småtrefningar fann stad langs grensa til Israel. I 1956 vart Israel med ein løynd allianse med Storbritannia og Frankrike med mål om få kontroll over Suezkanalen, som egyptarane hadde nasjonalisert (sjå Suezkrisa). Israel tok kontroll over Sinaihalvøya, men vart pressa til å trekkje seg attende av Dei sameinte nasjonane mot ein garanti for retten til israelsk skipsfart i Raudehavet og kanalen.

Tidleg i 1960-åra fanga Israel den nazistiske krigsforbrytaren Adolf Eichmann i Argentina og førte han til Israel for ei rettssak. Rettssaka hadde stor innverknad ved å setje søkjelyset på Holocaust. Eichmann vart den einaste personen som vart avretta etter å ha blitt dømd i det israelske rettssystemet.

Konfliktar og fredsavtalar

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Områda haldne av Israel: ██ før seksdagarskrigen ██ etter krigen Sinaihalvøya vart gjeven attende til Egypt i 1982.

Sidan 1964 har arabiske land, som var uroa over dei israelske planane om å leie vatn frå Jordanelva til kystslettene sine, prøvt å leie vasskjeldene til elva bort, for å hindre Israel tilgang til denne vassressursen, og provosert strid mellom Israel på den eine sida, og Syria og Libanon på den andre.

I følgje Dei sameinte nasjonane har striden om palestinske vassrettar, etter den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gazastripa i 1967, vore ein av dei vanskelegaste konfliktane å løyse gjennom forhandlingane. Vassressursar har blitt konfiskert for israelske busetnader i Ghor, palestinsk pumper i Jordanelva er øydelagde eller konfiskert, og palestinarar hindra dei frå å nytte vatn frå Jordanvassdraget eller bore nye brunnar for kunstig vatning. Israel har derimot gjeve ferskt vatn og løyve til brunnar i dei jødiske busetjingane på Vestbreidda og Gazastripa. Ei endeleg semje om vassressurane er blitt utsett til dei endelege forhandlingane mellom dei to sidene finn stad.

Arabiske nasjonalistar leia av den egyptiske presidenten Gamal Abdel Nasser nekta å anerkjenne Israel, og kravde at det skulle øydeleggjast. I 1966 hadde det israelske-arabiske forholdet vorte så dårleg at det oppstod kampar mellom israelske og arabiske styrkar. I 1967 kasta Egypt ut fredsbevarande styrkar frå SN, som var stasjonert på Sinaihalvøya sidan 1957, og annonserte ein delvis blokade av Israel sin tilkomst til Raudehavet. I mai 1967 byrja fleire arabarland å mobilisere styrkane sine. Israel såg på desse handlingane som ein casus belli. Den 5. juni 1967 gjekk Israel til eit preventivt åtak mot Egypt, Jordan, Syria og Irak. I seksdagarskrigen synte det israelske militæret at det var overlegent mot dei meir talrike arabiske fiendane. Israel klarte å erobre Vestbreidda, Gazastripa, Sinaihalvøya og Golanhøgdene. Grensene til Jerusalem vart utvida og innlemma Aust-Jerusalem, og Den grøne linja frå 1949 vart den administrative grensa mellom Israel og dei okkuperte territorium.

Året etter møtte Israel mykje indre motstand frå palestinarar og egyptarar på Sinai. Den viktigaste gruppa blant dei forskjellige palestinske og arabiske gruppene var Palestinsk frigjeringsorganisasjon (PLO), oppretta i 1964, som i starten forplikta seg til «væpna kamp som den einaste måten frigjere heimlandet». Seint i 1960- og tidleg i 1970-åra gjekk palestinske grupper til ei rekkje åtak mot israelske og jødiske mål verda rundt, inkludert ein massakre av israelske idrettsutøvarar under sommar-OL i 1972 i München. Den israelske regjeringa svarte med fleire attentat mot dei som organiserte massakren, ei bombing og eit raid mot hovudkvareteret til PLO i Libanon.

Den 6. oktober 1973, medan jødar feira Jom kippúr, gjekk egyptarane og syrarane til eit overraskande åtak mot israelske styrkar på Sinaihalvøya og Golanhøgdene. KRigen enda den 26. oktober med at Israel klarte å drive dei egyptiske og syriske styrkane ut, men med store tap. Ei intern gransking frikjende regjeringa for ansvaret for å ha mislukkast før og under krigen, men sinne frå ålmenta tvang statsministeren Golda Meir til å gå av.

I juli 1976 utførte israelske kommandosoldatar ein redningsoperasjon der 102 gislar vart redda frå ein palestinsk gerilja ved Entebbe internasjonale lufthamn nær Kampala i Uganda.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Operasjon Gazelle, bakkemanøveren til Israel kring den tredje egyptiske armeen i oktober 1973.

Valet til Knesset i 1977 markerte eit stort vendepunkt i israelsk politisk historie då Likudpartiet leia av Menachem Begin tok kontrollen frå Arbeidarpartiet. Seinare det året, reiste den egyptiske presidenten Anwar El Sadat til Israel og talte føret Knesset og for første gongen anerkjende ein arabisk statsleiar Israel. Dei neste to åra signerte Sadat og Begin Camp David-avtalen (1978) og Den israelsk-egyptiske fredsavtalen (1979). Israel trekte seg attende frå Sinaihalvøya og gjekk med på å gå i forhandlingar om sjølvstyre for palestinarar på Vestbreidda og Gazastripa.

Den 11. mars 1978 førte eit PLO-geriljaraid frå Libanon til Kystvegmassakren, der 38 israelske sivile vart drepne og 71 skadde. Israel svarte med å invadere Sør-Libanon for å øydeleggje PLO-basar sør for Litani. Dei fleste PLO-soldatane trekte seg attende, men Israel klarte å sikre sørlege Libanon fram til ein SN-styrke og den libanesiske hæren kunne ta over. PLO fortsette snart åtaka mot Israel. Dei neste åra infiltrerte PLO dei sørlege områda og bombarderte sporadisk den andre sida av grensa. Israel utførte mange hemnåtak frå lufta og bakken.

Samstundes gav regjeringa til Begin løyve til israelarane til å busetje seg på den okkuperte Vestbreidda, og auka spaningar med palestinarane i området. Jerusalemlova vart vedteken i 1980 og vart av somme trudd å på ny stadfeste annekteringa til Israel frå 1967 av Jerusalem via eit regjeringsvedtak, og tente på ny den internasjonale striden om statusen til byen. Ingen israelske lover har definert området til Israel og inga lov nemner spesifikt Aust-Jerusalem som ein del av Israel. Posisjonen til dei fleste medlemslanda i SN kjem til syne i dei mange resolusjonane som erklærer handlingane til Israel om å busetje folk på Vestbreidda, og pålegginga lovene sine og administrasjonen sin i Aust-Jerusalem, som ulovlege eller ugyldige. I 1981 annekterte Israel Golanhøgdene, men dette har aldri blitt godkjent internasjonalt.

Den 7. juni 1981 øydela det israelske flyvåpenet den einaste kjernereaktoren i Irak, som vart bygd like utafor Bagdad. Etter ei rekkje PLO-åtak i 1982, invaderte Israel Libanon for å øydeleggje basane som PLO nytta til å angripe og sende missil inn i nordlege Israel. Dei første seks dagane av krigen, øydela israelarane dei militære styrkane til PLO i Libanon og slo òg syrarane i landet. Ei israelsk undersøking – Kahankomisjonen – heldt seinare Begin, Sharon og fleire israelske generalar som indirekte ansvarleg for Sabra- og Shatilamassakren. I 1985 svarte Israel på eit palestinsk terroriståtak på Kypros med å bombe PLO-hovudkvarteret i Tunis. Israel trekte seg for det meste ut av Libanon i 1986, men opprettheldt ei buffersone i grensesona i Sør-Libanon fram til 2000.

Den første intifadaen, eit palestinsk opprør mot det israelske styret, braut ut i 1987, med bølgjer av ukoordinerte demonstrasjonar og vald på den okkuperte Vestbreidda og Gaza. Dei neste seks åra, vart intifadaen meir organiserte og omfatta økonomiske og kulturelle metodar for å hindre den israelske okkupasjonen. Meir enn tusen menneske vart drepne i valden, mange av dei steinkastande palestinsk ungdom. Som svar på stadige PLO-raid inn i nordlege Israel, svarte Israel med ny raid det sørlege Libanon i 1988. Med stigande spaningar med Kuwaitkrisa, avfyrte israelske grensevakter mot palestinske demonostrantar nær Al-Aqsa-moskéen i Jerusalem. 20 menneske vart drepne og kring 150 vart skadde. Under Golfkrigen i 1991, støtta PLO Saddam Hussein og irakiske Scud-rakettar vart avfyrt mot Israel. Trass i offentleg raseri, tok Israel omsyn til amerikanarane som bad dei ikkje å slå tilbake og delta i krigen.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Bill Clinton ser kong Hussein av Jordan (venstre) og den israelske statsministeren Yitzhak Rabin (høgre) signere Den israelsk-jordanske fredsavtalen.

I 1992 vart Yitzhak Rabin statsminister etter eit val der partiet hans bad om kompromiss med naboane til Israel. Året etter signerte Shimon Peres på vegner av Israel, og Mahmoud Abbas for PLO, Osloavtalen, som gav Dei palestinske sjøvstyresmaktene rett til å styre delar av Vestbreidda og Gazastripa. PLO anerkjende òg Israels rett til å eksistere, og bad om ein slutt på terrorismen. I 1994 vart Den israelsk-jordanske fredsavtalen signert, og Jordan vart det andre arabiske landet som normaliserte forholdet til Israel. Arabisk offentleg støtte til avtalen vart øydelagd av at israelarane fortsette busetjingane og kontrollpostar, og dei dårlegare økonomiske tilhøva. Den israelske offentlege støtta til avtalen minka då Israel vart råka av ei rekkje palestinske sjølvmordsåtak. Til slutt, då han var på veg heim frå ein fredsmøte i november 1995, vart Yitzhak Rabin myrda av ein høgrevridd jøde som var i mot avtalen.

Mot slutten av 1990-åra, trekte Israel, leia av Benjamin Netanyahu, set ut av Hebron, og signerte Wye-avtalen, som gav større kontroll til Dei palestinske sjøvstyresmaktene. Ehud Barak vart vald til statsminister i 1999, og eit nytt millenium starta med at Israel trekte styrkar ut av Sør-Libanon og starta forhandlingar med leiaren for Dei palestinske sjøvstyresmaktene Yasser Arafat og den amerikanske presidenten Bill Clinton ved Camp David-toppmøtet i 2000. Under møtet foreslo Barak ein plan for opprettinga av ein palestinsk stat, men Yasser Arafat avslo forslaget. Etter at forhandlingane kollapsa og Likud-leiaren Ariel Sharon på kontroversielt vis vitja Tempelhøgda, byrja Den andre intifaden, som visstnok var planlagd på førehand av Yasser Arafat. Sharon vart statsminister i valet i 2001. I perioden sin utførte Sharon planen sin om å einsidig trekkje seg ut av Gazastripa og byggje Israel si sperring på Vestbreidda, for å stoppe Intifadaen.

I juli 2006 gjekk Hizbollah til åtak på dei nordlege områda av Israel med artilleri og bortførte to israelske soldatar, noko som førte til den månad lange Libanonkrigen i 2006. Den 28. september 2014 øydela det israelske luftforsvaret ein atomreaktor i Syria. I mai 2008 stadfesta Israel at dei var i fredsforhandlingar med Syria med Tyrkia som meklar. Men mot slutten av året gjekk Israel inn i nok ein konflikt då våpenkvila mellom Hamas og Israel kollapsa. Gazakrigen varte tre veker og enda etter Israel einsidig annonserte våpenkvile. Hamas annonserte si eiga våpenkvile, med sine eigne vilkår om total tilbaketrekking av og opning av grenseovergangane. Trass i at verken rakettutskytingane og dei israelske hemnåtaka stoppa heilt, held den skjøre våpenkvila seg. I det som vart sagt å vere svar på meir enn hundre palestinske rakettåtak mot sørisraelske byar, byrja Israel ein operasjon i Gaza den 14. november 2012, som varte åtte dagar.

Geografi og klima

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Satellittbilete av Israel.

Israel ligg heilt aust i Middelhavet, og grensar til Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan og Vestbreidda i aust, og Egypt og Gazastripa i sørvest. Det ligg mellom breiddegradene 29° og 34° N, og lengdegradene 34° og 36° E.

Det suverene området til Israel, utanom alle territoria erobra av Israel under seksdagarskrigen i 1967, har eit areal kring 20 770 km² der 2 prosent er vatn. Israel er så smalt at den eksklusive økonomiske sona i Middelhavet er dobbelt så stor som landarealet. Det samla arealet etter israelske lov, inkludert Aust-Jerusalem og Golanhøgdene, er 22 072 km², og det samla arealet under israelsk kontroll, inkludert dei militært kontrollerte og delvis palestinskstyrte territoria på Vestbreidda er 27 799 km². Trass i det vesle arealet har Israel eit variert landskap frå Negevørkenen i sør til den indre, frodige Jezreeldalen, fjella i Galilea, Karmelberget og mot Golan i nord. Den israelske kystsletta ved Middelhavet er heim for 57 % av innbyggjarane i landet. Aust for det sentrale høglandet ligg Jordandalen, som dannar ein liten del av den 6500 km lange Riftdalen.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Ramonkrateret, eit unikt krater som berre finst i Israel og Sinaihalvøya.
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Genesaretsjøen og Tiberias.

Jordanelva renn langs Jordandalen, frå Hermon gjennom Hulahdalen og Genesaretsjøen til Daudehavet, det lågaste punktet på jordoverflata. Lenger sør ligg Arabah, som endar med Eilatbukta, ein del av Raudehavet. Noko som berre finst i Israel og på Sinaihalvøya er makhteshim, eller erosjonsbotnar. Den største makhtesh i verda er Ramonkrateret i Negev, som måler 40 gonger 8 km. Ein rapport om naturtilhøva i Middelhavet fann at Israel har flest planteartar per kvardratmeter av alle Middelhavslanda.

Sjølv om Israel er eit forholdsvis lite land, har det ganske så variert vêr. Kystområda har middelhavsklima med nedbør om vinteren. Den årlege nedbørsmengda minkar derimot når ein flyttar seg sørover. Haifaområdet i nord får om lag 630 mm, medan områda nær grensa til Egypt ikkje har meir enn rundt 200 mm i året. Kysten av Eilatbukta, heilt sør i Israel, får derimot nesten aldri nedbør (Eilat som ligg her har ein normal årsnedbør på 29 mm), og dette er òg det varmaste området i Israel. Her har ein vanlegvis rundt 20 °C om ettermiddagen i løpet av vinteren, og godt over 30 °C frå april til november.

Åsane rundt Jerusalem er kjølige og forholdsvis fuktige i periodar om vinteren og kan få litt snø eit par gonger i året (av og til kraftig), men òg lange periodar med sol. Den tørre delen av året varer frå mai til oktober og har behagelege temperaturar både på dagtid og nattestid. Jerusalem har ein årleg nedbørsnormal på 529 mm, men frå mai til og med september er normalen berre 3 mm, og alt dette kjem normalt i mai.

Av og til, særleg seint på våren eller tidleg på hausten, kan ein austleg vind sende temperaturane opp mot 40 °C over heile landet. På kysten av Daudehavet, verdas lågastliggande område, er det som regel mykje varmare enn dei omliggande områda. Vinteren er mild og solrik, men om sommaren kan ein få svært høge temperaturar her, og dei fuktige sommarnettene kan vere trykkjande.

Den høgaste temperaturen målt i Asia (53,7 °C) vart registrert i 1942 i Tirat Zvi kibbutz nord i Jordandalen.

Det finst forskjellige fytogeografisk regionar i Israel, på grunn av plasseringa til landet mellom tempererte og tropiske soner, ved grensa til Middelhavet i vest og ørkenen i aust. Dyre- og plantelivet i Israel er derfor særs variert. Det finst 2 867 kjende planteartar i Israel. Av desse er er minst 253 artar innførte eller ikkje naturlege. Det er 380 israelske naturreservat.

Politikk

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Knesset, det israelske parlamentet.

Israel vert styrt under eit parlamentarisk system som ein demokratisk republikk med allmenn stemmerett. Eit parlamentsmedlem støtta av eit parlamentarisk fleirtal vert statsminister—vanlegvis frå det største partiet. Statsministeren er regjeringsleiar og leiaren av kabinettet. Israel vert styrt av eit 120 mann stort parlament, kalla Knesset. Folk i Knesset blir valt basert på høvestalsval av politiske parti, med ei valgrense på 2 %, som i praksis har ført til koalisjonsregjeringar.

Parlamentariske val vert halde kvart fjerde år, men ustabile koalisjonar eller mistillitsforslag av Knesset kan oppløyse ei regjering tidlegare. Dei grunnleggjande lovene fungerer som ein uskreven konstitusjon. I 2003 byrja Knesset ei offisiell grunnlov basert på desse lovene. Presidenten i Israel er statsleiar med avgrensa og stort sett seremonielle oppgåver.

Rettssystem

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Høgsteretten i Israel, Givat Ram i Jerusalem.

Israel har eit tredelt rettssystem. På det lågaste nivået er lagmannsretten, som finst i dei fleste byar i landet. Over dei er tingretten, som tener både som ankerett og domstol. Dei finst i fem av dei seks distrikta. Det tredje og øvste nivået er høgsteretten, som ligg i Jerusalem. Han tener både som øvste ankerett og høgsterett. Sjølv om Israel støttar måla til den internasjonale straffedomstolen, men har ikkje ratifisert Roma-vedtekene, på grunn av uro for høvet til å vere fri frå politisk upartiskheit.

Administrativ inndeling

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima GolanhøgdeneDet nordlege distriktet i IsraelHaifa distriktHaifa distriktDet sentrale distriktet i IsraelDet sentrale distriktet i IsraelTel Aviv distriktDet sørlege distriktet i IsraelJerusalem distriktJudea- og Samaria-områdetVestbreidda
A clickable map of Israel.

Staten Israel er delt inn i seks administrative distrikt, kjend som mehozot (מחוזות; eintal mahoz) – Sentral, Haifa, Jerusalem, Nord, Sør og Tel Aviv distrikt, i tillegg til Judea- og Samaria-området på Vestbreidda. Heile Judea- og Samaria-området og delar av Jerusalem og Det nordlege distriktet er ikkje anerkjent internasjonalt som ein del av Israel. Distrikta er vidare delt inn i femte underdistrikt kalla nafot (נפות; eintal: nafa), som igjen er delt inn i femti naturlege regionar.

Distrikt Adm. senter Underdistrikt Folketal
Nord Nasaret Kinneret, Safed, Akko, Golan, Jezreeldalen 1 242 100
Haifa Haifa Haifa, Hadera 880 000
Senter Ramla Rishon LeZion, Sharon (Netanya), Petah Tikva, Ramla, Rehovot 1 770 200
Tel Aviv Tel Aviv Bat Yam, Bnei Brak, Giv'atayim, Holon, Ramat Gan, Tel Aviv 1 227 000
Jerusalem Jerusalem Jerusalem 910 300 (omtrent 200 000 israelske busetjarar og 208 000 palestinarar.)
Sør Beer Sheva Ashkelon, Beer Sheva 1 053 600
Judea og Samaria (Vestbreidda) Modi'in Illit Judea og Samaria 375 000 israelske innbyggjarar

For statistiske årsaker vart landet delt inn i tre storbyområde: Tel Aviv storbyområde (folketal 3 206 400), Haifa storbyområde (folketal 1 021 000) og Beer Sheva storbyområde (folketal 559 700). Den største kommunen i Israel, både i folketal og areal, er Jerusalem med 773 800 innbyggjarar i eit område på 126 km² (2009). Israelsk statistikk for Jerusalem omfattar òg Aust-Jerusalem, som internasjonalt vert rekna som ein del av Dei palestinske territoria under israelske okkupasjon. Tel Aviv, Haifa og Rishon LeZion er dei nest mest folkerike byane i Israel med høvesvis 393 900, 265 600 og 227 600 innbyggjarar.

Israelskokkuperte territorium

    For meir om dette emnet, sjå israelskokkuperte territorium.
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Kart over Israel som syner Vestbreidda, Gazastripa og Golanhøgdene.

I 1967, som følgje av seksdagarskrigen, tok Israel kontroll over Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem, Gazastripa og Golanhøgdene. Israel tok òg kontroll over Sinaihalvøya, men gav det attende til Egypt som ein del av fredsavtalen dei i mellom i 1979. Mellom 1982 og 2000 okkuperte Israel ein del av Sør-Libanon, i det som vart kalla tryggleikssona.

Etter Israel erobra desse områda og fram til i dag har det vorte bygd busetnader (jødiske sivile samfunn) og militære installasjonar. Israel innførte sivilrett i Golanhøgdene og Aust-Jerusalem og gjeve innbyggjarane permanent borgarstatus og valet om å søkje om statsborgarskap. Vestbreidda har vore under militær okkupasjon og palestinarar i området har ikkje fått bli borgarar. Gazastripa er sjølvstendig frå Israel utan israelske militære eller sivile, men Israel har framleis kontroll over luftrommet og farvatnet utafor. Tryggingsrådet i SN har erklært annekteringa av Golanhøgdene og Aust-Jerusalem som ugyldig og ser på territoria som okkupert.

Hovudstad

I 1950 innførte Israel at Jerusalem var landets hovudstad. Regjeringsbygga og andre sentrale kontor vart lagde til delar av Jerusalem kontrollerte av Israel. I 1980 vart det gjort vedtak i det israelske parlamentet, Knesset, (hebraisk כנסת knéset 'forsamling, arabisk كنيست kanīsat) at Jerusalem var Israel sin "ævelege og udelelege« hovudstad med full religionsfridom for alle. Ei rekkje land motset seg Israels val av hovudstad, og meiner at Israel okkuperer byen etter seksdagarskrigen i 1967. Dei meiner at den endelege avklåringa av Jerusalem sin status fyrst kan eiga rom etter opprettinga av ein palestinsk stat. Desse landa har difor i protest oppretta sine ambassadar i andre større byar, som Tel-Aviv, Ramat-Gan eller Herzliya. Det finst korso nokre få land som har sine ambassadar i Jerusalem.

SNs Tryggingsråd tok samstundes fråstand frå denne lova i resolusjon 478. I tråd med tidlegare praksis har dei fleste land med diplomatiske samband med Israel difor etablert sine ambassadar i Tel-Aviv, den største byen i Israel, og den fyrste og mellombelse hovudstaden inntil den israelske nasjonalforsamlinga fyrste gongen vedtok at Jerusalem var landets hovudstad i 1950.

Medan det vert hevda at Jerusalem er tilknytt alle dei «tre monoteistiske religionane» islam, kristendom og jødedom er det berre dei to sistnemnde som har byen nemnt ved namn i sine religiøse skrift. Jerusalem er aldri nemnd i Koranen, og det er diskutert innan islamske grupper kor «haram al-sharif», «den ytste heilagdomen» i røynda låg, staden der Muhammed etter islamsk erveminne reid til himmels på vengjehesten, Buraqen al-Buraq.

Jerusalem er residensby for president, regjering og parlamentet (Knesset).

Militærvesen

    For meir om dette emnet, sjå Det israelske forsvaret.
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
IAI Lavi.

Israel har det største forsvarsbudsjettet i forhold til BNP av alle industriland. Det israelske forsvaret består av hæren, luftforsvaret og marinen. Det vart grunnlagt under den arabisk-israelske krigen i 1948. Forsvaret nyttar seg òg av Det militære etteretningsdirektoratet (Aman), som arbeidar med Mossad og Shabak. Det israelske militæret har vore involvert i fleire store krigar og grensekonfliktar i løpet av den korte historia si, og er ein av dei mest erfarne væpna styrkane i verda.

Dei fleste israelarane innkalt til militærteneste då dei er 18 år gamle. Menn tener tre år og kvinner to til tre år. Arabiske borgarar i Israel (utanom drusarar) og dei som held på med fulltids religiøse studiar er slepp militærtenesta.

Militæret nytta seg av høgteknologiske våpensystem designa og produsert i Israel, i tillegg til noko utanlandsk import. Sidan 1967 har USA vore ein vesentleg leverandør av militærstøtte til Israel. Det er venta at USA gjev landet 3,15 milliardar dollar kvart år frå 2013 til 2018. Arrow-missilet er eitt av dei få operasjonelle anti-ballistiske missilsystema i verda. Sidan Jom kippúr-krigen har Israel utvikla eit nettverk av overvakingssatellittar.

Ein trur at Israel har kjernevåpen i tillegg til kjemiske og biologiske våpen. Israel har ikkje signert ikkje-spreiingsavtalen for kjernevåpen Sidan Golfkrigen i 1991, då Israel vart angripen av irakiske Scud-rakettar vart det krav for alle heimar i Israel om eit forsterka bomberom.

Israel er konstant lågt på Global fredsindeks, der dei er rangert på 145. plass av 153 nasjonar for fredlegheit i 2011.

Økonomi

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Israelsk ny shekel
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Flyfoto over Tel Aviv storbyområde

Israel vert rekna som eit av dei mest økonomisk og industrielt utvikla landa i Sørvest-Asia. I 2010 vart det medlem av OECD. Landet er rangert på tredjeplass i regionen og på 38. plass i verda på lista til Verdsbanken over kor lett det er å gjere forretningar i landet Landet har dei fleste NASDAQ-oppførte føretaka i verda utafor Nord-Amerika. I 2010 var Israel rangert på 17. plass på lista over dei mest økonomisk utvikla landa i verda.

Bank of Israel er den største banken i Israel og har ein valutareserve på 78 mrd. dollar.

Israel er eit leiande land i utviklinga av solenergi. Israel er ein global leiar i vasskonservering og geotermisk energi, og er langt framme når det gjeld teknologiar i software og kommunikasjon.

Samferdsle

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Taxfree på Ben Gurion lufthamn i Tel Aviv.

Israel har 18 096 kilometer med asfalterte vegar, og 2,4 millionar køyretøy. Talet på kjøretøy per 1 000 personar var 324, som er relativt lågt i eit industriland. Israel har 5 715 rutebussar, drivne av fleire selskap og det største er Egged, som har ruter over det meste av landet. Jernbanelinjene strekkjer seg over 949 kilometer og vert berre drivne av det statseigde Israel Railways (alle tala er frå 2008). Etter store investeringar tidleg til midten av 1990-åra har talet på togpassasjerar auka frå 2,5 millionar i 1990 til 35 millionar i 2008. Jernbanen transporterer òg 6,8 million tonn last per år.

Israel har to internasjonale flyplassar, Ben Gurion internasjonale lufthamn, som er hovudflyplassen nær Tel Aviv-Yafo og Ovda lufthamn i sør, og fleire mindre innanlandsflyplassar. Ben Gurion, som er den største flyplassen, hadde 12,1 million passasjerar i 2010.

Ved kysten av Middelhavet er Haifa den største og eldste hamna i byen, medan Ashdod er ei av få djupvasshamner i verda som er bygd ut mot det opne havet. I tillegg til desse er det ei mindre hamn i Eilat ved Raudehavet som hovudsakleg vert nytta til handel med resten av Asia.

Turisme

Turisme, særleg religiøs turisme, er ein viktig industri i Israel. Landet har temperert klima, strender, arkeologisk stader og andre historiske og bibelske stader, i tillegg til ein unik geografi, som trekkjer til seg mange turistar. Dei mange tryggleiksproblema har derimot gått ut over industrien, men talet på turistar er aukande. I 2013 vart det registrert 3,54 million turistar i Israel. Det mest populære turistmålet er Vestmuren som 68% av turistane vitjar. Israel har det høgaste talet på museum per innbyggjar i verda.

Demografi

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Prosentdel av dei største religiøse gruppene i åra 1949–2008.

Tidleg i 2014 var folketalet i Israel estimert til 8 146 300 innbyggjarar, og av desse var 6 110 600 jødar. Arabiske borgarar i Israel utgjer 20,7 % av det totale innbyggjartalet. Dei site tiåra har mange emigrantar kome frå Romania, Thailand, Kina, Afrika og Sør-Amerika. Dei eksakte tala er usikre, sidan mange lever ulovleg i landet, men estimata er i området kring 203 000. Kring 92 % av israelarane bur i urbane område.

I 2009 budde over 300 000 israelske borgarar i busetnader på Vestbreidda som i Ma'ale Adumim og Ariel, og samfunn som eksisterte før staten vart oppretta, men som vart gjenoppretta etter seksdagarskrigen, i byar som Hebron og Gush Etzion. 20 000 israelarar bur i busetjingar i Golanhøgdene. I 2011 budde 250 000 jødar i Aust-Jerusalem. Det totale talet på israelske busetjarar er over 500 000 (6,5% av den israelske folkesetnaden). Kring 7 800 israelarar budde i busetjingar på Gazastripa, før dei vart evakuerte av styresmaktene i 2005.

Israel vart oppretta som eit heimland for jødane og vert ofte omtalt som Den jødiske staten. Landet gjev alle jødar og dei som er av jødisk ætt rett til israelsk borgarskap. Over tre fjerdedelar, eller 75,5 %, av folkesetnaden er jødar. Kring 4 % av israelarane (300 000) er etnisk definert som andre, og er etterkomarar av russiske jødar eller familiar som ikkje er jødiske etter rabbinsk lov, men likevel kvalifisert for israelsk borgarskap. Kring 73% av israelske jødar er israelskfødde, medan 18,4% er emigrantar frå Europa og Amerika, og 8,6 % er emigrantar frå Asia og Afrika (inkludert Den arabiske verda). Jødar frå Europa og det tidlegare Sovjetunionen og deira israelskfødde etterkomarar, inkludert ashkenazi-jødar, utgjer kring halvparten av dei jødiske israelarane. Jødar som flykta eller vart kasta ut av arabiske og muslimske land, og etterkomarane deira, inkludert både mizrahi og sefardiske jødar, utgjer det meste av resten av den jødiske folkesetnaden.

Språk

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Vegskilt på hebraisk, arabisk og engelsk.

Israel har to offisielle språk, hebraisk og arabisk. Hebraisk er hovudspråket i staten og vert snakka av dei fleste innbyggjarane, medan arabisk vert snakka av den arabiske minoriteten. Mange israelske samfunn snakkar engelsk ganske godt, og mange fjernsynsprogram vert sendte på engelsk, i tillegg til at engelsk vert lært frå tidleg alder i skulen. Sidan landet har mange emigrantar, kan ein høyre mange språk i gatene. På grunn av masseimmigrasjon frå det tidlegare Sovjetunionen og Etiopia (kring 130 000 etiopiske jødar lever i Israel), Russisk og amharisk vert mykje snakka. Meir enn ein million russisktalande emigrantar kom til Israel frå det tidlegare Sovjetunionen mellom 1990 og 2004. Fransk vert snakka av kring 700 000 israelarar, dei fleste frå Frankrike og Nord-Afrika.

Religion

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Klippedomen og Vestmuren i Jerusalem.
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Hurvasynagoga i Jerusalem.
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Den heilage grav-kyrkja, tilbede av kristne som gravstaden til Jesus.
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Bahai-arkivet i Haifa.

Israel og Dei palestinske territoria utgjer ein stor del av Det heilage landet, ein region som vert rekna som viktig i alle dei abrahamske religionane – jødar, kristne, muslimar og Baha'istar.

Den religiøse tilhøyrsla til israelske jødar varierer stort: ei undersøking for dei over 20 år synte at 55 % seier dei er «tradisjonelle», medan 20 % reknar seg sjølv som «sekulære jødar», 17 % definerer seg sjølv som «religiøse zionistar»; 8 % definerer seg sjølv som «harediske jødar». Sjølv om dei ultraortodokse, eller haredim, berre representerer 5 % av den israelske folkesetnaden i 1990, er dei venta å representere meir enn ein femtedel av den jødiske folkesetnaden i Israel innan 2028.

Med 16 % av folkesetnaden utgjer muslimar den største religiøse minoriteten i Israel. Kring 2 % av innbyggjarane er kristne og 1,5% er drusarar.

Byen Jerusalem er særskild viktig for både jødar, muslimar og kristne, sidan det ligg stader her som er sentrale i den religiøse trua deira, som den israelskkontrollerte Gamlebyen der Vestmuren og Tempelhøgda, Al-Aqsa-moskéen og Den heilage grav-kyrkja ligg.

Andre religiøst viktige stader i Israel er Nasaret (heilag for kristendommen som staden der jomfru Maria fekk bodskapen om at ho bar Jesus i magen), Tiberias og Safed (to av Dei fire heilage byane i jødedomen), Den kvite moskéen i Ramla (heilag i islam som heilagdomen til profeten Saleh), og St. Georg-kyrkja i Lod (heilag i kristendom og islam som grava til St. Georg eller Al Khidr).

Fleire andre religiøse landemerke ligg på Vestbreidda, som Josefsgrava i Shechem, fødestaden til Jesus og Rakelgrava i Betlehem, og Patriarkgrotta i Hebron.

Det administrative senteret for bahaitrua og Báb-heilagdomen ligg i Haifa og leiaren for trua er gravlagd i Akko.

Utdanning

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Hjerneforskingssenteret ved Bar-Ilan universitet.

Israel har ei forventa skuletid på 15,5 år og ein lesekunne på 97,1% i følgje Dei sameinte nasjonane. Det finst fem skuletypar i landet: statlege sekulære, statleg religiøse, ultraortodokse, kommunale busetjingsskular, og arabiske skular. Dei offentlege sekulære skulane er den største skulegruppa, og dei fleste jødiske og ikkje-arabiske elevane i Israel går på desse. Dei fleste arabarane sender barna sine på skular der arabisk er lærespråk.

Utdanning er obligatorisk i Israel for barn mellom tre og 18. Skulane er delt inn i tre trinn med grunnskule (1.-6. klasse), ungdomsskule (7.-9. klasse) og vidaregåande skule (10.-12. klasse), og endar med Bagrut, eit vitnemål etter ein eksamen. Det hebraiske universitetet i Jerusalem og Tel Aviv universitet er rangert blant dei 100 beste universiteta i verda. Israel er rangert på tredjeplass i verda når det gjeld akademiske grader per innbyggjar (20 % av folkesetnaden).

Kultur

Den mangfaldige kulturen i Israel kjem frå den mangfaldige folkestanden. Jødar frå diasporaer verda over har ført med seg kulturane og dei religiøse tradisjonane til Israel, og skapt ein smeltedigel av jødiske tru og vanar. Israel er det einaste landet i verda som nyttar hebraisk kalender. Offentlege fridagar og skuleferiar vert styrt av dei jødiske heilagdagane, og den offisielle kviledagen er laurdag, sabbaten. Den arabiske minoriteten i Israel har òg påverka israelsk kultur i område som arkitektur, musikk, og mat.

Litteratur

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Amos Oz sine bøker er omsette til 36 språk, meir enn nokon annan israelsk forfattar.

Israelsk litteratur består hovudsakleg av dikt og prosa skriven på hebraisk, som ein del av den hebraiske renessansen som talespråk sidan midten av 1800-talet, sjølv om ein liten del av litteraturen òg vert publisert på andre språk, som engelsk. Etter lova må det trykkast to kopiar av alle trykte materiale i Israel, som skal lagrast i Det israelske nasjonalbiblioteket ved Det hebraiske universitetet i Jerusalem. Frå 2001 gjeld lova òg lyd- og videoinnspelingar, og andre ikkje-trykte media.

I 1966 delte Shmuel Yosef Agnon nobelprisen i litteratur med den tysk-jødiske forfattaren Nelly Sachs. Leiane israelske diktarar har vore Yehuda Amichai, Nathan Alterman og Rachel Bluwstein. Internasjonale kjende romanforfattarar frå Israel er mellom andre Amos Oz, Etgar Keret og David Grossman. Den israelske-arabiske satirikaren Sayed Kashua (som skriv på hebraisk) er òg internasjonalt kjend.

Musikk og dans

Israelsk musikk er påverka av musikk frå heile verda: sefardisk musikk, hasidiske melodiar, magedansmusikk, gresk musikk, jazz og poprock er alle ein del av musikkmiljøet.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Shavuot-feiringa i Gan Shmuel.

Sirkeldansen hora vart introdusert av dei første jødiske busetjarane, og var tidleg populær i kibbutzar og utanforliggande samfunn. Han vart eit symbol på sionismen og høvet til å oppleve glede under enkle kår. Han spelar i dag ei viktig rolle i moderne israelsk folkedans og vert ofte framført ved bryllaup og andre feiringar, og i gruppedansar over heile Israel.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Israel filharmoniske orkester dirigert av Zubin Mehta.

Av dei verdskjende orkestera i Israel finn ein Israel filharmoniske orkester, som har vore i drift i over 70 år og som i dag spelar meir enn 200 konsertar i året. Mange kjende musikarar kjem frå Israel, og somme har blitt internasjonale stjerner. Itzhak Perlman, Pinchas Zukerman og Ofra Haza er av dei mest internasjonalt kjende musikarane som er fødde i Israel.

Israel har delteke i Eurovision Song Contest nesten kvart år sidan 1973, og vunne konkurransen tre gonger, og vore vertsland to gonger. Eilat har sin eigen internasjonale musikkfestival, Raudehavet jazzfestival, kvar sommar sidan 1987.

Israel er heimstad for mange palestinske musikarar, som den internasjonalt kjende oudspelaren og fiolinvirtuosen Taiseer Elias, songaren Amal Murkus, og brørne Samir og Wissam Joubran.

Kino og teater

Ti israelske filmar har vore nominerte til Oscarprisen for beste utanlandske film. Teateret står sterkt i Israel med tradisjonar som jiddisk teater frå Aust-Europa. Habima teater i Tel Aviv vart bygd i 1918 og er det eldste teaterselskapet i Israel og nasjonalteater. Palestinsk israelske filmskaparar har laga mange filmar om Midtausten-konflikta og statusen til palestinarar i Israel, som Mohammed Bakri-filmen Jenin, Jenin frå 2002 og The Syrian Bride.

Mat

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Sufganiyot servert under hanukkah.

Det israelske kjøkenet består av lokale rettar i tillegg til rettar ført til landet av jødiske emigrantar. Sidan landet vart oppretta i 1948, og særleg sidan slutten av 1970-åra, har israelsk fusjonsrettar blitt utvikla. Det meste av den israelske maten er kosher og tilberedt i høve jødisk halakha. Det meste av folkesetnaden er anten jødiske eller muslimar og svin vert derfor særs sjeldan ete i Israel.

Idrett

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Ramat Gan stadion, det største stadionet i Israel.

Makkabiaden, ein olympiske leikar-aktig konkurranse for jødiske og israelske idrettsfolk, vart starta i 1930-åra og har vorte halde kvart fjerde år sidan den gong. I 1964 var Israel vertskap for og vann den asiatiske meisterskapen i fotball. I 1970 klarte det israelske herrelandslaget i fotball å kvalifisere seg for verdsmeisterskapen i fotball, som vert rekna som den største bragda innan israelsk fotball.

Asialeikane i 1974 vart halden i Teheran og var dei siste Asialeikane som Israel deltok i, sidan mange av dei arabiske landa nekta å konkurrere med Israel. Israel vart ekskludert frå Asialeikane i 1978 på grunn av dei høge tryggleikskostnadane om dei skulle delta. I 1994 let UEFA Israel og alle israelske idrettsorganisasjonar få konkurrere i Europa.

Dei mest populære idrettane i Israel er fotball og basketball. Maccabi Haifa, Maccabi Tel Aviv, Hapoel Tel Aviv og Beitar Jerusalem er dei største idrettsklubbane. Maccabi Tel Aviv, Maccabi Haifa and Hapoel Tel Aviv har delteke i UEFA Champions League og Hapoel Tel Aviv nådde kvartfinalen i UEFA-cupen. Maccabi Tel Aviv BC har vunne Europacupen i basketball seks gonger. Den israelske tennisstjerna Shahar Pe'er var i 2011 rangert på 11. plass i verda.

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima 
Sjakkstormeisteren Boris Gelfand.

Sjakk er ein stor sport i Israel. Det finst mange israelske stormeisterar. Israel er vertskap for ein årleg internasjonal sjakkonkurranse og var vertskap for verdsmeisterskapen i sjakk i 2005. Sjakk står på timeplanen på somme skular i Israel. Byen Beersheba har vorte eit nasjonalt sjakksenter. På grunn av dei mange sovjetiske immigrantane har byen fleire stormeistrar i sjakk enn nokon annan by i verda. Den israelske stormeisteren Boris Gelfand vann verdsmeisterskapen i 2009 og i 2012 var han tapande finalist mot Anand.

I 2014 hadde Israel vunne sju olympiske medaljar sidan den første i 1992, inkludert ein gullmedalje i brettsegling i sommar-OL 2004. Israel har vunne over 100 gullmedaljar i Paralympics.

Media

Det finst israelske media på over ti ulike språk, med hebraisk som det viktigaste. Nokre kjende aviser er Yedioth Ahronoth, Israel HaYom, Maariv, Haaretz, The Jerusalem Post, russiskspråklege Vesti og arabiskspråklege Al-Ittihad og Kul al-Arab. Landet har fleire private tv-kanalar og ein statskringkastar, Israel Broadcasting Authority.

I 2014 vart Israel rangert på 96. plass av 180 land av Reporters Without Borders' på pressefridomsindeksen, nummer to etter Kuwait (91) i regionen Midtausten og Nord-Afrika.

Sjå òg

Fotnotar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Israel
Israel: Etymologi, Historie, Geografi og klima  Reiseguide for Israel frå Wikivoyage

Tags:

Israel EtymologiIsrael HistorieIsrael Geografi og klimaIsrael PolitikkIsrael ØkonomiIsrael DemografiIsrael KulturIsrael Sjå ògIsrael FotnotarIsrael KjelderIsrael BakgrunnsstoffIsrael

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RumoursKon-Tiki-ekspedisjonenNummererte småplanetar/1–1000SantaliSauGaukSkandinaviaRusslandDet nederlandske koloniriketHestErling Braut HaalandPippi LangstrømpeProstitusjonRodney CrowellLangfredagNordkappbankenKnapstadOrvar-OddAndy WarholMímir Kristjánsson5. oktoberGro Harlem BrundtlandSax-a-boomWillie NelsonHenningsværbrueneAsteroidemåneKnut Marius DjupvikPurreNeville SouthallSlaget om StalingradRanavik-SkjersholmaneSkalmen fyrstasjonJacob ObrechtOle PausMediaWikiBulgarsk geografiBibelbeltetRussell CroweRomandie27. marsWayback MachineAkslaThornton WilderMøteplassSlåttar frå HallingdalNynorskHaitiMuflonKlarälvenAudhumblaLinn UllmannROBEKUnileverSnøkvitTyrkiaFred AstaireMottoAlaskaMånenAstmaCAndre påskedagJordaMartin ØdegaardGodzillaGjermund EggenGran ColombiaSamleieSvastikaFylkesvåpen i NoregHydrometerGudbrandsdalenRakia🡆 More