(norsk: El Salvador, salvadoransk)
República de El Salvador | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Saludemos la Patria orgullosos» | ||||||
Motto | Dios, Unión, Libertad (Gud, eining, fridom) | ||||||
Offisielle språk | Spansk1 | ||||||
Hovudstad | San Salvador | ||||||
Styresett | Republikk Nayib Bukele | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn | 21 041 km² (150.) 1,5 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik | 6 172 011 (108.) 293,3 /km² (29.) | ||||||
Sjølvstende | Frå Spania 15. september 1821 Frå Den sentralamerikanske føderasjon 1842 | ||||||
Nasjonaldag | 15. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar | 52 880 mill. USD (105.) 8 600 USD (117.) | ||||||
Valuta | Amerikansk dollar og colon | ||||||
Tidssone | UTC -6 | ||||||
Telefonkode | +503 | ||||||
Toppnivådomene | .sv | ||||||
1 Pipil er eit indiansk språk og ein reknar med at det er mindre enn 50 personar som talar språket i dag. Språket er nesten dødt ut. Pipil vert rekna til den uto-aztekiske språkgreina. |
El Salvador (spansk, tyder 'frelsaren') er ein republikk (offisielt namn: República de El Salvador) som ligg i Mellom-Amerika og grensar til Guatemala, Honduras og i Fonsecabukta mot Nicaragua. Landet er det minste i Mellom-Amerika og har til skilnad frå dei fleste andre landa her ikkje kyst mot Det karibiske havet, berre mot Stillehavet. Landet har ein folkesetnad på kring 6,9 millionar menneske og har den største folketettleiken i regionen.
Namnet El Salvador tyder 'Frelsaren', og viser til Jesus. Namnet blei gjeve av conquistadoren Pedro de Alvarado som Provincia De Nuestro Señor Jesus Cristo, El Salvador Del Mundo ('Provinsen til herren vår Jesus Kristus, Frelsaren til verda'), og etterkvart forkorta til El Salvador. Landet tok namnet República de El Salvador ('Republikken til Frelsaren') då det blei til ein sjølvstendig republikk i 1823.
Namnet San Salvador blei gjeve til hovudstaden for å heidra paven si avgjerd om å gjera 6. august til dagen for Den heilage frelsaren.
I før-spansk tid var hovudstaden og området kjende som Cuscatlán (frå pipil-språk og tyder 'Juvellandet'). Dette namnet blir framleis noko nytta.
El Salvador har ei total flatevidd på 21 040 km². Landet er det minste i kontinentale Amerika. Innanfor grensene til landet finst det 320 km² vatn, og fleire små elver som renn ut i Stillehavet, mellom anna Goascorán, Jiboa, Torola, Paz og Rio Grande de San Miguel. Bare den største elva, Lempa, som renn frå Honduras og gjennom El Salvador ut i havet, er farbar for kommersielle skip. Det finst fleire innsjøar i vulkankrater, dei viktigaste er Ilopangosjøen (70 km²) og Coatepeque (26 km²). Güija (44 km²) er den største naturlege innsjøen i landet. I tillegg finst det fleire kunstige sjøar danna av demningsprosjekt.
El Salvador grensar til Guatemala og Honduras, og er det einaste mellomamerikanske landet som ikkje har kyst mot Det karibiske havet. Det høgaste punktet i landet er Cerro El Pital (2 730 meter).
Stillehavskysten vert gradvis varmare og fuktigare jo lenger sør ein kjem. San Salvador ligg i ei høgd på om lag 680 m, og sjølv her kjem temperaturen ofte over 30 °C i regntida, og over 34 °C i den tørre tida om vinteren. San Salvador har ein årleg nedbørsnormal på 1778 mm. Frå november til april har dei fleste områda regn mindre enn ein gong kvar andre eller tredje veke, bortsett frå kysten av Det karibiske havet.
Store delar av landet er dyrka mark (74,7 prosent); elles finn ein skog på 13,6 prosent av landarealet. Kysten har savannevegetasjon og mangroveskog. Fjellplatåa mellom fjellkjedene i landet har subtropisk vegetasjon, og eigner seg godt for jordbruk. I dei høgare fjellområda over 1200 meter finn ein lauvskog og grassletter. Den naturlege skogvegetasjonen er lauvfellande i tørketida. Tre av økonomisk tyding er mellom anna mahogni, vestindisk seder, cedrelaodorata, valnøtt og balsam.
Mykje av det opphavlege dyrelivet er fortrengd av jordbruket. Ein finn nordamerikanske pattedyrtypar som halvbjørnar og kattedyr her, og søramerikanske typar som maurslukarar, beltedyr og apar. Av krypdyr finst det fleire ulike artar øgler, slangar, krokodillar og skjelpadder. Fire av åtte havskjelpaddeartar i verda lever i El Salvador: Havlêrskjelpadde (Dermochelys coriacea), karett (Eretmochelys imbricata), Galapagos grøn havskjelpadde (Chelonia agasizzii) og bastardskjelpadde (Lepidochelys olivacea). Dei to førstnemnde artane er kritisk truga.
I nærleiken av Chalchuapa (departamento Santa Ana) i den vestlege delen av El Salvador er det funne steinskulpturar frå Olmek-kulturen, desse daterer seg til om lag 2000 år f. Kr.
I utkanten av den vesle byen Chalchuapa finn ein prov på at maya-kulturen var til stades, her finn ein pyramiden Tazumal. Liknande Maya-pyramidar finn ein også i San Andrés.
Pedro de Alvarado (1495–1541) var den fyrste conquistadoren som nådde området som me i dag kjenner som El Salvador. Han leia ein ekspedisjonsstyrke som prøvde å ta seg inn i området frå Guatemala, men han vart møtt med kraftig motstand frå pipilfolket. To påfylgjande ekspedisjonar i 1525 og 1528 måtte til for å leggja under seg pipilfolket og dei allierte mayaspråklege stammenaboane deira.
Det fyrste initiativet til frigjeringa av El Salvador frå Spania kom i 1811. Ropet om sjølvstende kom frå kreoleliten. Mange intellektuelle og handelsmenn hadde gått lei av den overstyrande kontrollen som Spania framleis hadde over koloniane, og dei var svært interessert i å utvida eksportmarknaden til England og USA. Urfolkesetnaden sitt opprør mot spansk herredøme var sterk på denne tida, og dei vart tolka av dei republikanske fraksjonane som å tena deira interesser og syna at det var eit folkekrav at El Salvador kunne bli republikk. Det voks fram ei rørsle blant kreolane (spansk criollo) og mestizane (spansk mestizo). Folkekravet i sjølvstendeerklæringa 1811 feila då viseguvernøren av Guatemala sendte troppar til San Salvador for å slå ned rørsla. Men folkekravet døydde ikkje og fleira av menneska bak 1811-rørsla var del av 1821-rørsla.
El Salvador var fram til 1821 spansk koloni, før dei og resten av Den sentralamerikanske føderasjonen frigjorde seg frå spansk styre den 15. september d.å. Den sentralamerikanske føderasjonen vart stifta i 1823 av El Salvador, Guatemala, Honduras, Nicaragua og Costa Rica. I 1842 var det slutt med føderasjonen og El Salvador blei ein sjølvstendig stat.
Den 2. desember 1931 vart president Arturo Araujo kasta frå makta i eit militærkupp leia av general Maximiliano Hernandez Martinez.
I 1969 utkjempa Honduras og El Salvador den såkalla Fotballkrigen. Krigen braut ut under ein VM-kvalifiseringskamp mellom dei to landa, etter aukande spenning mellom dei. Han vara berre nokre dagar, og blir også kalla 100-timarskrigen.
I 1992 blei ein 12 år lang borgarkrig mellom regjeringa og opprørarar avslutta. Krigen hadde då kosta 75 000 menneske livet.
El Salvador er delt inn i 14 departement (sp. departamento). Mange av dei tidlege statsmennene i El Salvador var av fransk opphav, til dømes statsmennene Francisco Morazán Quesada (1792 - 1842) og Gerardo Barrios (1813 - 1865). Inndelinga i departement har opphav i fransk statstradisjon.
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article El Salvador, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.