Valuta er ei eining eller eit omgrep på eit betalingsmiddel for eitt eller fleire land.
Det kan òg brukast om pengeverdi, då som regel i ordsamansetjingar. Ordet kjem opphavleg frå det latinske ordet «va_leo», som tyder «gjeld» eller «er verdt».
I tidlege tider veit ein at myntar frå framande land vart godteke som gangbar «valuta», mest truleg fordi dei bestod av edelt metall som hadde verdi overalt. Før den andre verdskrigen var det framleis landet sin gullreserve som stod som garanti for eit land sin valutareserve.
Mange land brukar framand valuta (t.d. amerikansk dollar), nokre land brukar felles valuta (t.d. euro), medan dei fleste land brukar sin eigen valuta.
Døme på valuta er norsk krone (NOK), britisk pund (GBP), australsk dollar (AUD) og russisk rubel (RUR). Forkortingane blir oppretta av ISO gjennom ISO 4217.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Valuta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.