- Totalt - % vatn
| |||||
Hovudstad | Magas | ||||
Areal | Rangering:81. 4000 km² | ||||
Innbyggjartal - totalt | Rangering: 73. ca. 413 000 (2010) | ||||
Føderalt distrikt | Sørlege | ||||
Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
Regionsnummer | 06 | ||||
Offisielt språk | Russisk, ingusjisk | ||||
President | Mahmud-Ali Kalimatov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Ingusjetia (russisk Республика Ингушетия, ingusjisk ГIалгIай Мохк) er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Magas, arealet er 4000 km² og innbyggjartalet 413 000 (2008). Ingusjetia er det minste føderasjonssubjektet i Russland, med unntak av byane Moskva og St. Petersburg. Republikken vart danna i 1991, då den tidlegare Tsjetsjeno-ingusjetiske republikken vart delt opp i Tsjetsjenia og Ingusjetia. I motsetning til Tsjetsjenia gjekk Ingusjetia friviljug med i den nye russiske føderasjonen. Republikken vart dermed spart for full krig, som i naborepublikken. Mange flyktningar frå krigen i Tsjetsjenia har kome til Ingusjetia.
Utover 2000-talet spreidde den politiske uroa i Nord-Kaukasus seg meir og meir frå Tsjetsjenia til dei andre republikkane i området. Ifølgje rapportar i media vart det i 2010 gjennomført 40 terrorhandlingar i Ingusjetia, og desse førte til åtte dødsfall og 78 skadde personar. To av desse terrorhandlingane vart utført av sjølvmordsbombarar. Desse tala omfattar ikkje dødsfall som følgje av handlingar frå regjeringsstyrkane si side. I 2008 kom det òg til opptøyar i den største byen Nazran, då tryggingsstyrkane slo ned opptøyar frå opposisjonen si side.
Den einaste større byen er Nazran (132 200 ibuarar), som var hovudstaden fram til 2000.
Den største folkegruppa i Ingusjetia er ingusjar. Ifølgje folketeljingane endra den etniske samansetjinga i republikken seg kraftig frå folketeljinga i 2002 til den i 2010 - I 2002 vart det oppgitt at 77,3 var ingusjar og 20,4 tsjetsjenarar. I 2010 var det under ein fjerdedel så stor del tsjetsjenarar, mens delen ingusjarar hadde auka til over 90 %. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ingusjetia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.