Svartedauen

Svartedauen er ei bok av Theodor Kittelsen, utgjeven 1900.

Boka består av femten dikt eller småstykke med prosalyrikk, som er illustrerte med 45 svart-kvitt-teikningar. Boka er utgjeven på J.M. Stenersen & Co.s Forlag, og trykt i Oscar Andersens Bogtrykkeri i Kristiania. Gjennom dikta og teikningane gjev Kittelsen mange bilete av svartedauden, slik han i all si gru og uhygge er blitt kjend for folk gjennom segner og folketradisjon. Mellom anna formgjev han Pesta, personleggjeringa av sjukdommen.

Svartedauen
«Musstad» teikning av Theodor Kittelsen. Mysene rår grunnen etter at pesten har herja

Kittelsen arbeidde med boka om svartedauden samstundes med at Erik Werenskiold starta opp arbeidet med å illustrere Snorres kongesoger, i tida frå 1889 til 1896. Han skreiv sjølv tekstene, men han fekk hjelp av Moltke Moe til å modernisere språket. Tekstene er inspirerte av Norske Folke-Sagn av Andreas Faye (1844). Sjølv om manuskriptet vekte stor interesse, tok det fire år før det vart ferdig trykt.

Svartedauen er rekna som eit høgdepunkt for Kittelsen som svart-kvitt-kunstnar, og boka skal ha ei særstilling i norsk bokkunst.

Innhald

«Høstkvæld»
«Pesta kommer»
«Mor der kommer en kjærring»
«Fattigmanden»
«Hun farer lander rundt»

«Over sjø og elv»
«Soper hver krok»
«Pesta drager»
«Øde»
«Vesle Per og lille Mari»

«Rypa»
«Knut og Thore»
«Musstad»
«Den gamle kirke»
«Tiuren spiller»

Galleri

Kjelder

  • Leif Østby: Theodor Kittelsen, Dreyer 1975 ISBN 82-09-01227-4
  • Theodor Kittelsen: Svartedauen, J.M. Stenersen & Co.s Forlag 1900

Tags:

1900J.M. Stenersen & Co.s ForlagKristianiaPestaSegnSvartedaudenTheodor Kittelsen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KolibriToscanaTorinoJoe BidenTrinidad og TobagoWikimediaBrown Eyed Handsome ManCountryMeisefamilienFlash Gordon av QueenJon FosseJerusalemSverigeNoregJulebukkMurmanskImathíaOr28. marsFredrik IX av DanmarkMuleselGrunnstoffImbitubaFylkesveg 363PåskelamNr.91 StomperudNormandieHeartbreak HotelThe Ragpicker's DreamNATORiksveg 7Albumet Hotel CaliforniaHavreCanadaTsjekkoslovakiaSjøløverÅl i HallingdalByen BremenBrothers in Arms av Dire StraitsTysdagSmuglingLuhansk oblastAsker kommuneHellasSnønipaAsbjørnsen og MoeSionistMenneskekraftMinar-e-PakistanKrag-Jørgensen-rifleKusymreInnsjøar i SverigeEvolusjonPelle og Pysa PiratEPA-traktorKirsti SparboeOckham sin barberknivDet nederlandske koloniriket29. juniDaddelNonWarszawaMaria MenaHufsaRonja RøverdatterBack in the U.S.S.R.Giant's CausewayRobbie WilliamsLove Me av Buddy HollySUVEllen NikolaysenReinVM i friidrett 2023FirkantkurveArve OpsahlBob Marley🡆 More