Heimskringla, og kalla Norske kongesoger, er ei samling av kongesoger nedskriven kring 1220-talet av islendingen Snorre Sturlason (1179—1242).
Sogene byrjar med Ynglingesoga, soga om Ynglingeætta i Sverige (Svitjod). Etter kvart vert hovudsakleg norske kongar frå 900-talet til 1100-talet omtala. Sogene sluttar med at Øystein Øysteinsson Møyla døyr i 1177.
Namnet Heimskringla kjem av opningsorda i verket, «Kringla heimsins», den runde jordskiva. Heimskringla eller dei norske kongesogene har hatt mykje å seia for å skapa ei norsk nasjonalkjensle.
Heimskringla inneheld dei fylgjande sogene:
Den første trykte utgåva av Heimskringla kom i Sverige i Johan Peringskiölds omsetjing til svensk og latin i 1697.
I Noreg vart boka første gong utgjeven av Carl Richard Unger i 1868 (Brøgger & Christie, Christiania). Ho vart utgjeven på nynorsk i 1874-77 i omsetjinga til Steinar Schiøtt.
Ei rad framståande norske kunstnarar vart i 1896–99 inviterte av forleggaren J.M. Stenersen til å laga ei illustrert prakt- og folkeutgåve av Heimskringla. Desse kunstnarane var Christian Krohg, Erik Werenskiold, Halfdan Egedius, Gerhard Munthe, Eilif Peterssen og Wilhelm Wetlesen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Heimskringla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.