Svitjod, samansett av svi (av svea) og tjod (nasjon/folk), er eit gamalt namn på Sverige.
På islandsk heiter Sverige framleis Svíþjóð. Frå Svitjod og kjem det latinske namnet for Sverige: Suethia, Suetia og Suecia. Og dei engelske og tyske namna Sweden og Schweden kjem opphavleg av Svitjod.
Den romerske historikaren Tacitus nemnde i år 98 «svionarane», altså Svitjod sine innbyggjarar. På 500-talet omtalte Jordanes stammefolket suetidi i skildringa Getica. Snorre Sturlasson nytta i Edda namnet Svitjod. I det engelske skaldestykket Beowulf vart eit stammefolk kalla Swēoðēod. Namnet er òg dokumentert på fleire runesteinar, både i Sverige og Danmark. Den svenske mellomalderskrifta Erikskrønika frå 1320-talet fortel om delinga av det svenske riket mellom brørne Valdemar og Magnus. Ifølgje krønika arva Magnus landområdet «Swidhido», noko som har vore tolka som landsdelen Svealand.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svitjod, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.