Ein fiskebanke eller fiskebank er eit grunnare område av ein undersjøisk kontinentalsokkel.
Fiskebankane merkar seg ut gjennom rikare bestandar av fisk enne elles i havområda. Kyst- og havstraumar driv langs kysten og kvervlar ofte opp over dei grunne bankane. Omrøringa i vatnet gjev høg produksjon av plankton og trekker slik til seg større mengder beitande fisk.
Lang norskekysten er det ei rekke fiskebankar av varierande storleik. Fiskeria på nokre av desse bankane har spela og spelar ei viktig rolle for norsk næringsliv og økonomi. Mellom desse fiskebankane finn ein Vikingbanken, Storegga, Røstbanken, Tromsøflaket, Nordkappbanken og nokre av bankane i Barentshavet.
Grand Banks søraustfor Newfoundland har historisk vore dei mest kjende fiskebankane i Nord-Atlanteren.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fiskebanke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.