Milano (it.
Kommunen har 1,3 millionar innbyggjarar, medan det samanhengande byområdet har nesten 3,9 mill. Storbyområdet rundt Milano har 7,4 millionar innbyggjarar, det meste i Italia.
Milano | |||
---|---|---|---|
Katedralen i Milano («Duomo di Milano»). | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins | Italia Lombardia Milano | ||
Grunnlagd | Om lag 600 fvt. | ||
Borgarmeister | Giuliano Pisapia | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By | 182 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik - Byområde - Storbyområde | 1 303 437 7159/km² 3 884 481 7 400 000 | ||
Koordinatar | 45°28′N 09°10′E / 45.467°N 9.167°E | ||
Høgd over havet | +120 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 20100, 20121-20162 | ||
Telefon-retningsnummer | 02 | ||
Nettstad: www.comune.milano.it |
Milano vert rekna som ein av motehovudstadane i verda. VByen er kjend for dei mange motehusa og butikkane (som langs via Montenapoleone) og Galleria Vittorio Emanuele i Piazza Duomo (som ein hevdar er det eldste kjøpesenteret i verda). Byen var vertsby for Verdsutstillinga i 1906 og har søkt om å få vere vertskap i 2015.
Elva Olona renn gjennom Milano.
Ein går ut frå at Milano vart grunnlagt av keltarane i Nord-Italia omkring år 600 fvt., og rundt 222 fvt. underlagt romarane, som gav byen namnet Mediolanum. I det fjerde hundreåret etter vår tidsrekning var byen hovudstad i Vest-Romarriket ei kort tid.
Etter den austgotiske og lombardiske perioden fekk byen på nytt betydning i det 11. hundreåret og leidde uavhengigheitskampen til dei nord-italienske byane mot det tysk-romerske riket. Milano var ein av få byar i Europa som ikkje vart ramma av Svartedauen. I renessansen vart Milano styrt av dei rike familiane Visconti og Sforza, som hadde kunstnarar som Leonardo da Vinci og Donato Bramante i teneste for seg. Etter å ha forsøkt å leggje under seg resten av Nord-Italia i det 15. hundreåret, vart Milano erobra av Frankrike, og deretter av Spania, i tidleg i det 16. hundreåret. På 1700-talet kom Milano under Austerrike.
Napoleon erobra byen i 1796, og gjorde Milano til hovudstad for Den cisalpinske republikken. Etter Napoleon sitt nederlag, gav Wienerkongressen i 1815 Milano og heile Lombardia igjen til Austerrike. Den austerrikske feltmarskalken Radetzky slo kraftig ned femdagarsopprøret i 1848.
Etter Austerrike sitt nederlag mot Sardinia-Piemonte og Frankrike sine styrkar ved Slaget ved Solferino, hamna Lombardia og Milano huset Sardinia-Piemonte under Viktor Emmanuel II i 1859.
Etter første verdskrigen vart Fasci di combattimento (Squadristi) («fascistane») grunnlagt i Milano i 1919. I 1922 la Benito Mussolini ut frå Milano på marsjen sin mot Roma.
Under andre verdskrigen vart Milano sterkt øydelagt av alliert bombing. Byen er derfor i dag svært moderne og framstår som lite italiensk i utsjånaden.
Milano er heimbyen til to store fotballag, AC Milan og Inter Milan.
Byen er hovudkvarter for fleire større motebedrifter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Milano, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.