Toscana

Toscana er ein av tjue regionar i Italia.

Hovudstaden er Firenze, det har eit areal på 22 990 km² og om lag 3,7 millionar innbyggjarar. Toscana er kjend for landskapet sitt og som eit senter for kunst gjennom lange tider. Seks stader i Toscana er på UNESCO si verdsarvliste: Det historiske senteret Firenze (1982), det historiske senteret Siena (1995), Piazza dei Miracoli med Det skeive tårnet i Pisa (1987), det historiske senteret San Gimignano (1990), det historiske senteret Pienza (1996) og Val d'Orcia (2004).

Toscana
region
Toscana
Toscana
Flagg
Toscana
Symbol
Land Toscana Italia
Hovudstad Firenze
Areal 22 987,04 km²
Folketal 3 729 641 (2019)

Toscana
43°21′00″N 11°01′00″E / 43.35°N 11.016666666667°E / 43.35; 11.016666666667
Toscana
Wiki Commons: Tuscany

Geografi

Toscana er ein region sentralt i Italia og grensar til Emilia-Romagna i nord, Liguria i nordvest, Tyrrenhavet i vest, Umbria og Marche i aust og Lazio i søraust. To tredjedelar av regionen er åslendt, medan ein fjerdedel er fjellkledd. Resten består av sletter som dannar dalen til elva Arno.

Toscana 
Kart over provinsane i regionen.

Toscana er delt inn i ti provinsar:

Historie

Appenninske og villanovanske kulturar

Den før-etruskiske historia til området seint i bronse- og jernalderen går parallelt til historia til dei første grekarane. Toscana-området var busett av folk frå den såkalla Appenniniske kulturen seint på 1000-talet fvt. (om lag 1350 til 1150 fvt.) som dreiv handel med den minoiske og den mykenske sivilisasjonen i Egearhavet. Etter dette tok den villanovanske kulturen (1100–700 fvt.) over Toscana og resten av Estruria vart delt mellom høvdingar. Det utvikla seg bystatar seint i den villanovanske perioden før «orientaliseringa» skjedde og etruskarane kom til makta.

Etruskarane

    For meir om dette emnet, sjå Den etruskiske sivilisasjonen.
Toscana 
Castiglioncello nær Rosignano Marittimo. Kvar by har sitt eige etruskiske museum.

Etruskarane var den første store sivilisasjonen i denne delen av Italia og var stor nok til å bygge vegar, drive jordbruk og gruvedrift, i tillegg til å produsere livaktig kunst. Folket som danna sivilisasjonen levde i området (kalla Etruria) langt inn i førhistorisk tid. Sivilisasjonen voks i området mellom elvane Arno og Tiber frå 700-talet fvt. og nådde toppen av på 600- og 500-talet før dei avstod all makt og alle områda sine til romarane ved 1. århundret fvt. Medan dei eksisterte mista dei område til dei omliggande sivilisasjonane Magna Graecia, Kartago og Gallia. Trass i at grekarane skildra dei som eit folk med eigne skikkar og tradisjonar, vart kulturen seinare påverka av både romarane og grekarane som viska ut skilnadane, og etruskarane oppretta mellom anna ein overklasse slik som romarane hadde.

Romarane

Like etter dei hadde tatt over Estruria grunnla romarane byane Lucca, Pisa, Siena og Firenze og gav området ny teknologi og utvikling. Dette inkluderte vegar, akvedukter og kloakkanlegg og bygginga av mange nye bygningar, både private og offentlege. Romarriket kollapsa på 400-talet evt. og gotarar og andre forlet området utan kontroll. På 500-talet kom langobardarane kom til området og gjorde Lucca til hovudstaden i hertugdømet Tuscia.

Mellomalderen

    For meir om dette emnet, sjå Markgrevskapet Toscana.

Mange pilegrimar reiste langs Via Francigena mellom Roma og Frankrike og dette førte til velstand og utvikling i mellomalderen. Dei reisande trengde mat og ly og dette førte til at nye samfunn med kyrkjer og vertshus voks opp. Konflikten mellom Welf og ghibellinarane, som støtta høvesvis Kyrkjestaten og Det tysk-romerske riket sentralt og nord i Italia på 1100- og 1200-talet delte det toskanske folket.

Desse to faktorane gav opphav til mektige og rike kommunar i Toscana: Arezzo, Firenze, Lucca, Cortona, Pisa og Siena. Balansen mellom desse kommunane av goda dei kvar hadde, Pisa hadde ei hamn, Siena hadde ein bank og Lucca hadde ein bank og silke. I renessansen hadde derimot Firenze vorte den kulturelle hovudstaden i Toscana og sikra ei lys og fredeleg framtid for regionen.

Renessansen

Toscana vert rekna som fødestaden til renessansen og den kunstariske arva etter denne perioden finn ein i arkitektur, måleri og skulptur, samla i dusinvis av museumar i byar i heile regionen. Dei mest kjende er kanskje Uffizi og Bargello i Firenze. Toscana var fødestaden til Leonardo da Vinci, Michelangelo og Dante Alighieri («faren til italiensk språk»).

Den moderne perioden

1400-talet annekterte herskarane av Firenze, Medici-familien, dei nærliggjande landområda og oppretta det som i dag er Toscana. Den polske arvefølgjekrigen i 1730-åra enda med at Toscana vart gjekk frå Medici-familien til Frans, den habsburgske hertugen av Lorraine, som vart keisar i Det tysk-romerske riket. Då Napoleon oppløyste dette riket gjekk Toscana til etterfølgjaren Det austerrikske riket. Etter den italienske sjølvstendekrigen i 1850-åra var til slutt Toscana overført frå Austerrike til det nyoppretta Kongedømet Italia.

Toscana 
Typisk landskap frå Val d'Orcia i Toscana.

Demografi

Byar i Toscana med meir enn 50 000 innbyggjarar:

Kommune Folketal (2006 est.)
Firenze 366 901
Prato 183 823
Livorno 160 534
Arezzo 95 229
Pisa 87 737
Pistoia 85 947
Lucca 84 422
Grosseto 76 330
Massa 69 399
Carrara 65 125
Viareggio 63 389
Siena 54 147

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Toscana  Commons har multimedium som gjeld: Toscana
Toscana  Reiseguide for Tuscany frå Wikivoyage

Tags:

Toscana GeografiToscana HistorieToscana DemografiToscana KjelderToscana BakgrunnsstoffToscanaDet skeive tårnet i PisaFirenzeItaliaRegionar i ItaliaSienaUNESCOVal d'OrciaVerdsarv

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

StorbritanniaDet nederlandske koloniriketCarl XVI Gustaf av SverigeCarl LarssonOppland fylkeIslandEarl ScruggsEikefjordPeriferieininga KardítsaAndre verdskrigenJantelovenTorvastad IdrettslagRakettPýliEllipsoideTommeArtemisOksygenAtle HansenKrøllparentesSofádesMotiv i bildeJehovas vitneMiddelhavetArabiskRådyrBukspyttkjertelenSpesifikk varmekapasitetInkarikets fallJorvikTsjasiv JarTwitterVik kommuneKvitveisIltalehtiJohn ScofieldFrozenOperativsystemVesle GaldhøpiggenTuonelaCharlène av MonacoKrigMånenNakenskapMaud av NoregPetter SalstenSilvia av SverigeDet britiske riksvåpenet2024GaukTyrkiaFridomssosialismeLeksikonGhanaLoddeKleopatraStavanger kommuneCelsiusCentral Intelligence AgencyFreddie Mercury2020BrusselBjørnøyaSunndalsøraLemmingElisabeth TerlandJonas Gahr StøreFarkadónaArsenal FCEmma EllingsenChampions League🡆 More