Egearhavet: Hav

Egearhavet (gresk: Αιγαίον Πέλαγος, Aigaion Pelagos) er ein arm av Middelhavet som ligg mellom den greske halvøya og Anatolia (Litleasia, som no er ein del av Tyrkia).

Det er forbunde med Marmarahavet og Svartehavet gjennom Dardanellane og Bosporos.

Egearhavet: Hav
Sattelittbilete av Egearhavet
Egearhavet: Hav
Kart

Etymologi

I oldtida var det ulike forklaringar på namnet til havet. Det vart sagt at det hadde namnet etter ein by; Aegae, etter ei amasonedronning med namn Aegae som drukna i havet, eller etter Aegeus, far til Theseus, som drukna seg i havet då han trudde sonen var død. Ein annan mogeleg etymologi er frå rota Αιγ- (Aeg-) som tyder bølgje, altså bølgja hav som i αιγιαλός (aighialos).

Kultur

Egearhavet var fødestad for to av dei store sivilisasjonane i oldtida — minoarane på Kreta og mykenarane på Peloponnes. Seinare utvikla bystatane Athen og Sparta seg saman med mange andre og danna den greske sivilisasjonen. Egearhavet har seinare vore folkesett av persarar, romarar, bysantinarar, venetianarar, seljuktyrkarar og osmanarar.

Det opphavlege demokratiet vart utvikla rundt Egearhavet.

Øyane i Egearhavet

Øyane i Egearhavet kan delast inn i sju grupper: Thrakiahavgruppa, Dei egeiske øyane, Dei nordlege Sporadane, Kykladane, Dei saroniske øyane, Dodekanesane og Kreta. Ordet arkipelago blei først nytta om desse øygruppene. Mange av øyene i Egearhavet er forlengingar av fjellkjeder på fastlandet.

Mange av øyene har trygge hamner og bukter, men navigasjon mellom dei er generelt vanskeleg. Fleire av øyane er vulkanske, og nokre har rike førekomstar av marmor og jern. Dei største øyane har fruktbare dalar og sletter. To av dei store øyene i Egearhavet høyrer til Tyrkia: Bozcaada (gresk Ίμβρος, Imvros) og Gökçeada (gresk Τένεδος, Tenedos).

Tags:

AnatoliaBosporosDardanellaneGreskHellasLitleasiaMarmarahavetMiddelhavetSvartehavetTyrkia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ThoriumkraftverkKvit skogfrueWikipediaMellomalderenTromsø kommuneFinnøyMykolas AleknaAli Baba og dei førti røvaraneSovjetunionenNamnedagLygraTalordRagnhild BrochmannSamleieHjortetakksaltCalimaSolfridDet internasjonale fonetiske alfabetetPreben nesAndRaude hundarRunerPersiskBrunSofie MarhaugRusslandElon MuskKarinIrakSverd i fjellHistorisk oversyn over kommunar i HordalandKirsti SparboeOktoberrevolusjonenTsjekkiaTadsjikistanOttomanStavanger kommuneThe 2nd LawJonsokChampions LeagueAluminiumKirgisistanSalman RushdieOslolosenStorrobiniaMerima Maja BrkicLivssynshumanismeSvovelkisMolde kommunePortugisiskKyprosStorbritanniaZürichVælerenSkogfinnarApeSudanEstlandLeptokaryáMistralvindOrMeter per sekundNord-AmerikaTromsø2024ØrnUrfolk i USAOlivia RodrigoJørgen KosmoKabaVietnamesiskSpesifikk varmekapasitetVårsandbieIngvild KjerkolKommunar i Noreg🡆 More