Elisabeth Terland (fødd 28.
juni">28. juni 2001) er ein norsk fotballspelar som spelar for den engelske klubben Brighton & Hove Albion og det norske landslaget.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 28. juni 2001 | ||
Fødestad | Noreg | ||
Posisjon | Angrep | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Brighton | ||
Nummer | 11 | ||
Ungdomsklubbar | |||
Nærbø Bryne | |||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
2016 | Bryne | 3 | (2) |
2017–2020 | Klepp | 65 | (20) |
2021–2022 | Brann | 32 | (15) |
2022– | Brighton | 6 | (1) |
Landslag | |||
2016 | Noreg J15 | 3 | (0) |
2017 | Noreg J16 | 5 | (3) |
2017–2018 | Noreg J17 | 15 | (3) |
2018–2020 | Noreg J19 | 20 | (4) |
2021– | Noreg | 21 | (6) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 8. november 2022 ‡ Landslagsmål oppdatert 8. november 2022 |
Terland byrja karrieren sin i Nærbø Idrettslag før ho som 13-åring gjekk til Bryne Fotballklubb. Der spela ho med aldersbestemte guttelag og fekk også nokre kampar for kvinnelaget i 3. divisjon. Ho var allereie på dette tidspunktet sett på som eit av landets største talentar i sin årsklasse.
Etter å ha hospitert fast med laget over lengre tid vart det i desember 2016 kjent at Terland hadde signert for Klepp. 15 år gammal debuterte ho i Toppserien, 17. april 2017, då hun starta i serieopninga mot LSK Kvinner. I 2018 var ho med å ta ein sterk andreplass og sølv i Toppserien med Klepp. Terland spela fast for Klepp i Toppserien, var sentral på juniorlaget samstundes som ho var fast inventar for dei norske juniorlandslaga. Det enda med at ho i april 2019 pådrog seg ein belastingsskade som sette ho ut av spel i flere månader. Terland kom tilbake på banen på hausten og var med å sikre bronse til Klepp. I ei kåring i Aftenposten vart ho i 2019 kåra til det største talentet på kvinnesiden i norsk fotball.
I november 2020 annonserte Sandviken at dei hadde signert Terland og lagvenninna Tuva Hansen frå Klepp. Der var ho med å ta den fyrste seriemeisterskapen til klubben i Toppserien 2021. I januar 2022 vart ho plukka ut på UEFAs liste over ti kvinnelege fotballspelarar å sjå opp for i 2022. Ho vart historisk 20. mars 2022, då ho i serieopningna mot Røa scora det fyrste offisielle målet til Brann Kvinner nokosinne.
1. august 2022 vart det kjent at Terland hadde skrive under ein toårskontrakt med Brighton i Women's Super League.
Terland har landskampar for J15, J16, J17, J19 og det norske A-landslaget.
I sin fyrste landskamp med J15-landslaget mot Sverige i 2016 viste Terland seg fram med to målgjevande.
Terland var med i den norske troppen til U19-EM i Skottland 2019.
I oktober 2019 vart Terland teken ut på A-landslaget for fyrste gang. Debuten kom 8. april 2021 mot Belgia då ho kom inn for Amalie Eikeland. Ho vart teken ut i den norske troppen til EM i England 2022.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Elisabeth Terland, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.