Bryne Fotballklubb

Bryne fotballklubb vart stifta 10.

april">10. april 1926 frå Bryne i Rogaland. Herrelaget speler i 2. divisjon avdeling 2 (2020). Noverande hovudtrenar er Gaute Larsen.

Bryne
Fullt namnBryne Fotballklubb
KallenamnJærens superlag
Grunnlagd10. april 1926
HeimebaneBryne stadion
(kapasitet: 10 000)
StyreleiarPreben Aamodt
HovudtrenarGaute Larsen
SupporterklubbB-Gjengen
LigaOBOS-ligaen
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Heimedrakt
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bryne Fotballklubb
Bortedrakt
Bryne Fotballklubb Noverande sesong
Bryne Fotballklubb
Mons Ivar Mjelde var Bryne sin hovudtrenar i 2009.
Foto: Jarle Vines

Stadionet til Bryne er Bryne stadion og har ein tilskodarkapasitet på 10 000 (2 507 seter), avgrensa til 3 500. Publikumsrekorden vart sett i 1980 mot erkerival Viking, då det var 13 621 tilskodarar på stadion.

Dei største merittane til klubben er cupsigeren i 1987 etter mål av trønderen Kolbjørn Ekker, og seriesølv i 1980 og 1982. Klubben spelte i 1. divisjon (tilsvarande Tippeligaen) frå 1976 til 1988. Klubben rykte opp til eliteserien hausten 1999, men rykte ned att til 1. divisjon i 2003.

Historie

Mørketida

Klubben var i 1. divisjon (tilsvarande eliteserien) frå 1976 til 1988. Perioden 1989-99 blir gjerne kalla for mørketida eller ørkenvandringa i klubbhistoria. Trass i fleire gode framstøyt med namngjetne spelarar i rekkene lukkast det aldri heilt denne tiårsperioden. Omgrepet «Haustsprekken» blei lansert som ein forklaringsmodell av lokale ekspertar, ettersom Bryne ofte leia tabellen i suveren stil etter vårsesongen, for dernest å detta nedover tabellen på hausten. Men så, etter 10 år i kjellaren, rykte klubben opp igjen til eliteserien hausten 1999.

Comeback i Tippeligaen

For ein liten klubb som Bryne blei det ein tøff retur til den norske toppdivisjonen. Kvar sesong var ein kontinuerleg kamp for å unngå nedrykk. Men trass i at laget kvart år blei tippa ned av ekspertane klorte dei seg fast. Spelestilen var kjenneteikna meir av fysisk styrke enn av teknisk finesse; eit kjennemerke som gjorde Bryne lite populære i Fotball-Noreg. Etter fire sesongar, der 2002 utmerka seg i positiv forstand, måtte klubben ta den tunge vegen ned i 1. divisjon hausten 2003. Med seg på vegen fekk dei den tvilsame æra av bli det første toppserielaget nokonsinne som tapte alle bortekampane.

Sesongen 2007

Klubben enda i 2006 på sjette plass i Adeccoligaen etter ein skuffande sesong, som kulminerte med at Magnus Johansson trekte seg frå stillinga som hovudtrenar. Hans Olav Frette tok over ansvaret ut sesongen.

Sesongen 2008

Etter fleire forsterkingar og eit styrkt sportsligapparat før 2008-sesongen skulle Bryne kjempe i toppen av Adeccoligaen denne sesongen då det var heile tre plassar med direkte opprykk. Rolf Teigen vart henta inn som hovudtrenararen som skulle bringe Bryen opp i det gjævaste selskapet, saman med han hadde klubben òg Frode Olsen (sportsjef), Kurt Hegre (keepertrenar) og Erik Fuglestad (spelarutviklar). Store delar av sesongen vart ein kamp i botnen. Forventningane var større både blant spelarar og tilhengjarar, og klubben måtte kutte i budsjettet pga. tapte inntekter som følge av den svake sesongen.

2. september 2008 vart sportssjef Frode Olsen sparka, like etter vart keepertrenar Kurt Hegre permittert på grunn av dårleg økonomi. I tillegg forsvann høgtløna Håvard Sakariassen til Bodø/Glimt. Fleire kritiserte styret og trenar Rolf Teigen for den svake sesongen, men spelarane støtta trenarapparatet, og tok sjølvkritikk.

Sesongen 2009

Mons Ivar Mjelde tok over Bryne i 2009-sesongen. Den 22. november 2009 vart Tommy Bergersen klar som ny Bryne-trenar etter at Mjelde gav seg etter sesongen 2009

Sesongen 2011

Roger Eskeland la opp som fotballspelar.

Prestasjonar

  • Cupen:
    • Gull (1): 1987
    • Sølv (1): 2001
  • Sesongar i øvste divisjon:
    • 15

Cupmeistrar for Bryne 1987

Lars Gaute Bø, Kolbjørn Ekker, Bjørn Gulden, Leif Rune Salte, Roar Pedersen, Hugo Hansen, Tor Fosse, Paal Fjeldstad, Arne Larsen Økland, Børre Meinseth, Jan Madsen, Geir Giljarhus, Stig Norheim, Paul Folkvord, Kjetil Sigurdsen, Bjarne Lodden.

Klubbrekordar

Flest mål scora for Bryne

Spiller Mål
Johannes Vold 274
Odd H. Sirevaag 257
Gaute Skrudland 206
Martin Thu 201
Gabriel Høyland 168

Bryne i europacupen

  • 1981 – 1. runde KFC Winterslag 0-2 (h) 2-1
  • 1983 – 1. runde RSC Anderlecht 0-3 (h) 1-1
  • 1988 – kvalifiserande runde Spartacus Elore, Bekescsaba 0-3, 2-1 (h)

Kjende spelarar

Bryne Fotballklubb 
Roger Eskeland
Foto: Jarle Vines
 

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Bryne Fotballklubb HistorieBryne Fotballklubb PrestasjonarBryne Fotballklubb KlubbrekordarBryne Fotballklubb Flest mål scora for BryneBryne Fotballklubb Bryne i europacupenBryne Fotballklubb Kjende spelararBryne Fotballklubb KjelderBryne Fotballklubb BakgrunnsstoffBryne Fotballklubb10. april1926BryneGaute LarsenRogaland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SupermannRudolf BlodstrupmoenPokljukaLibanonKvigePeter Wessel TordenskjoldTre Små KinesereAlice CooperHarald V av NoregDet osmanske riketCarl Philip av SverigeInternettMonogamiFareskiltMagnesiumÅheimSkypeLen i SverigeVaktlarPlantarVinter-OL 2014Biologisk familieClement AttleeVevdesignEiffeltårnetDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenSiamDavid Ben-GurionFribyAndre verdskrigen2024Kjetil André AamodtRusslandAmund SkiriGeorg Friedrich HändelNM i fotball for kvinnerFreddie MercuryIntellektuellAntoinette de JongAusterrike-UngarnMidsommarKopparHjartøyaBrennverdiSurinam1450NordmøreRhinenPandaRaphaël PoiréeAstatVasilij P. RotsjevDet ukrainske alfabetetISBNSverigeBloggSunnmøreJohann Sebastian BachBokstaveringsalfabetAre KalvøGramLagerthaDeventerUTCRokadeRobin WilliamsTrude DrevlandPartnarskap for fredBritisk rockOlav V av NoregNe me quitte pasEvangerMarit BjørgenErik Andersen🡆 More