Internett

Internett er eit verdsomfattande ope datanett basert på protokollane TCP/IP.

Datamaskinar, smarttelefonar og andre digitale einingar kan kopla seg til dette nettet. I 2021 hadde litt over 50 prosent av folka i verda tilgang til Internett. I Noreg har kring 90 prosent av innbyggjarane slik tilgang.

Internett
Kart over sambanda i éin del av Internett.

Internett har røter i forsking frå 1960- og 1970-tala ved DARPA, ei avdeling av det amerikanske forvarsdepartementet, som førte til etableringa av datanettet ARPANET. I byrjinga batt ARPANET saman regionale akademiske og militære datanett i USA, men snart vart fleire andre datanett kopla til. Det var tilkoplinga av kommersielle nettverk innan det tidlege 1990-talet og framkoma av verdsveven som markerte overgangen til det moderne Internett. Sidan har fleire og fleire maskiner vorte kopla til Internett, og med kommersialiseringa av Internett, påverkar det så å seie alle delar av moderne liv.

Internett har forma om eller erstatta mange tradisjonelle kommunikasjonsmedium, som telefon, fjernsyn, post og aviser, gjennom tenester som verdsveven, e-post, IP-telefoni og strøyming. Netthandel har vakse raskt, og nettbutikkar som berre sel varer via Internett har utvikla seg.

Internett er eit nettverk av datanett. Det finst inga sentral styring av teknologi eller retningsliner for tilgjenge og bruk av Internett. Kvart datanett innafor Internett vel sine eigne reglar. Forvaltinga av dei to sentrale mengdene med namn, IP-adresser og domenenamn, vert samordna av den ålmennyttige Internet Corporation for Assigned Names and Numbers (ICANN), og Internet Engineering Task Force (IETF) har ansvaret for dei underliggande tekniske normene.

Kjelder

Internett  Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

DatamaskinIPOpe nettTCP

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PalauMånenTommeSiderHaakon Magnus av NoregSnikkarHasardDet franske koloniriketSixteen TonsClaus JervellPeriferieininga KardítsaSpekkhoggarHalsnøybåtenAndNM i bryting 1974Aust-ArjithéaRaimbaut d'OrangeKjerringa med stavenAlf-Inge HålandPeter BoszTidslinje over norsk historieOdd NordstogaSamvirkelagDas KapitalAbdusamet YigitHardingdialektNautisk milGorgopótamosLímni PlastíraFeilslutningStatsreligionHar SedomStavanger kommuneArtemisDet tredje riketPhobos i gresk mytologiLavaKommunevåpen i NoregBrunThessalíaEiffeltårnetPetter DassUTCPetter NorthugInsulinMartin ØdegaardOrbitalKrag-Jørgensen-rifleAkhelóos i KardítsaSørøya i FinnmarkMøre og Romsdal fylkeSjøløverEllen DeGeneresBM-21MiddelhavetDamplokomotivJonas Gahr StøreVaktelMount EverestMaiTermisk diffusivitetDen muslimske verdaRussisk litteraturGonzález IslandTromsø kommuneE-postTeknologiLiberalLundefuglPOSIXLoddeStareØresundbruaSoparVictoria av Storbritannia🡆 More