Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken

Den saharawiske arabiske demokratiske republikken (SADR) (arabisk: الجمهورية العربية الصحراوية الديمقراطية) vart grunnlagt 27.

februar 1976 i Bir Lehlou av Polisario. SADR har i dag råderett over det austlege Vest-Sahara, omtrent ein tredel av det territorielle kravet sitt. Statsoverhovudet til republikken er president Brahim Ghali. Hovudstaden er El Aaiún, men Bir Lehlou i dei Polisario-kontrollerte områda fungerer som mellombels hovudstad sidan El Aaiún er okkupert av Marokko. Tindouf-leirane i Algerie er de facto hovudstad.

Republikken vart erklært dagen etter at kolonimakta Spania offisielt trekte seg ut av territoriet. I realiteten hadde Spania overlate området til Marokko og Mauritania då dei invaderte landet i slutten av oktober 1975. I krigen mellom SADR og Marokko/Mauritania vart Mauritania slått i 1979. Saharawiske styrkar hadde tatt store delar av Mauritania og sto utanfor hovudstaden Nouakchott. Regjeringa vart tvinga til å gå av og Mauritania anerkjente SADR og gav avkall på alle krav på Vest-Sahara.

Republikken er offisielt anerkjent av 41 land verda over, men har ulike relasjonar med fleire og er fullverdig medlem av Den afrikanske unionen. USA og Dei sameina nasjonar har ikkje anerkjent republikken. Jugoslavia var einaste europeiske land til å anerkjenna SADR. SADRs næraste allierte er Algerie og Sør-Afrika.

Utanrikspolitikk

SADR har i tillegg til ambassadar i land dei har fulle diplomatiske band med, representantar i ei rekke land i verda. Brahim Mojtar er representant for Noreg, Sverige og Finland, med base i Stockholm.

Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken 
Oversyn over SADRs diplomatiske band

Nasjonale høgtidsdagar

Date Name Hending / merknad
27. februar Uavhengighetsdag Fråsegn av SADR i Bir Lehlou, 1976
10. mai Etablering av Polisario Etablert 1973.॥॥73.
20. mai 20. mai-revolusjonen Starten på væpna motstand mot Spania i 1973
5. juni Dagen for dei forsvunne Til minne om forsvunne saharawier
9. juni Martyrdagen Dødsdatoen til El-Ouali Mustapha Sayed i 1976
17. juni Zemla Intifada Harakat Tahrir opprør i El Aaiún, 1970
12. oktober Dag for nasjonal eining Feiring av Ain Ben Tili-konferansen, 1975

Norsk tilhøve til SADR

Noreg har ikkje anerkjent republikken, men mange av ungdomspartia og nokon av partia i Noreg har i 2007 og 2008 vedtatt at dei ønsker anerkjenning:

Politiske parti

  • Senterpartiet krev at Noreg følgjer Den afrikanske union og formelt anerkjenner den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk.
  • Sosialistisk Venstreparti SV vil at Noreg anerkjenner den Saharawiske arabiske Demokratiske Republikk.
  • Venstre krev at Noreg anerkjenner den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk som sjølvstendig stat.
  • Holmlia Arbeiderparti vil be Regjeringa følgje LOs råd og anerkjenna den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikk (SADR). Utsegn vedtatt av medlemsmøte 11. april 2007
  • Raudt krev at den norske regjeringa snarast går ut med ein heider av Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken (SADR), den siste kolonien på det afrikanske kontinentet, og opprettar diplomatiske samband med Polisario.

Ungdomsparti

  • Arbeidaranes ungdomsfylking krev at Noreg anerkjenner Den saharawiske arabiske demokratiske republikk.
  • KrFU krev at Noreg følgjer mellom anna Den afrikanske union og anerkjenner den Saharawiske arabiske demokratiske republikk som ein sjølvstendig stat.
  • Senterungdommen krev at Noreg anerkjenner Den saharawiske arabiske demokratiske republikk som sjølvstendig stat.
  • Sosialistisk Ungdom (SU) krev at regjeringa anerkjenner Den saharawiske arabiske demokratiske republikk som sjølvstendig stat.
  • Unge Høgre krev at Noreg følgjer Den afrikanske union, og anerkjenner Den saharawiske arabiske demokratiske republikk som ein sjølvstendig stat.
  • Unge Venstre krev at Noreg anerkjenner Den saharawiske arabiske demokratiske republikk som sjølvstendig stat.

Les meir

Kjelder

Tags:

Den Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken UtanrikspolitikkDen Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken Nasjonale høgtidsdagarDen Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken Norsk tilhøve til SADRDen Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken KjelderDen Saharawiske Arabiske Demokratiske Republikken1976AlgerieDe factoEl AaiúnVest-Sahara

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EngelskHarry HoleGjærNederlandskOsloCoca-ColaIolkósØKalkulusByar i OmanKenth EldebrinkEtanBrødskiveSnikkarDet franske koloniriketCelina MidelfartKlima i CanadaDet norske flaggetPer SpelmannHenrik II av EnglandIsOzzy OsbourneKathakaliFranskMuhammedCarles PuigdemontJordskorpeplateStian AasenFaryngittRakiaPodsolSpesifikk varmekapasitetBrennverdiLarvik kommuneNo-dramaLBergen kommuneSamvirkelagDigitalMeteoraSoparHavørnDet indiske kastesystemetKirkeristenDen islamske statenKyle WalkerNazismeNorske kommuneblomarHelena BrodtkorbAdministrativ inndeling i HellasKattNazistDen austerrikske arvefølgjekrigenGarden KatthultNato-alfabetetDurgaJa, vi elsker dette landetSeladonMartin ØdegaardPOSIXKleopatraXboxSyndikalismeOboFlåklypa Grand PrixROBEKHellas i antikkenBuskerud fylkeTuonelaJernMetéora i TríkalaRomandieMerlionHepatitt C-virusSjuårskrigenAustralia🡆 More