Det Indiske Kastesystemet

Det indiske kastesystemet er den kastestyrte samfunnsordninga som har utvikla seg i India gjennom fleire tusen år.

Dette er eit system som er nedfelt i hinduskrifter, tradisjonar og lovtekstar, men også forsøkt endra gjennom aktivisme, lovverk og religiøse reformer. Liknande system er utbreidde over heile Sør-Asia og tildels i sørasiatiske utvandrarmiljø.

Det Indiske Kastesystemet
Illustrasjon frå verket Seventy-two Specimens of Castes in India som viser typisk klesdrakt for mann og kvinne frå skomakarkasten i Madurai.

Den religiøst baserte grovinndelinga av samfunnet inneheld fire kastegrupper kalla varna ('farge'): Bramin ('prest/lærd'), ksjatrya ('krigar'), vaisjya ('handverkar') og sudra ('tenar'). Denne inndelinga går på tvers av geografiske og språklege linjer. Men medlemmene i kastesamfunnet høyrer også til mindre grupper, ofte kalla jati, som er tilknytte særskilde stader, yrke, språk- eller folkegrupper. I det tradisjonelle kastesystemet gifta ein seg nesten berre innanfor desse gruppene, og følgde levesettet til sin jat.

Kasteordninga er særleg tett bunde til hinduismen, men finst òg blant dei andre religiøse gruppene i Sør-Asia. Kastane er nemnde i buddhistiske tekstar som brāhmaṇa, khattiya, vessa og sudda, men den siste er ofte utelaten. Buddha sjølv meinte at kaste ikkje var relevant for andeleg utvikling.

Lovgjeving har sidan sjølvstendet i 1947 forsøkt å betra høva for lågkastene. I moderne bysamfunn har også utdanning, media, moderne arbeidsliv og politikk ført til at kaste har mindre tyding enn hadde tidlegare, men på landsbygda og i visse samanhengar (forhold, ekteskap, politikk og liknande) kan det framleis vera særs relevant.

Sjå òg

Kjelder

Det Indiske Kastesystemet  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

HinduismenIndiaKasteSamfunnSør-Asia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Das KapitalGlimmerBoge i arkitekturenJordaBygdedyretStrilamålNakenskapParisCristiano RonaldoDen raude plassenAlderspensjonVisentJordskorpeplateMorfemArabiskTorvastad IdrettslagIdrettshallTrøndelag fylkeIngrid Alexandra av NoregOmanbuktaPeriferieininga SporadaneDurgaSystem of a DownIranDet amerikanske flaggetAfrikaSunnmøreSnikkarHarry HoleBrunSola kommuneLewis CapaldiKristiansund BallklubbCarles PuigdemontGhanaKari BakkeFelix MendelssohnPeter Wessel TordenskjoldMiddelhavetDet franske koloniriketKristopher SchauLamíaBuLarvik kommuneØresundbruaFRIKAR dance companyMidsommarAlta-Kautokeino-vassdragetMarit BjørgenEvnukkSki-VM 2019LoddeNoregAndre pinsedagIsInsulinSpesifikk varmekapasitetEngelskAustraliaMoskvaCarl LarssonEuropaTwitterJan MayenNasjonaldraktMjøsaOlivettiHlíðarfjallHarald EiaUrfolkMotiv i bildeVesle GaldhøpiggenOslo kommuneO helga nattKommune🡆 More