Bramin eller braman (sanskrit bráhmana) er i hinduismen ein prest og medlem av den høgste av dei fire sosiale klassene, varna, i det gamle indiske samfunnet.
Braminane, som var dei einaste som var fylt av den mystiske kraften brahman, var sjølvskrivne som prestar og hadde ein viktig rolle ved offerhandlingane. Gjennom tidene har dei vore viktige berarar av indisk kultur, og braminar har utmerkt seg både som politikarar, diktarar og lærde. Jamvel om braminane klarte å overvinne faren som ei stund truga dei frå buddhismen, vart maktgrunnlaget deira rokka i samband med det muslimske og seinare britiske herredømet i India. I dagens India har braminane derimot framleis innverknad.
Det er braminane som har utforma det indiske kastesystemet, og i teorien gjeld dei framleis som den mest høgsette kasten, som «gudar på jorda». I røynda er braminane del av mange ulike kastar, og arbeidet dei gjer varierer mykje.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bramin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.