Store Norske Leksikon: Norsk leksikon

Store norske leksikon (forkorta SNL) er eit leksikon som no blir utgjeve på Internett, men opphavleg var eit bokverk i fleire band.

Det var tidlegare berre på bokmål, men artiklar i verket blir i dag publisert i båe målformer.

Store norske leksikon
Store Norske Leksikon: Norsk leksikon
Språkbokmål, nynorsk
Blei til1978
Sjangerensyklopedi

Store norske leksikon oppstod i 1978, då forlaga Aschehoug og Gyldendal slo saman leksikonverksemdene sine og etablerte Kunnskapsforlaget.

Det er estimert at det er selt 270 000 sett av leksikonet som bokverk, og at omsetninga til saman var over 2 milliardar kroner. Førehandssalet av Store Norske tok til i 1978, og vart på over 30 000 sett. Så seint som i 1995 vart det selt 10 000 sett årleg, og Kunnskapsforlaget hadde eit overskot på 20 millionar kroner.

Nedgangen i kommersiell leksikonbransje på 1990-talet ramma Kunnskapsforlaget hardt, og lenge var det tvil om dei ville klare å gje ut ei fjerde papirutgåve av leksikonet. Etter at stiftinga Fritt Ord løyvde ti millionar kroner i 2003 sette utgjevaren i gang produksjonen, og forlaget hadde i februar 2006 selt 7 500 sett av leksikonet.

Den fjerde utgåva av SNL kom ut frå januar 2005 til april 2007 i 16 band, på om lag 12 000 sider og med om lag 150 000 artiklar. Verket har 2 000 tabellar, 800 kart og 15 000 illustrasjonar.

SNL kom i nettutgåve frå 2000, og fekk etter kvart fleire hundre tusen private brukarar og institusjonsbrukarar. På grunn av svikt i annonseinntektene vedtok eigarane i mars 2010 å avvikle drifta av nettstaden storenorskeleksikon.no med verknad frå 1. juli 2010. Kunnskapsforlaget ville heretter konsentrere seg om å gje ut ordbøker.

Stiftinga Institusjonen Fritt Ord og Sparebankstiftelsen DnB NOR (no Sparebankstiftelsen DNB) overtok nettleksikonet snl.no frå 1. juli 2010 og etablerte ein modell der universiteta, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Det Norske Videnskaps-Akademi deltok.

Hausten 2014 vart nettleksikonet omorganisert frå å vere eit aksjeselskap til å verte ei foreining, Foreningen Store norske leksikon, der det økonomiske grunnlaget vart sikra ved medlemskontingent frå medlemane. Institusjonen Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Det Norske Videnskaps-Akademi, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, universiteta i Noreg og fleire høgskular har meldt seg inn i foreininga, som òg ynskjer andre viktige kunnskapsinstitusjonar som medlemar. Leksikonet vert såleis knytt til dei viktigaste kunnskapsinstitusjonane i Noreg, og dette skulle kunne kombinere høg kvalitet med ein trygg økonomi.

Anne Marit Godal var dagleg leiar og hovudredaktør for SNL frå våren 2011. Erik Bolstad tok over som sjefredaktør i 2016.

Papirutgåver

Store Norske Leksikon: Norsk leksikon 
Siste utgåve av Store norske leksikon på papir kom 2005–2007
  • 1978-1981 1. utgåve i 12 band, hovudredaktørar: Olaf Kortner, Preben Munthe, Egil Tveterås
  • Supplementband 1984
  • Supplementband 1989
  • 1986-1989 2. utgåve i 15 band, hovudredaktørar: Olaf Kortner, Preben Munthe, Egil Tveterås
  • 1995-1998 3. utgåve i 16. band, redaktør Petter Henriksen
  • 2005-2007 4. utgåve i 16. band, redaktør Petter Henriksen

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

BokmålInternettLeksikon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HovudsideTorgeir Knag FylkesnesParlamentarismeEuropeisk ålPlaneten JupiterDen russiske bjørnen17. aprilProfesjonIngvild KjerkolBioteknologiCarl LarssonLokeDet ukrainske alfabetetStalinismeVerdsdelDet Bergenske DampskibsselskabJonsokEgyptArs Moriendi, eller De syv dødsmåterDen julianske kalenderenPresident i FinlandChampions LeagueKvargJoachim av DanmarkFrode GryttenGoogle MapsKrøllalfaMyrullDompapMarco PoloByggSnåsa kommuneMachu PicchuPronomenJernsulfatHjørundfjordenDiktMosesIngjald Ørbeck SørheimParagrafMS «Venus» (1931)Kristian IV av Danmark-NoregAB PartnerJan-Olav IngvaldsenFramstegspartietØrsta kommuneCarles PuigdemontHollandIngrid Alexandra av NoregSang til BergenDekarMexicoPetter ThoresenDag HammarskjöldMogopAustvågøyInformasjonskapselNynorsk WikipediaFugløyaKorallOppdrag SognefjordenLinda EideSikhismenJa, vi elsker dette landetSusanne SundførNettlesarNew York byEtanDet skeive tårnet i PisaGina GogeanPrositOboKommunisme🡆 More