Trymskvida (norrønt Þrymskviða) er eit eddadikt som skildrar den morosame soga om jotunen Trym som stel hamaren Mjølner frå guden Tor, og om korleis Tor får hamaren attende.
Forskarane er ikkje einige om kor gammalt diktet er. Nokre trur at det er ein ung kristen parodi på dei gamle gudane.
Tor vaknar ein dag og finn ikkje Mjølner. Han ber Loke å finna ut kven som har stole han. Loke flyg til Jotunheimen og finn jotunen Trym. Trym seier at han har stole Tor sin hamar og:
|
|
Gudane talar med Frøya og får vita at ho aldeles ikkje vil gifta seg med Trym. Dei held da møte til å finna ut korleis dei kan hitta hammaren. Heimdall har eit forslag:
|
|
Kledd som Frøya fer Tor no til Jotunheimen med Loke kledd som ei terne. Trym held bryllaup med forkunnmat og Tor et umåteleg mykje. Trym vert mistenksam men Loke gjev han ei forklaring som han går med på:
|
|
Seinst lèt Trym bera inn Mjølner til å vigja brura. Då Tor kjenner hamaren sin drep han Trym og all hans ætt.
Soga om Tor si brureferd har vore folkekjær i Norden gjennom tida. Om lag 1400 var rímur-diktet Þrymlur skapa i Island, det skildrar den same soga som Trymskvida. Noko seinare vart truleg den fyrste Torsvisa dikta i Noreg og sidan breidde ho seg ut til Sverige og Danmark. I ei norsk oppskrift frå kring 1750 lyder den fyrste strofa slik:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Trymskvida, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.